Budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027
Vedtak
Kommunestyret vedtek formannskapet sitt framlegg til budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027, med følgjande endringar:
Driftsbudsjett:
Investeringsbudsjett:
Verbale føringar:
1. Fitjar kommune skal iverksette delvis fritt skulevalg fra høsten 2024. Det skal vera enklare for føresette å velge skule for borna sine. Forutsatt at det er plass på den aktuelle skulen og at de foresatte tar ekstrakostnader med skyss.
2. Kommunestyret i Fitjar ser med uro på situasjonen i Fitjarskulen. Politisk leiing meiner at framtidige prosjekt på planleggingsdagar og anna planleggingstid skal rettast inn mot dei problema skulen har. Episodar med vald og truslar skal løysast administrativt. Kvar avdelingsleiar utarbeider tiltaksplanar for korleis desse skal handsamast. Ein føreset at administrasjonen kjem tilbake til politisk leiing med rapport om stoda og evt. kostnadar med tiltak.
3. Kommunestyret ber utval for oppvekst og omsorg greia ut korleis ein skal nytta allereie ressursar i helsetenesta på ein god, og mest mogleg rett måte, for ei meir attraktiv og konkurransedyktig helseteneste.
4. Fitjar kommune skal snarast råd selja huset som blei kjøpt til legebolig i Havn. Huset skal leggjast ut på den opne marknaden.
5. Kommunestyret ber om at det blir laga ein eigedomsstrategi over eigedommar og bygg/hus som Fitjar kommune eig. Dette bør gjerast i samanheng med vedlikehaldsstrategien.
6. Kommunestyret forventar at feiing av eldstader vert utført i tråd med faktisk innbetalt avgift. Bakgrunn: auka straumprisar, meir vedfyring og større risiko for pipebrann.
7. Fitjar Idrettslag får auka driftstilskuddet med kr. 130.000,-. Idrettslaget er ein god støttespelar og vi oppmodar idrettslaget om å involvera seg i drifta av E-sportssenteret som er under oppstart i FKIB.
Budsjettet byggjer på følgjande premisser:
Gebyr og avgifter:
a. Ved utrekning av forskotsskatt og forskotstrekk for 2023 og likninga for 2022 nyttar ein følgjande satsar: Inntektsskatt for personlege skatteytarar følgjer høgaste sats, justert i høve Stortinget sine vedtak.
b. Endringar i kommunale avgifter for vass, kloakk, brannsyn og feiing og tilsyn med fyringsanlegg går fram av eiga sak.
- Årsgebyr vatn vert auka med 4,3 %
- Årsgebyr avløp vert auka med 4,3 %
- Årsgebyr for feiing og brannsyn vert uendra frå 2023
- Påkoplingsavgift for vatn og avløp aukar med 4,3 %
- Avgifter for renovasjon og slam vert sett til framlegg frå SIM
c. Festeavgiftene på Fitjar kyrkjegard vert vedteke i samsvar med vedtak i Fitjar Kyrkjelege Fellesråd:
a. Festeavgift per år 250,-
b. Reservering av grav 4 000,-
c. Seremoni i kyrkja for utanbygds og ikkje-medlem 4 000,-
d. Gravlegging utanbygds, kistegrav 8 000,-
e. Gravlegging utanbygds, urnegrav 4 000,-
d. Administrasjonsavgiftene for festeavgifter i Fitjarstølane bustadfelt vert uendra i høve til 2023.
e. Betaling for kommunal barnehage følgjer maksimalpris sett av staten.
f. Betalingssats for SFO vert auka med 4,3 % frå 1. august 2024.
g. Betalingssats for kulturskulen vert auka med 4,3 % frå 1. august 2024.
h. Kjøp av mat frå sjukeheimen vert auka med 4,3 % i 2024
i. Eigenbetaling for praktisk bistand og opplæring vert auka med 4,3 % i 2024. Justering under 2G aukar i samsvar med statleg sats.
j. Dagspris for dagsenter for demente vert auka med 4,3 % i 2024.
k. Vederlag for opphald i institusjon vert fastsett på grunnlag av vedtekter fastsette av staten. Maksimal betalingssats i Fitjar bu- og behandlingssenter vert fastsett til kr 122 414,- per månad / kr 4 080,- per døgn.
l. Husleigesatsar ver justert med 4,3 % i høve til 2023.
m. Sosialsatsane føl Statens sine satsar i 2024.
