Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Stord · Saker

Økonomiplan 2026-2029, Årsbudsjett 2026

Sak 61/2025 · Kommunestyret 27. november 2025 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret vedtek budsjett og økonomiplan for åra 2026-2029 med desse endringane:

1. Skatteøre vert sett lik maksimal sats i samsvar med Stortinget sitt vedtak om kommunalt skatteøre.

2. I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 bokstav a) skal følgjande utskrivingsalternativ for eigedomsskatt nyttast for skatteåret 2025: Eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen.

a) Generell skattesats vert sett til 7 promille for næringseigedom og ubygd grunneigedom (tomter). Skattesatsen vert sett til 1,8 promille av omsetnadsverdien for bustader og fritidseigedomar.

b) I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav a og b opnar kommunestyret for fritak av eigedomar som er eigde av stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. Eigedomar som kvalifiserer for fritak etter føresegna og som er eigde av idrettslag, ungdomslag, bedehuslag og liknande skal ha fritak for eigedomsskatt i Stord kommune. Sakkunnig nemnd legg fram oversyn over kva eigedomar dette kan gjelda. I tillegg kan eigedom tilhøyrande andre stiftingar/organisasjonar bli vurdert fritekne av kommunestyre på grunnlag av søknad. Dei eigedomar som tidlegare år er gitt fritak for eigedomsskatt av kommunestyret i medhald av eigedomsskattelova § 7, jf. vedlegg til budsjettdokumentet, skal ha fritak for eigedomsskatt også i 2026.

c) Ved utskriving av skatt på bustadeigedomar nyttar kommunen skatteetaten sitt formuesgrunnlag for dei bustader kor dette er berekna (eigedomsskattelova § 8 C-1)

d) Det vert innført nye takstar som følgje av almen taksering gjennomført i 2025 med verknad frå 2026 på alle eigedomar som ikkje er omfatta av skatteetaten sitt formuesgrunnlag

e) Eigedomsskatten skal betalast i 12 terminar.

f) Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter.

g) Botnfrådrag vert for 2026 sett til kr 600 000

3. Kommunestyret vedtek å ta opp inntil kr 104 175 000 lån i 2026. Låneopptaket er fordelt slik:

Stord hamn, utlån kr 3 400 000 Andre lån kr 100 775 000 Lånegjelda skal nedbetalast med minimumsavdrag. Kommunestyret vedtek at låneporteføljen til Stord kommune, og alle lån i porteføljen (sjå vedlegg) kan refinansierast i inneverande år og i budsjettåret. Kommunedirektøren står fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei lån han finn føremålstenleg, uavhengig av opphavleg vedtak.

4. Kommunestyret gir kommunedirektøren fullmakt til å ta opp lån til likviditetsføremål for inntil kr 100 000 000. Lånet skal betalast tilbake etter reglane for likviditetslån.

5. Kommunestyret vedtek satsar for gebyr og avgifter med verknad frå 1. januar 2026 slik det går fram av eige vedlegg for:

- Kommunale eigedomsgebyr

- Gebyrregulativ for regulering, byggesak og oppmåling

- Betalingssatsar for brann og redning

- Gebyr for sakshandsaming, administrasjon, forfall og kontroll og gravearbeid. Formannskapet fastset betalingssatsar for landbruks- og havbrukssaker. Utval for oppvekst og kultur fastset fylgjande betalingssatsar:

- Betalingssatsar for Stord kulturskule

- Betalingssatsar for plass i skulefritidsordninga

- Betalingssatsar for plass i kommunale barnehagar

- Leigesatsar for utleige av skulebygg i helger/ overnatting

- Utleigesatsar for Stord kulturhus Utval for rehabilitering, helse og omsorg fastset betalingssatsar for omsorgstenester. Utval for byutvikling fastset betalingssatsar for kommunale parkeringsplassar og for leige av torgplass.

6. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføra løyvingane på investeringsbudsjettet der ikkje anna er sagt i budsjettkommentarane. Fullmakta omfattar fordeling av rammer sett for investering som er samla i felles rammer.

7. Stord kommune gjev Stord kyrkjelege fellesråd eit driftstilskot for 2026 på kr 12 804 480. Kr 90 000 av tilskotet er øyremerka tilskotsordninga til kremering. Kommunestyret legg til grunn at fellesrådet fastset ein tilskotssum for etterleten som vel kremasjon og forvaltar ordninga med kremasjonsstønad innanfor den fastsette ramma.

8. Det vert for 2026 fordelt driftstilskot/-støtte til kultur- og idrettsorganisasjonar m.m. slik:

Sunnhordland museum, kr 241 700 Friluftsrådet vest, kr 567 115

17. mai Leirvik, Sagvåg og Huglo, kr 100 000 Falturiltu barnebokfestival, kr 100 000 Stord Comalapa, kr 25 000 Huglo bygdalag, kr 50 000 Underskotsgaranti Festival 100 dagar, kr 25 000 Stord maritime museum, kr 100 000 Geopark Sunnhordland, kr 269 624

9. Utval for oppvekst og kultur får i tillegg fullmakt til å fordela kr 350 000 i driftstilskot til lag og organisasjonar, etter søknad og i samsvar med kommunestyret sine retningsliner.

