Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Fitjar · Saker

Barnehagesituasjonen i Dåfjorden

Sak 18/2024 · Kommunestyret 14. mars 2024 · Behandlet

Vedtak

1. Fitjar kommune overtek drifta av Dåfjorden barnehage med verknad frå 01.08.2024

2. Kommunedirektøren får i oppdrag å inngå ein leigeavtale på 1 år med eigarane av bedehuset i Dåfjorden, med opsjon på nye eittårige avtalar.

3. Kommunedirektøren får i oppdrag i samband med revidert budsjett å laga eit økonomisk oversyn i høve driftsutgifter for hausten 2024 når barnehageopptaket og bemanninga er på plass.

4. Ein må særleg sjå på bemanningsmessige tiltak som kan vera med å redusera kostnadane. Dette kan gjelda styrarressurs, sambruk av stillingar mellom skulen og barnehagen m.m.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Saksprotokoll i Kommunestyret - 14.03.2024

Representanten Rune Helland (KRF) hadde innlegg i saka.

Ved røysting vart framlegg til vedtak samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.