Kommunalt barnehagetilbod som erstatning for Fjellheim FUS friluftsbarnehage AS frå 01.08.2024
Vedtak
1. Fitjar kommune etablerer eit midlertidig barnehagetilbod i Fitjarstølane barnehage med oppstart frå 01.08.2024, slik at ein har eit kommunalt tilbod til barna frå Fjellheim i ein overgangsfase.
2. Det vert løyvd kr 500.000,- til oppgraderingar av bygget og kr 700.000,- til inventar og utstyr. Dei samla ekstrautgiftene vert henta frå disposisjonsfondet.
3. Kommunedirektøren får i oppdrag i samband med revidert budsjett å laga eit økonomisk oversyn i høve driftsutgifter for hausten 2024 når barnehageopptaket og bemanninga er på plass.
4. Ein må særleg sjå på bemanningsmessige tiltak som kan vera med å redusera kostnadane. Dette kan gjelda styrarressurs, sambruk av stillingar mellom skulen og dei andre kommunale barnehagane i kommunen m.m.
5. Kommunedirektøren får i oppdrag å greia ut ei permanent løysing for ei tenleg barnehagedrift i Øvrebygda i tilknyting til Øvrebygda skule med ei målsetjing om å ha denne løysinga klar til bruk i løpet av 2025. Ein ynskjer det skal gjerast utgreiingar for å byggje eit oppveksttun, som inneheld både skule og barnehage. Ein barnehage med profil som ein friluftsbarnehage. Skule, barnehage, innbyggjarar skal tas med på råd. Ber om at kommunedirektøren starta arbeidet umiddelbart. Har ein ikkje ressursar til dette i kommunen ber ein om at ein nyttar eksterne konsulentar. Oppvekst & omsorg skal informerast underveis i prosessen.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 14.03.2024
Fung. kommunedirektør Jon Eirik Kvalnes og rådgjevar oppvekst Mone Nilsen orienterte om saka.
Representanten Geir Arne Isdahl (INP) la føre følgjande framlegg til vedtak:
1: Fitjar kommune går umiddelbart i dialog med utleigarar, arbeidstilsynet, verneombud og andre som bør uttale seg, og ser på kva som må til for å få ein midlertidig tillatelse til å driva i Fjellheim i inntil 2 år. Her må ein vera kreative og ikkje sjå mørkt på det før ein har prøvd alle moglegheitar. Dette er ein situasjon som må kunne kallast ekstrem for kommunen, å bør kunne gi i alle fall noko goodwill hos dei instansane ein vil måtte kontakte når det gjeld denne saka. Administrasjonen må også vere positive til å prøve. 2: Fitjar kommune løyver 500 000,- og set i gong naudsynte oppgraderingar i Fitjarstølane barnehage med ein gong. Dette er noko som må utførast uansett kva bygget skal brukast til no eller i framtida. Dette vil også vere pengar ein får att i verdiauke om bygget skal seljast. (pengane kan hentast på budsjettposten for konsulenthjelp til vurdering av kommunale bygg, då ein har sett i gong oppgradering) Samtidig vert arbeid med å henta inn prisar på utstyr for inntil budsjettert sum på 700 000,- sett i gong, med tilbudsvarighet for eksempel 2-3 mnd. Då er det berre å trykkje på knappen om det skulle veisa seg naudsynt å gå for denne løysinga. Dette gir kommunen tid til å kunne få eit tilbod på plass tidsnok til barnehagestart om punkt nr 1 ikkje skulle la seg gjennomføre. Punkt 3, 4 og 5 kan vere som dei er i innkallinga, men punkt 5 bør spissast til SKAL vere klart seinast til barnehagestart 2026. Helst før.
Representanten Ragnhild Prestbø (H) la føre framlegg til nytt pkt. 5 i vedtaket:
Kommunedirektøren får i oppdrag å greia ut ei permanent løysing for ei tenleg barnehagedrift i Øvrebygda i tilknyting til Øvrebygda skule med ei målsetjing om å ha denne løysinga klar til bruk i løpet av 2025. Ein ynskjer det skal gjerast utgreiingar for å byggje eit oppveksttun, som inneheld både skule og barnehage. Ein barnehage med profil som ein friluftsbarnehage. Skule, barnehage, innbyggjarar skal tas med på råd. Ber om at kommunedirektøren starta arbeidet umiddelbart. Har ein ikkje ressursar til dette i kommunen ber ein om at ein nyttar eksterne konsulentar. Oppvekst & omsorg skal informerast underveis i prosessen.
Kommunestyret drøfta saka og stilte spørsmål til administrasjonen.
Fung. kommunedirektør Jon Eirik Kvalnes svara på spørsmål frå kommunestyret.
Hovudverneombod Runar Øvrebø hadde innspel til saka gjeldande arbeidsforhold og arbeidsmiljø for tilsette i Fitjar kommune.
Etatssjef oppvekst og kultur André Sæthre hadde innspel om arbeidet med saksutgreiinga som er gjort i administrasjonen.
Møtet vart heva for partimøte og gruppemøte.
Representanten Geir Arne Isdahl (INP) trekte sitt framlegg.
Det vart først røysta over pkt. 1-4 i framlegget frå formannskapet. Dette vart samrøystes vedteke. Det vart deretter røysta over pkt. 5. Framlegget frå Prestbø (H) vart samrøystes vedteke.
Det ligg etter dette føre slikt vedtak:
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.