10. Stord kommune løyver følgjande tilskot over 2025-budsjettet i til samarbeidstiltak og næringsføremål:

NCE Maritime Clean Tech, kr 50 000 Hordfast, kr 32 000 Sunnhordlandsrådet, kr 893 505 Sunnhordlandsrådet, si reiselivssatsing, kr 267 347 Stord næringsråd, kontingent, kr 40 350 Atheno AS, maritim industriinkubator, kr 150 000 Atheno AS, førstelineteneste næring, kr 265 000 Huglobutikken AS, kr 50 000

11. OKU Miljøterapeutar Ungdomsskule Kommunestyret er opptatt av å styrka førebygginga, og arbeids- og elevmiljøet i Stordskulen. Innføring av miljøterapeutar vil vere eit målretta løft for dette arbeidet, gjennom oppfølging av elevar, samt avlasting av lærarar, så desse i større grad kan konsentrera seg om kjerneoppgåvene. I forkant av innføringa av miljøterapeutar ber kommunestyret om ei kartlegging av organisering, bemanning og kostnadar, samanlikna med liknande kommunar. Saka skal også synleggjere alle typar profesjonar som er i Stord skulen i dag og oppgåvefordelinga desse imellom. Miljøterapeutar skal innførast seinast frå oppstart skuleåret 2026/2027. Finansieringa av tiltaket skal komme fram i kartlegginga og skal leggjast inn i 1. budsjett revisjon.

12. Sunnhordland Museum Kommunestyret ønskjer å innfri dei forventingane som er gitt ved tidlegare budsjett ved å løyva 2,5 millionar kroner til Sunnhordland Museum. Stord kommune er vertskommune for Sunnhordland Museum og ønskjer å vera med å sørgja for at Sunnhordland Museum får realisert nybygget som er planlagd. Midlane skal takast i frå utviklingsfondet.

13. Auka grunnbemanning i barnehagane Kommunestyret ønskjer å følgja opp kommunestyrevedtaket om å setja i verk auka grunnbemanning i barnehagane gjennom å styrkja spesialpedagogbemanninga for kommunale og private barnehagar eller anna innretting. Tiltaket skal koma ungane til gode gjennom å sikra fleire vaksne rundt ungane i barnehagane. Eventuelle øyremerka midlar i frå statsbudsjettet skal dekkja dette tiltaket, og midlane som er lagt inn i talbudsjettet fell då vekk.

14. Kunstgras på Vikahaugane Kommunestyret bed kommunedirektøren om å starta rehabilitering av kunstgrasbanen på Vikahaugane. Stord kommune dekkjer inntil 3 millionar kroner av investeringskostnadene. Ein føresetnad for løyvinga er at Stord Fotball også er med på finansieringa gjennom dugnad og eigenkapital. Kommunestyret opnar for at Stord Fotball kan få mellomfinansiering for spelemidlar og meirverdiavgiftskompensasjon i frå fond for lag og organisasjonar. Kommunestyret set som føresetnad for tildelinga at ein vel anna enn gummibasert granulat samt at det blir gjennomført forskriftsmessig opprydding etter granulatforureining rundt anlegga.

15. Kunstgras ved Hystad Skule Kommunestyret bed om at ein vurderer framtida til kunstgrasbanen ved Hystad Skule. Kommunestyret bed kommunedirektøren om å gå i dialog med skulen om korleis anlegget best kan tena aktivitetstilbodet for skulen.

16. RHO Frivilligheit Kommunestyret bed kommunedirektøren i større grad å styrkja frivilligheit gjennom å leggja til rette for og støtta frivillige lag, organisasjonar og enkeltpersonar som ønskjer å bidra spesielt inn i helse- og omsorgstenestene. Det skal etablerast ordningar som gjer det enkelt for frivillige å engasjera seg, og som sikrar god samhandling mellom kommunen, frivillige og pårørande. Målet er å styrkja livskvalitet, førebyggja einsemd og skapa meir aktivitet for brukarar av tenestene, samstundes som frivillig innsats kan avlasta og bidra til å redusera presset på dei tilsette, særleg i heimebaserte tenester.

17. Busetjing av flyktningar Kommunestyret vil følgja oppmodinga frå kommunedirektøren og busetja inntil 10 flyktningar i 2026, familiesameiningar kjem i tillegg. For kommunestyret er det også viktig at ein evnar å busetja bustadlause i Stord Kommune.