n. Satsar for tilskot til ikkje-kommunale barnehagar vert:
a. Små born 266 749,-
b. Store born 138 402,-
c. Kapitaltilskot Vert publisert på Utdanningsdirektoratet sine nettsider
Eigedomsskatt:
I samsvar med eigedomsskattelova §§ 3 og 4 vert følgjande nytta for skatteåret 2023:
a. Kommunestyret skriv ut eigedomsskatt på faste eigedommar i heile kommunen.
b. Eigedomsskattesatsen vert sett til på 6,0 promille for næringseigedommar, og 1,0 promille for andre eigedommar.
c. For bustaddel av eigedommar, inkludert fritidseigedommar, som ikkje nyttast til næringsverksemd gjeld eit botnfrådrag på kr 350 000,-av takstverdi.
d. I samsvar med eigedomsskattelova §7a skal følgjande eigedomar har fritak:
I. Prestegarden (huset), FKIB AS, Havnahuset, Fitjartun, Hamn burettslag, Fitjar vidaregåande skule, bedehus, gamle skulehus (grendehus), Fjellheim Friluftsbarnehage, Fitjar Soknerådsbarnehage, Årskog barnehage og Friluftsrådet Vest.
e. I samsvar med eigedomsskattelova §7b om fritak for historiske bygningar vert det gjeve fritak etter søknad etter følgjande kriteria:
I. Fritak for bygningar bygd i 1920, eller tidlegare som er registrert med kategori A i Kulturminneplanen.
II. Fritak for bygningar i kategori S. Objekt som kan søkjast inn i kategori S er:
• Bygg med kategori B i KMP, som er bygd før 1920
• Bygg med Kategori A i KMP, men bygd etter 1920
III. Følgjande bygningar er friteke etter søknad i 2022, og vert friteke vidare for
2024:
• Gnr/bnr 39/2: bygg nr. 174186073 og 174186103
• Gnr/bnr 64/64: bygg nr. 174197520
• Gnr/bnr 79/4: bygg nr. 174205531 og 174205582
• Gnr/bnr 84/4: bygg nr. 174210616
f. Bustadhus (ikkje hytter) som er inntil 5 år gamle, skal ha halv eigedomsskatt.
g. Eigedomsskatten skal for 2024 betalast i fire terminar.
h. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter i «Rammer og retningslinjer for eigedomsskatt», vedteke 22.04.2021. Rammer for 2024 vert justert etter dette vedtaket.
Låneopptak:
a. Det vert teke opp nye lån på inntil kr 35 572 000,- til investeringsføremål i 2024.
b. Det vert teke opp lån til vidareformidling på inntil kr 2 000 000,-.
Fond:
a. Det vert vedteke å nytta følgjande fond til finansiering av driftsbudsjettet i 2024:
I. 39 734,- frå velferdsfond sjukeheimen
b. Det vert vedteke å setja av til følgjande fond i 2024:
I. 19 804,- til museumsfondet
II. 104,- til viltfondet
c. Inntekter og kostnadar med renovasjon og slam vert ført mot renovasjons- og slamfondet i samsvar med oppgåver frå SIM.
Driftstilskot Fitjar Kommune gjev driftstilskot til følgjande organisasjonar:
a. Fitjar Kyrkjelege Fellesråd kr 2 898 400,-
b. Fitjar kultur- og idrettsbygg kr 250 000,-
c. Fitjar Frivilligsentral kr 244 368,- (ekskl. statstilskot)
d. Håkonarspelet kr 100 000,-
e. Reiselivskoordinator kr 50 000,-
f. TV-aksjonen kr 7 000,-
g. Fitjar idrettslag kr 530 000,-
Oppvekst og kultur disponerer kr 50 000,- til kulturmidlar i 2024.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 12.12.2023
Sendt til iPad før møtet:
- Uttale frå Fitjar ungdomsråd
- Uttale frå Fagforbundet
- Uttale frå Utdanningsforbundet
- Uttale frå Klubben v/Rimbareid skule
- Søknad om støtte til 4H Landsleir
Det vart tildelt rekkefølgje for budsjettalar slik:
Ordførar Wenche Tislevoll (H) Varaordførar Sigurd Andrè Maraas (FRP) Leiar i utval for oppvekst og omsorg Ragnhild Prestbø (H) Leiar i utval for plan og miljø, og gruppeleiar Jo Kjetil Strand (FRP) Gruppeleiar Kristian Skumsnes, SP Gruppeleiar Jarle K. Helland, AP Gruppeleiar Geir Arne Isdahl, INP Gruppeleiar Rune Helland, KRF Gruppeleiar Gisle Levåg, H
Representanten Sigurd Andrè Maraas (FRP) la føre følgjande framlegg til endringar ut frå formannskapet sitt budsjett, på vegne av H, FRP og INP:
Driftsbudsjett:
Investeringsbudsjett:
Verbale føringar:
1. Fitjar kommune skal iverksette delvis fritt skulevalg fra høsten 2024. Det skal vera enklare for føresette å velge skule for borna sine. Forutsatt at det er plass på den aktuelle skulen og at de foresatte tar ekstrakostnader med skyss.
