Uttale til høyringsforslag til heilskapleg tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune 2025 -2035
Vedtak
1. Fitjar kommune reagerer sterkt på framlegget om at Fitjar vidaregåande skule kan bli lagt ned i planperioden.
2. Framlegget om å leggja ned yrkesfaglinja FBIE (Frisør, blomar, interiør, eksponeringsdesign) ved Fitjar vidaregåande skule vert møtt med undring. Det same gjeld for framlegget om å leggja ned linjene Musikk, dans og drama, media og kommunikasjon og sal service og reiseliv ved Stord vg. skule. Dette er i strid med nasjonale føringar som signaliserer ei satsing på yrkesfaga. Det vil vera høg risiko for at ungdomane i regionen vil velja andre linjer lokalt i staden for å flytta på hybel i Bergen. Noko som kan vera med på å auka fråfallet.
3. Talet på elevar i aldersgruppa som er potensielle søkjarar til Fitjar vidaregåande skule frå kommunane Stord, Fitjar, Austevoll og Tysnes aukar frå 1110 i 2024 – 1135 i 2035.
4. Fitjar kommune ynskjer ikkje ei sentralisering av den vidaregåande skulestrukturen til Stord der ein flyttar tilbod frå Fitjar vidaregåande skule og Bømlo vidaregåande skule i samband med ei vidare utbygging ved Stord vidaregåande skule.
5. Fitjar vidaregåande skule har eit godt omdøme. Skulen er liten, har høg gjennomføringsgrad, velkvalifiserte tilsette som ser den enkelte eleven og som arbeider målretta i høve kunnskap og sosiale ferdigheiter. Alle elevane vil ikkje finna seg til rettes i eit stort skulemiljø. Vestland Fylkeskommune må syta for at det er valmogelegheitar i høve store og små skular.
6. Fitjar kommune viser til at Vestland fylkeskommune er ein viktig distriktspolitisk aktør og at tilbodsstrukturen må gjenspegla det.
7. Fitjar kommune viser elles til vurderingane ovanfor.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 02.05.2024
Ordførar Wenche Tislevoll (H) orienterte om bakgrunn for at ikkje Sunnhordlandsrådet sender felles uttale til høyringsforslaget.
Kommunestyret drøfta saka.
Framlegg til høyringsuttale vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.