Krav om ekstraordinært kommunestyremøte - ny handsaming av sak om mottak av flyktningar KS 16/24
Vedtak
Kommunestyret tek ikkje sak KS 16/24 Mottak av flyktningar, opp til ny handsaming.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 02.05.2024
Ordførar Wenche Tislevoll (H) orienterte om bakgrunn for saka. Representantar frå opposisjonen gjorde greie for deira syn på saka. Representanten Jo Kjetil Strand (FRP) la føre følgjande framlegg til vedtak:
Kommunestyret tek ikkje sak KS 16/24 Mottak av flyktningar, opp til ny handsaming.
Representanten Rune Helland (KRF) la føre følgjande framlegg til vedtak:
Fitjar kommunestyre viser til sak KS 16/24 og endrar punkt 1 av vedtak til:
Fitjar kommune tek imot 25 flyktningar i 2024. Familiesameining kjem utanom. Mottak av flyktningar skal gjennomførast i tett dialog med Imdi for å sikra at kommunen kan gje dei som kjem best mulig tilbod tilpassa kommunen sitt mottaksapparat. Kommunestyret drøfta saka. Møtet vart heva for gruppemøte. Ved røysting vart framlegga sett opp mot kvarandre. Framlegget frå representanten Strand (FRP) fekk 9 røyster (H, FRP og INP). Framlegget frå representanten Helland (KRF) fekk 8 røyster (KRF, AP og SP), og fall. Det ligg etter dette føre slikt vedtak:
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.