18. Betre drift og berekraftige tenester Kommunestyret understrekar behovet for betre drift og meir berekraftige tenester innan RHO-området. Stord kommune ligg i dag om lag 20 prosent over landssnittet i kostnader. Samstundes er sjukefråværet høgt, noko som påverkar både tenestekvalitet og økonomi. For å sikra gode og framtidsretta tenester, er det avgjerande at einingar og verksemder arbeider målretta med effektiv drift, redusering av fråvær og betre utnytting av ressursane. Kommunestyret vil be om tett oppfølging og rapportering på framgang i alle Formannskapsmøter for å fortløpande kunna vurdera om det trengst alternative måtar å organisera delar av tenestene på med mål om å ivareta kvalitet, føreseielegheit og berekraftig økonomi.

19. Arbeidsinkludering Kommunestyret bed kommunedirektøren igangsetje dialog og starta opp eit samarbeidsforum med Opero, Fontenehuset, Podlen, NAV og eventuelt andre med sikte på å sikra at ein drar i same retning og sikra god informasjonsflyt om tilboda slik at ingen som kan bidra vert fallande utanfor. Inkludering i arbeidslivet er viktig. Kommunestyret ønskjer at alle med restarbeidsevne og dei som er mellombels utanfor arbeidslivet, får høve til å bidra til samfunnet gjennom arbeid og deltaking i fellesskapet.

20. FSK Leiarutvikling, ressursstyring og sjukefråvær Kommunestyret anerkjenner at leiarane våre står ovanfor krevjande oppgåver i tida som kjem. Kommunestyret bed kommunedirektøren om å setja i gang eit initiativ som skal styrkja leiarkompetansen til våre leiarar. Leiing handlar om å oppnå resultat gjennom andre. Me ønskjer å gi leiarane våre gode verktøy og innføring i metodikk i endringsleiing og relasjonsledelse. Det er forventa at ein bruker ein del av dei avsette midlane på 1 millionar kroner til leiarstøtte til dette tiltaket. Kommunestyret ønskjer at kommunedirektøren søkjer om midlar i frå KS eventuelt statsforvaltar til dette formålet. Kommunestyret bed kommunedirektøren om å styrkja arbeidet med sjukefråværet ytterlegare. Ein ønskjer at ny rolle som HR-rådgivar skal kunna bruka ressursar på å få til dei tiltaka som er nødvendige for å redusera sjukefråværet. Kommunestyret ønskjer at ein brukar ein del av dei avsette midlane på 1 millionar kroner på dette.

21. Tømmerdrift Kommunestyret bed kommunedirektøren om å vurdera inntektspotensialet ved å starta opp tømmerdrift i kommunalt eigde skogar. Dersom dette viser seg å vera økonomisk berekraftig, bed kommunestyret kommunedirektøren om å starta opp dette arbeidet.

22. Parkeringsordning Kommunestyret bed kommunedirektøren om å utgreia moglegheita for å innføra parkeringsavgift i Leirvik sentrum. Ordninga må ta i bruk den nyaste teknologien og vera økonomisk berekraftig for at dette eventuelt skal innførast.

23. Bruk av midlar i frå ny pensjonsleverandør Kommunestyret ønskjer å auka det økonomiske handlingsrommet i åra framover ved å redusera den høge gjeldsbyrda. Difor skal årleg minimum 10 millionar av frigjort premiefond på årleg 13,1 millionar gå til ekstraordinær nedbetaling av gjeld.

24. Prosjekt Bustadslause Kommunestyret ber om at det vert sett i gong eit prosjekt for å sikra bustader til vanskelegstilte som ikkje klarer å skaffa seg bustad sjølve.

2026 2027 2028 2029

Kommunedirektøren

Resultat sitt framlegg til - 1 755 - 35 727 - 35 732 -30 767

budsjett

Inntekter Premiefond 2025 - 5 400 -5 400 -5 400 -5 400

Inntekter Økt billettpris basseng - 130 -130 -130 -130

Oppløysing premiefond

Inntekter pensjon mnok 80 over -13 100 -13 100 -13 100

7år Redusert 1 årsverk ved

Innsparing - 750 -750 -750 -750

Hamna kontaktsenter Leiarstøtte RHO og OKU med fokus på relasjonsledelse,

Formannskap 1 000

ressurstyring, redusere sjukefråvær og utvikle arbeidskultur Sko til ansatte i

RHO 540 270 270 270

hemebaserte tenester

RHO Kirkens bymisjon 650 1 200 1 200 1 200

Auke grunnbemanning

OKU 2 000 2 000 2 000 2 000

barnehage Endring

OKU investeringsbudsjett 320 320 320

(renter og avdrag)

OKU Stord Maritime Museum 50 50 50 50

OKU Geopark Sunnhordland 110 110 110 110

OKU Sommaråpen basseng 130 130 130 130

Tilskot til Sunnhordland

Formannskap 2 500

Museum

Sum endringar

700 -15 850 -15 850 -15 850

drift/resultat

Resultat etter endring -1 055 -51 577 -51 582 -46 617

Disponering

Bruk av Utviklingsfondet -2 500

av fond Disponering til

3 555 51 577 51 582 46 617

disposisjonsfond Netto etter

- - - -

disponering

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Framlegg frå H, Frp, Krf, V og INP:

