Innspel til vurdering av overgang frå Sør-vest politidistrikt til Vest politidistrikt
Vedtak
• Fitjar kommune vurderer at politiet si tilgjenge for innbyggjarane, levering av gode polititenester, og oppretthalding av ein sterk politistasjon på Stord skal oppretthaldast
• Politietaten må ha ei desentralisert struktur
• Politidekning, bemanning, og tenester til innbyggjarane må tryggjast ved ei eventuell overgang til Vest politidistrikt.
• Fitjar kommune ynskjer at Stord politistasjon held fram som ein eigen geografisk driftseining så lenge det ikkje ligg føre konkrete og fordelaktige avtalar som vil rettferdiggjere ei endring.
• Politiet si bemanning ved Stord politistasjon må oppretthaldast eller aukast ved ei eventuell endring.
• Ordninga med operativ politidekning 24/7 bør ikkje endrast ved ei eventuell overgang til Vest politidistrikt.
• Fitjar kommune støttar ei mogleg overgang til Vest politidistrikt, med vurderingar knytte til samarbeidet i Vest brann- og redningsregion (VBR).
• Fitjar kommune er no tilknytta 110-sentralen i Stavanger. Ved ei mogleg flytting til Vest politidistrikt vil Fitjar kommune bli ein del av 110 Vest sitt distrikt. På denne måten vurderer Fitjar kommune det som fordelaktig å tilhøyre same politidistrikt som fylket me er ein del av.
• Fitjar kommune er ein del av Vestland fylke og er dermed tett knytt til Statsforvaltaren i Vestland når det gjeld kommunal beredskap og samfunnstryggleik. Med dette som grunnlag er det fordelaktig at kommunen høyrer til same politidistrikt som dei andre kommunane i fylket.
Fitjar kommune er positiv til ein overgang til Vest politidistrikt.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 21.11.2023
Ordførar Wenche Tislevoll (H) orienterte om saka.
Konstituert kommunedirektør John Karsten Raunholm orienterte om framlegg til uttale som er utarbeidd og lagt føre kommunestyret:
• Fitjar kommune vurderer at politiet si tilgjenge for innbyggjarane, levering av gode polititenester, og oppretthalding av ein sterk politistasjon på Stord skal oppretthaldast
• Politietaten må ha ei desentralisert struktur
• Politidekning, bemanning, og tenester til innbyggjarane må tryggjast ved ei eventuell overgang til Vest politidistrikt.
• Fitjar kommune ynskjer at Stord politistasjon held fram som ein eigen geografisk driftseining så lenge det ikkje ligg føre konkrete og fordelaktige avtalar som vil rettferdiggjere ei endring.
• Politiet si bemanning ved Stord politistasjon må oppretthaldast eller aukast ved ei eventuell endring.
• Ordninga med operativ politidekning 24/7 bør ikkje endrast ved ei eventuell overgang til Vest politidistrikt.
• Fitjar kommune støttar ei mogleg overgang til Vest politidistrikt, med vurderingar knytte til samarbeidet i Vest brann- og redningsregion (VBR).
• Fitjar kommune er no tilknytta 110-sentralen i Stavanger. Ved ei mogleg flytting til Vest politidistrikt vil Fitjar kommune bli ein del av 110 Vest sitt distrikt. På denne måten vurderer Fitjar kommune det som fordelaktig å tilhøyre same politidistrikt som fylket me er ein del av.
• Fitjar kommune er ein del av Vestland fylke og er dermed tett knytt til Statsforvaltaren i Vestland når det gjeld kommunal beredskap og samfunnstryggleik. Med dette som grunnlag er det fordelaktig at kommunen høyrer til same politidistrikt som dei andre kommunane i fylket.
Fitjar kommune er positiv til ein overgang til Vest politidistrikt.
Framlegg til uttale frå konstituert kommunedirektør vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.