2. Kommunestyret i Fitjar ser med uro på situasjonen i Fitjarskulen. Politisk leiing meiner at framtidige prosjekt på planleggingsdagar og anna planleggingstid skal rettast inn mot dei problema skulen har. Episodar med vald og truslar skal løysast administrativt. Kvar avdelingsleiar utarbeider tiltaksplanar for korleis desse skal handsamast. Ein føreset at administrasjonen kjem tilbake til politisk leiing med rapport om stoda og evt. kostnadar med tiltak.
3. Kommunestyret ber utval for oppvekst og omsorg greia ut korleis ein skal nytta allereie ressursar i helsetenesta på ein god, og mest mogleg rett måte, for ei meir attraktiv og konkurransedyktig helseteneste.
4. Fitjar kommune skal snarast råd selja huset som blei kjøpt til legebolig i Havn. Huset skal leggjast ut på den opne marknaden.
5. Kommunestyret ber om at det blir laga ein eigedomsstrategi over eigedommar og bygg/hus som Fitjar kommune eig. Dette bør gjerast i samanheng med vedlikehaldsstrategien.
6. Kommunestyret forventar at feiing av eldstader vert utført i tråd med faktisk innbetalt avgift. Bakgrunn: auka straumprisar, meir vedfyring og større risiko for pipebrann.
7. Fitjar Idrettslag får auka driftstilskuddet med kr. 130.000,-. Idrettslaget er ein god støttespelar og vi oppmodar idrettslaget om å involvera seg i drifta av E-sportssenteret som er under oppstart i FKIB.
Representanten Rune Helland (KRF) la føre følgjande framlegg til endringar til kommunedirektøren sitt budsjett, på vegne av KRF, AP og SP. Driftsbudsjett:
Investeringsbudsjett:
Verbale føringar Kommunestyret ber kommunedirektøren komma tilbake med saker på ulike tema knytt opp til budsjettet. Kommunestyret vil og knyta nokre presiseringar til det som ligg inne i budsjettet.
Saker:
Sak til Utval for oppvekst og omsorg om kva tiltak som kan vera aktuelle for å løysa aktuelle utfordringar med elevmiljø og tiltak for forbetring av desse på Rimbareid skule.
Sak til Utval for oppvekst og omsorg med utgreiing om innføring av mobilfri skule.
Sak til Utval for oppvekst og omsorg med utgreiing på korleis ei ordning med eit kommunalt fritidskort kan etablerast i Fitjar, her under økonomiske, administrative og praktiske løysingar.
Sak til Utval for oppvekst og omsorg med kartlegging av behov og utgreiing om tilbod til avlastingsbolig for born og unge under 18 år.
Sak til Utval for oppvekst og omsorg med moglegheit for utarbeiding av langtidsstrategi i høve demografiske endringar. Sak skal innehalda vurderingar kring sjukeheimsplassar, eldrebustadar og heimetenester.
Sak til Utval for plan og miljø med utgreiing over moglegheita for å tilsetta eigen feiar i staden for å kjøpa tenestene.
Presiseringar til budsjettet:
Kommunestyret legg opp til at tiltaka og prioriteringane som gjeld utbygging og drift av vassverket og avlaupsanlegga skal følgja den gjeldande hovudplanen som er vedteken i kommunestyret. Dersom det er aktuelt med nye tiltak og andre prioriteringar må planen først rullerast.
Kommunestyret ber om at det vert lagt inn auke på ramme for startlån jmf. kommunestyresak PS 54/23 med kr 2.000.000.
Røysting:
Det vart først røysta over framlegget frå formannskapet. Dette fekk 0 røyster, og fall.
Deretter vart framlegget frå H, FRP og INP sett opp mot framlegget frå KRF, AP og SP. Framlegget frå H, FRP og INP fekk 9 røyster (H, FRP og INP), framlegget frå KRF, AP og SP fekk 8 røyster (KRF, AP og SP).
Det ligg etter dette føre slikt vedtak:
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.