2026 2027 2028 2029

Kommunedirektøren

Resultat sitt framlegg til - 1 755 - 35 727 - 35 732 -30 767

budsjett

Inntekter Premiefond 2025 - 5 400 -5 400 -5 400 -5 400

Inntekter Økt billettpris basseng - 130 -130 -130 -130

Oppløysing premiefond

Inntekter pensjon mnok 80 over -13 100 -13 100 -13 100

7år Redusert 1 årsverk ved

Innsparing - 750 -750 -750 -750

Hamna kontaktsenter Leiarstøtte RHO og OKU med fokus på relasjonsledelse,

Formannskap 1 000

ressurstyring, redusere sjukefråvær og utvikle arbeidskultur Sko til ansatte i

RHO 540 270 270 270

hemebaserte tenester

RHO Kirkens bymisjon 650 1 200 1 200 1 200

Auke grunnbemanning

OKU 2 000 2 000 2 000 2 000

barnehage Endring

OKU investeringsbudsjett 320 320 320

(renter og avdrag)

OKU Stord Maritime Museum 50 50 50 50

OKU Geopark Sunnhordland 110 110 110 110

OKU Sommaråpen basseng 130 130 130 130

Tilskot til Sunnhordland

Formannskap 2 500

Museum

Sum endringar

700 -15 850 -15 850 -15 850

drift/resultat

Resultat etter endring -1 055 -51 577 -51 582 -46 617

Disponering

Bruk av Utviklingsfondet -2 500

av fond Disponering til

3 555 51 577 51 582 46 617

disposisjonsfond Netto etter

- - - -

disponering

Verbalpunkt:

Endra punkt 8:

8. Det vert for 2026 fordelt driftstilskot/-støtte til kultur- og idrettsorganisasjonar m.m. slik:

Sunnhordland museum, kr 241 700 Friluftsrådet vest, kr 567 115

17. mai Leirvik, Sagvåg og Huglo, kr 100 000 Falturiltu barnebokfestival, kr 100 000 Stord Comalapa, kr 25 000 Huglo bygdalag, kr 50 000 Underskotsgaranti Festival 100 dagar, kr 25 000 Stord maritime museum, kr 100 000 Geopark Sunnhordland, kr 269 624

Nytt punkt 11 OKU Miljøterapeutar Ungdomsskule Kommunestyret er opptatt av å styrka førebygginga, og arbeids- og elevmiljøet i Stordskulen. Innføring av miljøterapeutar vil vere eit målretta løft for dette arbeidet, gjennom oppfølging av elevar, samt avlasting av lærarar, så desse i større grad kan konsentrera seg om kjerneoppgåvene. I forkant av innføringa av miljøterapeutar ber kommunestyret om ei kartlegging av organisering, bemanning og kostnadar, samanlikna med liknande kommunar. Saka skal også synleggjere alle typar profesjonar som er i Stord skulen i dag og oppgåvefordelinga desse imellom. Miljøterapeutar skal innførast seinast frå oppstart skuleåret 2026/2027. Finansieringa av tiltaket skal komme fram i kartlegginga og skal leggjast inn i 1. budsjett revisjon.

Nytt punkt 12 Sunnhordland Museum Kommunestyret ønskjer å innfri dei forventingane som er gitt ved tidlegare budsjett ved å løyva 2,5 millionar kroner til Sunnhordland Museum. Stord kommune er vertskommune for Sunnhordland Museum og ønskjer å vera med å sørgja for at Sunnhordland Museum får realisert nybygget som er planlagd. Midlane skal takast i frå utviklingsfondet.

Nytt punkt 13 Auka grunnbemanning i barnehagane Kommunestyret ønskjer å følgja opp kommunestyrevedtaket om å setja i verk auka grunnbemanning i barnehagane gjennom å styrkja spesialpedagogbemanninga for kommunale og private barnehagar eller anna innretting. Tiltaket skal koma ungane til gode gjennom å sikra fleire vaksne rundt ungane i barnehagane. Eventuelle øyremerka midlar i frå statsbudsjettet skal dekkja dette tiltaket, og midlane som er lagt inn i talbudsjettet fell då vekk.

Nytt punkt 14 Kunstgras på Vikahaugane Kommunestyret bed kommunedirektøren om å starta rehabilitering av kunstgrasbanen på Vikahaugane. Stord kommune dekkjer inntil 3 millionar kroner av investeringskostnadene. Ein føresetnad for løyvinga er at Stord Fotball også er med på finansieringa gjennom dugnad og eigenkapital. Kommunestyret opnar for at Stord Fotball kan få mellomfinansiering for spelemidlar og meirverdiavgiftskompensasjon i frå fond for lag og organisasjonar. Kommunestyret set som føresetnad for tildelinga at ein vel anna enn gummibasert granulat samt at det blir gjennomført forskriftsmessig opprydding etter granulatforureining rundt anlegga.

