Potet-kona - utsmykking ved Fitjar kultur- og idrettsbygg
Vedtak
Kommunestyret stiller seg positiv til prosjektet om å setje opp ein skulptur av «Potet-kona» ved Fitjar kultur- og idrettsbygg som vist på vedlagte illustrasjon.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 14.03.2024
Ordførar Wenche Tislevoll (H) orienterte om at saka er sett på saklista til kommunestyret for at den skal få ei god forankring.
Representanten Kristian Skumsnes (SP) kommenterte at denne saka ikkje har økonomisk eller prinsippiell konsekvens, og treng ikkje handsamast i kommunestyret.
Representanten Harald Rydland (KRF) la føre følgjande framlegg til vedtak:
Kommunestyret stiller seg positiv til prosjektet om å setje opp ein skulptur av «Potet-kona» ved Fitjar kultur- og idrettsbygg som vist på vedlagte illustrasjon.
Ved røysting vart framlegget frå formannskapet sett opp mot framlegget frå Rydland (KRF). Framlegget frå formannskapet fekk 0 røyster, og fall.
Det ligg etter dette føre slikt samrøystes vedtak:
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.