Ymse
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 21.11.2023
Representanten Jo Kjetil Strand (FRP) hadde følgjande spørsmål:
Kommunestyret vedtok einstemmig den 03.05.2023 å halda fast på vedtaket om å gje dispensasjon i saka på Flatholmen, Avløypet og Teistholmen. Sakene gjekk vidare til settestatsforvaltaren i Rogaland og er no kome tilbake i tur og orden med negative vedtak. Varsel om rivnings vedtak og mogelege dagbøter er allereie sendt ut i ei sak og det er vel grunn til å tru at et vedtak vil bli fatta på nyåret ein gong. Klage til Kommunal departementet har vert nemnt som ein moglegheit. Det trengs ei avklaring om korleis me kan ta detta vidare.
Svar frå etatssjef Samfunnsutvikling og drift, Louise Pettersen:
Det er Statsforvaltaren som er klageorgan i byggjesaker. Deira vedtak i klagesaker er endelege og kan ikkje påklagast vidare. Vedtak fatta av Statsforvaltaren i ei klagesak kan difor ikkje klagast inn for Kommunal- og distriktsdepartementet. Vedtaka frå settestatsforvaltaren i Rogaland er endelege. Kommunal- og distriksdepartementet har adgang til å omgjera eit vedtak som Statsforvaltaren har fatta dersom vilkåra for omgjering i fvl § 35 er oppfylt. Dette gjeld i hovudsak spørsmål om ugyldigheit. Departementet gjev i eit uttale merksam på at deira vurdering av gyldigheita i omgjeringssaker avgrensar seg til om vedtaket inneheld feil eller manglar av ein slik art som gjer at vedtaket må sjåast på som ugyldig. Departementet utviser ei viss forsiktigheit i overprøvinga, då moglegheita til å begjæra omgjering ikkje skal verta klagehandsaming i tredje instans. Departementet sjølv understrekar at vedtak som er fatta av Statsforvaltaren som klageinstans er endelege og ikkje kan klagast inn for departementet.
Ordførar Wenche Tislevoll (H) ynskjer at open høyring for budsjett 2024, vert onsdag 6. desember kl. 18.00.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.