Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Fitjar · Saker

Vedtak - bestillingstransport og mobilitetskonsulent

Sak 88/2023 · Kommunestyret 12. desember 2023 · Behandlet

Vedtak

1. Fitjar kommunestyre set pris på at Vestland fylkeskommune og Skyss vil prøva ut eit fleksibelt nærbusstilbod på Fitjar. Kommunestyrevedtaket frå 3.11.2021, om å leggja til rette for ei lokal mobilitetsløysing i samarbeid med fylkeskommunen, vert difor oppretthalde.

2. Kommunestyret løyver årleg kr. 250.000 i 2024 og 2025 til delfinansiering av prosjektet. Summen vert å ta frå disposisjonsfondet. I tillegg skal klimasatsmidlane som kommunen har fått tilsagn om, gå inn i prosjektet.

3. For å sikra godt samarbeid mellom kommunen og Skyss må kommunedirektøren setja av administrative ressursar på inntil 2 % stilling (ca. 40 timar) kvart år i prøveperioden. 4.Fitjar kommune seier opp avtalen med Bouvet Norge om konsulentinnkjøp.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Saksprotokoll i Kommunestyret - 12.12.2023

Representanten Harald Rydland (KRF) orienterte om bakgrunn for saka.

Kommunestyret vart heva for gruppemøte.

Representanten Rune Helland (KRF) la føre felles framlegg til vedtak på vegne av alle partia:

1. Fitjar kommunestyre set pris på at Vestland fylkeskommune og Skyss vil prøva ut eit fleksibelt nærbusstilbod på Fitjar. Kommunestyrevedtaket frå 3.11.2021, om å leggja til rette for ei lokal mobilitetsløysing i samarbeid med fylkeskommunen, vert difor oppretthalde.

2. Kommunestyret løyver årleg kr. 250.000 i 2024 og 2025 til delfinansiering av prosjektet. Summen vert å ta frå disposisjonsfondet. I tillegg skal klimasatsmidlane som kommunen har fått tilsagn om, gå inn i prosjektet.

3. For å sikra godt samarbeid mellom kommunen og Skyss må kommunedirektøren setja av administrative ressursar på inntil 2 % stilling (ca. 40 timar) kvart år i prøveperioden. 4.Fitjar kommune seier opp avtalen med Bouvet Norge om konsulentinnkjøp.

Ved røysting vart felles framlegg til vedtak samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.