Nytt punkt 15 Kunstgras ved Hystad Skule Kommunestyret bed om at ein vurderer framtida til kunstgrasbanen ved Hystad Skule. Kommunestyret bed kommunedirektøren om å gå i dialog med skulen om korleis anlegget best kan tena aktivitetstilbodet for skulen.

Nytt punkt 16 RHO Frivilligheit Kommunestyret bed kommunedirektøren i større grad å styrkja frivilligheit gjennom å leggja til rette for og støtta frivillige lag, organisasjonar og enkeltpersonar som ønskjer å bidra spesielt inn i helse- og omsorgstenestene. Det skal etablerast ordningar som gjer det enkelt for frivillige å engasjera seg, og som sikrar god samhandling mellom kommunen, frivillige og pårørande. Målet er å styrkja livskvalitet, førebyggja einsemd og skapa meir aktivitet for brukarar av tenestene, samstundes som frivillig innsats kan avlasta og bidra til å redusera presset på dei tilsette, særleg i heimebaserte tenester.

Nytt punkt 17 Busetjing av flyktningar Kommunestyret vil følgja oppmodinga frå kommunedirektøren og busetja inntil 10 flyktningar i 2026, familiesameiningar kjem i tillegg. For kommunestyret er det også viktig at ein evnar å busetja bustadlause i Stord Kommune.

Nytt punkt 18 Betre drift og berekraftige tenester Kommunestyret understrekar behovet for betre drift og meir berekraftige tenester innan RHO-området. Stord kommune ligg i dag om lag 20 prosent over landssnittet i kostnader. Samstundes er sjukefråværet høgt, noko som påverkar både tenestekvalitet og økonomi. For å sikra gode og framtidsretta tenester, er det avgjerande at einingar og verksemder arbeider målretta med effektiv drift, redusering av fråvær og betre utnytting av ressursane. Kommunestyret vil be om tett oppfølging og rapportering på framgang i alle Formannskapsmøter for å fortløpande kunna vurdera om det trengst alternative måtar å organisera delar av tenestene på med mål om å ivareta kvalitet, føreseielegheit og berekraftig økonomi.

Nytt punkt 19 Arbeidsinkludering Kommunestyret bed kommunedirektøren igangsetje dialog og starta opp eit samarbeidsforum med Opero, Fontenehuset, Podlen, NAV og eventuelt andre med sikte på å sikra at ein drar i same retning og sikra god informasjonsflyt om tilboda slik at ingen som kan bidra vert fallande utanfor. Inkludering i arbeidslivet er viktig. Kommunestyret ønskjer at alle med restarbeidsevne og dei som er mellombels utanfor arbeidslivet, får høve til å bidra til samfunnet gjennom arbeid og deltaking i fellesskapet.

Nytt punkt 20 FSK Leiarutvikling, ressursstyring og sjukefråvær Kommunestyret anerkjenner at leiarane våre står ovanfor krevjande oppgåver i tida som kjem. Kommunestyret bed kommunedirektøren om å setja i gang eit initiativ som skal styrkja leiarkompetansen til våre leiarar. Leiing handlar om å oppnå resultat gjennom andre. Me ønskjer å gi leiarane våre gode verktøy og innføring i metodikk i endringsleiing og relasjonsledelse. Det er forventa at ein bruker ein del av dei avsette midlane på 1 millionar kroner til leiarstøtte til dette tiltaket. Kommunestyret ønskjer at kommunedirektøren søkjer om midlar i frå KS eventuelt statsforvaltar til dette formålet. Kommunestyret bed kommunedirektøren om å styrkja arbeidet med sjukefråværet ytterlegare. Ein ønskjer at ny rolle som HR-rådgivar skal kunna bruka ressursar på å få til dei tiltaka som er nødvendige for å redusera sjukefråværet. Kommunestyret ønskjer at ein brukar ein del av dei avsette midlane på 1 millionar kroner på dette.

Nytt punkt 21 Tømmerdrift Kommunestyret bed kommunedirektøren om å vurdera inntektspotensialet ved å starta opp tømmerdrift i kommunalt eigde skogar. Dersom dette viser seg å vera økonomisk berekraftig, bed kommunestyret kommunedirektøren om å starta opp dette arbeidet. Nytt punkt 22 Parkeringsordning Kommunestyret bed kommunedirektøren om å utgreia moglegheita for å innføra parkeringsavgift i Leirvik sentrum. Ordninga må ta i bruk den nyaste teknologien og vera økonomisk berekraftig for at dette eventuelt skal innførast.

