Sak om kommunestyret sitt arbeidsgjevaransvar - frå Arbeidsmiljøutvalet
Vedtak
1. Kommunestyret tek saka om arbeidsgjevaransvar frå AMU til etterretning. I prosessar som gjeld nedbemanning, eller endring i tilsette sin arbeidssituasjon og som ikkje er administrativt utgreidd, må ein sikre at desse vert gjennomført i tråd med gjeldande lov-og avtaleverk med naudsynt involvering av tilsette og deira representantar.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Gaute Straume Framlegg:
Epland Alternativt pkt. 2:
Kommunestyret bed kommunedirektøren leggja fram sak som greier ut konsekvensane av eit årleg nedtrekk på 750 000 kr på Hamna kontaktsenter. Inntil saka er handsama politisk skal vedtak om nedtrekk på Hamna ikkje gjennomførast.
Røysting:
Innstillinga frå administrasjonsutvalet punkt 2 fall samrøystes Framlegget frå Epland (Ap) alternativ pkt 2 fall med 15 (Ap, SV, R og Sp) mot 20 røyster. Innstilinga frå administrasjonsutvalet punkt 1 vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.