Ymse
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 02.05.2024
Representanten Ragnhild Prestbø (H) hadde spørsmål om samarbeid mellom Fitjar brann og redning, og Fitjar legesenter. Konstituert kommunedirektør John Karsten Raunholm orienterte.
Representanten Jo Kjetil Strand (FRP) hadde følgjande spørsmål
1. Fitjar kommune har lang sakshandsamingstid for mindre reguleringsendringar, kva er normal behandlingstid for dette?
2. No når hotellet er lagt ut for sal, har kommunen ein plan for huset ein eig saman med hotellet?
3. Vegen i Dalen, kva tid er den klar?
Konstituert kommunedirektør John Karsten Raunholm svara på spørsmåla:
1. Orienterer om sakshandsamingstid i neste møte i kommunestyret
2. Dette vart kjent i dag, sjekkar opp og gir tilbakemelding
3. Orienterte om status for arbeidet - tiltak er avklart, legge ut på anbod, setje opp kostnadskalkyle og leggja fram politisk sak
Representanten Karsten Helland (FRP) peika på trafikktryggleiken ved steinblokk som står nær vegen mellom hotellet og brannstasjonen.
Representanten Rolf Atle Rolfsnes (KRF) hadde spørsmål om hjartesone og trafikktryggleik rundt skulane, er det planar for at det skjer noko med dette?
- etatssjef Oppvekst og kultur, André Sæthre orienterte. Selevik skule har etablert hjartesone og stoppsone, hjartesone for dei andre skulane er under planlegging
Representanten Kristian Skumsnes (SP) kommenterte at autovern kom fort på plass der mur var rasa ut i Osterneset. Han inviterte til avduking av statue av fiskebondekona i Osternes, søndag 5. mai.
Ordførar Wenche Tislevoll (H) orienterte om følgjande
- skilt på Rimsvarden er komme på plass
- NHO Vestland lagar kort film om kraftkommunar, har vore å filma på Midtfjellet
- fått tilbakemeldingar om fint uteområde rundt FBB og Havnahuset, skal vera dugnad 6. mai
- tildelingar i Fitjar frå SIM sitt miljøfond
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.