Nytt punkt 23 Bruk av midlar i frå ny pensjonsleverandør Kommunestyret ønskjer å auka det økonomiske handlingsrommet i åra framover ved å redusera den høge gjeldsbyrda. Difor skal årleg minimum 10 millionar av frigjort premiefond på årleg 13,1 millionar gå til ekstraordinær nedbetaling av gjeld.

Framlegg frå Ap:

Endringar driftsbudsjett

2026 2027 2028 2029

(alle tal i mill. kr) Merinntekter/mindreutgifter

Endring statsbudsjett -13 -13 -13 -13

Finansinntekter -5 -5 -5 -5

Busetting 30 flyktningar -4,5 -4,5 -2,5 -1,5

Reduksjon elev-PCar -0,5 -1 -1 -1

Sum merinnt./mindreutg. -22 -22,5 -20,5 -19,5

Meirutgifter/mindreinntekter

Styrka ramme RHO 5 5 5 5

Busetting 30 flyktningar 4,5 4,5 2,5 1,5

Kirkens bymisjon - I jobb 0,65 0,65 0,65 0,65

Styrking fysiske skulebøker 0,5 1 1 1

Grunnbemanning barnehage 2 2 2 2

Sommarope basseng

0,13 0,13 0,13 0,13

kulturhuset

Geopark Sunnhordland 0,11 0,11 0,11 0,11

Sunnhordland Museum nytt 2,5 bygg

SLT-koordinator 1 1 1 1

Sum mindreinnt./meirutg. 12,89 13,28 11,28 10,28

Effekt endring investering -2 -13 -12,5 11

Bruk av utviklingsfond -2,5

Samla effekt driftsresultat -11,11 -22,11 -21,61 1,89

Endringar investeringsbusjett (alle tal i mill kr)

Endringar investering 2026 2027 2028 2029

13 nye sjukeheimsplassar 45,5 Backertunet

Plan- prosjekt Djupavikjo -2

Knutsaåsen ombygging -20 -10 -10

Avslutta arbeid sjukeheim

-8,26 -190 -338

Tjødnalio

Ny sjukeheim Knutsaåsen 1 350 330

Prosesjonsveg -6,3

Rehab. prosjekt og småbygg 5 5 5 5

Sum endringar

-28,06 -149,5 7 335

investering

Verbalpunkt:

11. Kommunestyret vedtek å avslutta arbeidet med ny sjukeheim på Tjødnalio, og tek i plassen opp att arbeidet med å ferdigstilla reguleringsplan og lysa ut konkurranse på bygging av ny sjukeheim på Knutsaåsen.

12. Kommunestyret bed rådmann gå i dialog med eigar av 2. etg. i Backertunet med sikte på å kjøpa og byggja om til 13 nye sjukeheimsplassar. Kommunestyret legg til grunn at plassane skal kunna omdisponerast til omsorg+-bustader på eit seinare tidspunkt.

13. Kommunestyret vedtek å avslutta arbeidet med cruisebåtmolo og ferjestø i Djupavikjo. Kommunestyret held fast på tidlegare vedtak om at innkorting av ferjesambandet Stord-Kvinnherad skal skje via Huglo og Tysnes. Frigjort årsverk innan plan skal nyttast til ferdigstilling av KPA så raskt som råd.

14.Kommunestyret vedtek å ikkje leggja ned 13 sjukeheimsplassar i

2026. Kommunestyret legg til grunn at tildeling av sjukeheimsplass vert gjort ut i frå

tilgjengeleg kapasitet, ressursbruk, nytte og alvorsgrad. Desse vurderingane og prioriteringane må gjerast fortløpande. I tråd med dette skal kapasiteten ved Knutsaåsen ikkje reduserast.

15. Kommunestyret legg til grunn at det vert lagt fram sak om rackethallen i samsvar med vedtak PS 51/2025 før evt. investering vert gjennomført.

Framlegg frå SV:

Endringar frå kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for 2026 Drift

2026 2027 2028 2029 2030

Rammetilskot -12 -15 -20 -25 -30

Eigedomsskatt -12,7 -20 -20 -25 -25

Parkering -2,1 -2,5 -3 -3,5 -3,5

Planarbeid 1 stilling

-0,9 -0,9 -0,9 -0,9 -0,9

Djupavika

Auka bemanning barnehagar 5 5 5 5 5

Auka bemanning pleie og

10 10 10 10 10

omsorg

SLT-koordinator 0,9 0,9 1 1 1

30 flyktingar 0 0 0 0 0

Kirkens bymisjon 0,9 0,9 0,9 0,9 1

Til ubudne fond -10,9 -21,6 -27 -37,5 -42,4

Investeringa Stord kommune Nedtrekk planarbeid 2 Djupavika

Hamn Nedtrekk planarbeid 2 Djupavika

Verbalpunkt:

1. Kommunestyret (KST)bed om ei sak der ein greier ut etablering av krematorium. KST bed om at eit mogleg interkommunalt samarbeid er ein del av utgreiinga.

