Krav om innløysing av bustadhus og areal – gnr. 27 bnr. 323, Hystadvegen 2
Vedtak
Kommunestyret vedtek at Stord kommune på noverande tidspunkt ikkje skal innløysa bustadhus og areal på gnr. 27 bnr. 323, Hystadvegen 2, etter plan- og bygningslova § 15-2 då vilkåra ikkje er oppfylt. Vedtaket kan påklagast etter plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova § 28. Klaga skal sendast til Stord kommune innan tre veker frå det tidspunktet vedtaket er motteke. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter plan- og bygningslova.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Gaute Straume Framlegg:
Epland Kommunestyret vedtek å kjøpa bustadhus og areal på gnr. 27
bnr. 323, Hystadvegen 2. Det er lagt vekt på at eit kjøp vil ha ein særleg samfunnsnyttig funksjon, og peikar på at denne avgjerda er basert på særskilde forhold i denne saka og ikkje skal ha presedensverknad for framtidige saker. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføra naudsynte forhandlingar og inngå avtale om kjøp innanfor dei økonomiske rammene som følgjer av takstgrunnlaget:
• Innløysing av bustad: kr 3 150 000
• Innløysing av 100,72 m² til prosesjonsveg: kr 151 080 Kjøpet vert finansiert av investeringsmidlar avsett til opparbeidinig av framtidig prosesjonsveg.
Gildskap:
Tom Knudsen (H) stilte spørsmål om eiga gildskap i saka. Han har tidlegare fremma interpellasjon hvor Hystadvegen 2 var ein del av interpellasjonen, i tillegg er han styremedlem i Stord Kyrkjelege Fellesråd. Han tredde frå under handsaminga av spørsmålet. Ingen vara. Kommunestyret handsama spørsmålet og fatta følgjande vedtak:
Knudsen vart samrøystes kjent gild i saka jf. Fvl. § 6, 1. og 2. ledd.
Gaute Epland (Ap) stilte spørsmål om Tom Knudsen (H) si gildskap på nytt. Etter
Knudsen haldt innlegg under debatten. Han tredde frå under handsaminga av
spørsmålet. Ingen vara. Kommunestyret handsama spørsmålet på nytt og fatta følgjande vedtak:
Fvl. § 6 andre ledd gjeld dersom det ligg føre «særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet». Vurderinga er konkret og byggjer på korleis «ein objektiv og forstandig utanforståande» ville vurdert forholdet. Tom Knudsen sitt innlegg frå talarstolen vil kunna bidra til ein «forstandig utanforståande» ville meina at Knudsen ikkje kan opptre objektive noko som er egna til å
svekke tilliten til hans upartiskheit. Knudsen vert difor vurdert som ugild etter §6 2.ledd
til å handsama PS 2/26. Røysting:
Innstillinga frå utval for byutvikling vart vedteke med 18 mot 15 røyster (Ap, SV, R og Sp), som røysta for framlegget frå Epland (Ap).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.