Ymse
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 04.10.2023
Representanten Grete Marit Veka Maraas (SP) hadde sendt inn følgjande spørsmål:
1) Med tanke på at Fitjar Kommune har fått på plass tømmestasjon for bobiler, så meiner eg det burde komt opp skilt som viser kor ein køyrer inn til den. Det burde og vore sett opp skilt i begge endar av vegen, ca 1 km frå tømmestasjonen. Dette ser ein er vanleg i andre kommuner.
2) Det burde og koma opp skilt ved brannstasjonen som seier noke om parkering forbudt, med tanke på utrykning med meir.
Svar frå ordførar Harald Rydland (KRF):
1) Dersom det skal setjast opp skilt til tømmestasjonen for bubilar må det bli på fylkesvegen. Her er det fylkeskommunen og vegvesenet som avgjer skiltinga, men kommunen kan komma med innspel. På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om trafikktryggingsplanen, er det sett i gang eit arbeid der kommunen og fylkeskommunen skal ha ein gjennomgang på skilting og anna som gjeld trafikkavviklinga på vegane i kommunen. Det er naturleg at spørsmålet om skilting til tømmestasjonen vert teke med i dette arbeidet.
2) Dei oppmerka parkeringsplassane ved den nye brannstasjonen er reservert til mannskapet i samband med utrykking, øvingar m.m. Med krav om responstid på fem minutt ved utrykking kan me ikkje risikera at mannskapet må til leita etter parkeringsplass når dei kjem fram. På bakgrunn av dette må det vera ein god idé å få på plass skilt om parkeringsforbod ved brannstasjonen. Sidan dette ikkje har noko med fylkesvegen å gjera, vil eg tru at kommunen kan avgjera skiltinga sjølv.
Ordførar Harald Rydland (KRF) orienterte om følgjande:
- vidareføring av lesebrett frå avtroppande til nye representantar i kommunestyret
- avslutningsmiddag for avtroppande kommunestyre 18. oktober
- TV-aksjonen 22. oktober
- det vert delt ut bilete av kommunestyret når møtet i dag er slutt
- ordføraren takka kommunestyret for godt samarbeid i denne perioden
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.