2. KST bed om ein gjennomgang av kommunen sine innkjøp, der målet er å sikra at ein tek omsyn til klima, miljø, naturmangfald, menneskerettar og folkeretten i samband med innkjøp.

3. KST bed om ei sak der ein vurderer ordningar for feriereiser for menneske med trong for følgjesperson.

4. KST bed Administrasjonsutvalet om å følgja omstillingsprosessen tett, og ha denne på sakskartet i kvart møte.

5. KST bed om at ubundne fond er tilgjengelege for justering av drift under omstilling.

6. KST bed om at ein i kommuneplanen sin arealdel har med at alle private hus og bygg skal kunna byggjast eller byggjast om til livsløpsstandard.

7. KST bed om at kommuneplanen sin arealdel syner moglegheiter for utbygging av bustadtun/husvere med fellesareal, der bebuarane kan organisera for sjølvhjelp, eigenomsorg og sosialt fellesskap.

8. Kommunestyret bed om at ein skal vektleggja ivaretaking av matjord og god tilgjenge til strandsonene og friluftsområde for ålmenta i nærleiken av bustadområde i den nye kommuneplanen.

9. KST bed om at kollektivtilbodet i kommunen må vidareutviklast og bli meir fleksibelt m.o.t. storleik på bilparken ein operer med. KST bed om at snøggbåttrafikken i Sunnhordlandsbassenget vert utbetra, med grøne energiløysingar. KST vil samarbeida med Vestland fylkeskommune for å utbetra kollektive transportløysingar i kommunen. KST oppmodar dei store verksemdene i regionen til å samarbeida tett om transport til og frå jobb.

10. KST bed om at alle offentlege nybygg ved renovering, må ha energieffektiviserande og grøne energiløysingar (varmepumper til jord/sjø, solceller m.v.)

11. KST bed om ei oppdatert registrering av artsmangfaldet i kommunen, der resultatet skal inn i det nasjonale registeret, og liggja som ein del av den nye arealplanen. Dette kan gjennomførst i samarbeid med andre aktørar og friviljuge organisasjonar.

12. KST bed om ei sak der ein greier ut ei mogleg etablering av ei stilling som kulturarbeidar ved Kulturhuset. Stillinga skal ha ansvar for å byggja relasjonar med ungdom, leggja til rette for aktivitetar, utlån av bandrom, samlingslokale i kjellaren, bruk av bibliotek m.m. og bidra til å skapa eit trygt og inkluderande miljø.

13. KST bed om ei sak der ein vurderer ombygging den gamle skytebanen i Stord Kulturhus, slik at lokalet kan nyttast til samlingslokale for ungdom.

14. KST bed om at Stord kommune skal få attende stillinga SLT-koordinator for å sikra eit heilskapleg samarbeid mellom kommunen, politiet og andre aktørar for å førebyggja rus og kriminalitet.

Framlegg frå Sp:

Endringar

driftsbudsjett relativt 2026 2027 2028 2029 Merknad

rådmannen sitt

Barnehage auka 2 000 2 000 2 000 2 000

grunnbemanning 000 000 000 000

Realistisk budsjettering, treng

10 000 tid å realisera

RHO-området

000 innsparingar

skissert av kommunedirektøren

Auka kostnader som Fleksibilitet i høve

5 000 5 000

følge av rehabilitering budsjettetert

000 000

Knutsaåsen innsparing

1 150 1 150 1 150

Kirkens bymisjon/I jobb 650 000

000 000 000

Reguleringsplan

250 000 250 000

fastsamband Huglo Inkluder investering

Auka i fysiske skulebøker

5 000

elevressursar/diverse og

000

skul telefongodtgjersle

lærarar

1 200 1 200 1 200 1 200

SLT-koordinator

000 000 000 000

Prosjekt bustadslause i 1 000

Stord kommune 000

Verdibevarande

5 000 5 000 5 000 5 000

vedlikehald kommunale

000 000 000 000

bygg Ekstra inntekt Stord

-13 000 -13 000 -13 000 -13 000

kommune

000 000 000 000

kommuneopplegget

Dekka konsulentbruk - 2 000 - 2 000 -2 000 -2 000

med eigne ressursar 000 000 000 000

-1 000

Tømmerdrift Granhogst

000

-1 000 -1 000 -1 000

Innsparing leigde areal -500 000

000 000 000

Realistisk budsjettering. Per 30.09.2025 er

-10 000 -10 000 -10 000 -10 000

Endring skatteanslag skatteinngong 26,7

000 000 000 000

mill høgare enn revidert budsjett 2025

-5 000 -1 000 -1 000 -1 000 SKL +

Avkasting finans

000 000 000 000 kapitalavkasting

Reversera auken

FSK godtgjersle -150 000 -150 000 -150 000 -150 000 formannskapet

vedtok Følgja beste praksis

Fastlegeordning, -2 000 -2 000 -2 000 -2 000

for tilsetjing av

mindreforbruk vikar 000 000 000 000

fastlegar

1 405 2 865

Endra kapitalkostnader -96 000 275 000

000 000

Mindreforbruk i høve

- 3 646 - 14 275 -18 395

rådmannen sitt oppr. - 16 935

000 000 000

budsjett

Verbalpunkt:

Nye punkt.

