Ymse
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 20.06.2024
Representanten Jo Kjetil Strand (FRP) hadde følgjande spørsmål:
1) Fitjar kommune har lang sakshandsamingstid for mindre reguleringsendringar, kva er normal behandlingstid for dette?og kva plan har Fitjar kommune for hus ein eig i lag med hotellet når hotellet vert selt?
2) No når hotellet er lagt ut for sal, har kommunen ein plan for huset ein eig saman med hotellet?
Konstituert kommunedirektør John Karsten Raunholm svara:
1) Det er vanskeleg å oppgi normal behandlingstid. Plan- og bygningslova har reglar for fristar. Behandling av reguleringsforslag skal skje innan 12 veker, jf. § 12-11. Det kan avtalast annan frist (typisk lengre frist). Pbl § 12-14, som er bestemmelsen som gir reglane om forenkla prosess, har ingen fristregel, denne gjeld eigentleg berre delegering
2) For Fitjar kommune sin del var det viktigast å sikra seg strandlina for eigedomen med tanke på realisering av strandpromenaden. Huset/eigedomen vert eigd 50/50 mellom Fitjar fjordhotell og Fitjar kommune. Fitjar fjordhotell betaler alle kostnader (straum, forsikringar, renovasjon etc. for bygningsmassen). Når ny eigar for hotellet er på plass vil Fitjar kommune gå i ein dialog med tanke på vidare utvikling av eigedomen.
Representanten Kristian Skumsnes (SP) hadde spørsmål om sjukefråværet i Fitjar kommune.
- konstituert kommunedirektør John Karsten Raunholm orienterte om at sjukefråværet no er 11,8 %, målet er å vera under 7,5 %, skal setja i gong sjukefråværsprosjekt hausten 2024.
Representanten Rune Helland (KRF) hadde spørsmål om lovlighetskontroll av deler av budsjett for 2024.
- konstituert kommunedirektør John Karsten Raunholm orienterte, har fått brev frå Statsforvaltaren datert 19.6., der dei spør etter fleire opplysingar, dette vert svara ut i neste veka.
Ordførar Wenche Tislevoll (H) orienterte om:
- Kulturhistorisk tursti, Toralv Røen har oppgradert infotavler
- Fitjarstølane barnehage vert klar til oppstart tidleg i august
- KPA, styringsgruppa har før ferien gått gjennom alle innspel. Ynskjer dialogmøte med Statsforvaltaren i august/september
- deltok på avslutningsfest for 10. klasse 18. juni
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.