1. Kommunestyret ber om ei utgreiing av konsekvensar ved å innføra eit prinsipp om at netto gjeld utanom sjølvkostområda ikkje skal auka i perioden 2026-2029. Institusjonsplassar og opprusting Langeland skule skal prioriterast.

2. Kommunestyret held fast på at føretrukken framtidig løysing for fastsamband/innkorta ferjesamband mot Kvinnherad er Sunnhordlandsdiagonalen over Huglo, og avsluttar arbeidet med molo, cruisekai og nytt ferjestø ved Djupavikjo.

3. Prosjekt Bustadslause Kommunestyret ber om at det vert sett i gong eit prosjekt for å sikra bustader til vanskelegstilte som ikkje klarer å skaffa seg bustad sjølve.

Framlegg frå R:

Auka inntekter/mindre utgifter sett i forhold til kommunedirektøren sitt framlegg

Utgifter 2026 2027 2028 2029

Reversere forslaget på kutt

12 12 12 12

av 13 sykehjemsplasser Auka grunnbemanning i

2 1,6 1,6 1,6

barnehagar Introd- og kvalistønad,

tolkeutgifter, busetjing og 1,3 1,3 1,3 1,3

oppfølging av flyktningar

Kirkens bymisjon 0,7 0,8 0,9 1

SLT koordinaor

0,9 0,9 0,9 1

Forebyggende tiltak Eleressurs/fysiske lærebøker

som suplement til det 0,6 0,5 0,4 0,3

digitale læreverktøyet

Ta inn 20 flyktninger 0 0 0 0

Totalt 17,5 17,1 17,1 17,2

Inntekter 2026 2027 2028 2029

Auka skatteinnslaget 5 1 0,5 0

Auke eiendomsskatt med 1

12,7 12,7 12,7 12,7

promille

Parkering Leirvik sentrum 2,1 2,1 2,1 2,1

15% redusert løn til ordførar,

varaordfører, utvalgsledere 0,3 0,4 0,5 0,6

og politikarar Reduskjon på bruk av

konsulenter og dyre vikarer 0,5 1 1,5 2

fra bemanningsbyrå

Totalt 20,6 17,2 17,3 17,4

Mindre forbruk 3,1 0,2 0,3 0,3

Endringar

2026 2027 2028 2029

investeringsbudsjett Kutte planene for

Djupavikjo- 2 0 0 0

prosjektet/cruisehavn Sal av akser i Stavanger to

0,1 0 0 0

Bergen aksjer

2,1 0 0 0

Endringer i

2026 2027 2028 2029

havnebudsjettet Kutte planene for Djuavikjo-

2 0 0 0

prosjektet/Cruisehavn

Auka inntekter/mindre utgifter sett i forhold til kommunedirektøren sitt framlegg

Verbalpunkt:

1. Stord kommune har per i dag mellom fem og sju bostadlause personar. Fleire av dei som er utan bustad, bur i mellombelse og uverdige forhold, ofte trongt og under dårleg standard. Born blir særleg råka av dette. Det haster med tiltak for å sikre innbyggjarar i sårbare situasjonar ein trygg og stabil bustad. Det er venta auka statlege rammeoverføringar i komande periode. Kommunestyret vedtek at ein del av desse midlane blir øyremerka tiltak som styrkjer arbeidet mot bustadløyse og etablerer meir stabile og varige løysingar. Kommunedirektøren får fullmakt til å starte gjennomføringa av akutte tiltak umiddelbart og kome tilbake med detaljert kostnadsplan for dei mellombelse og langsiktige tiltaka.

2. Budsjett og

økonomiplan 2026:

Det endelege budsjettet for Stord kommune vil bli lagt fram for ei ny runde med behandling og vedtak i kommunestyret sitt desembermøte. Dette vil vere nødvendig dersom dei pågåande statsbudsjettforhandlingane resulterer i ekstra løyvingar eller endringar i rammetilskotet til Stord kommune. Ei slik oppdatering kan påverke dei økonomiske føresetnadene for kommunen, og det er derfor viktig at budsjettet blir justert og vedteke på grunnlag av dei endelege statlege føringane.

3. Fritak for eiendomsskatt:

Husstandar med vedvarande låg inntekt, særleg einslege uføre og minstepensjonistar i Stord kommune, kan innvilgast heilt eller delvis fritak etter eigedomsskattelova § 28 dersom husstanden si bruttoinntekt ikkje overstig 3 G, og dersom disponibel formue i form av kontantar eller bankinnskot ikkje overstig 1 G. Leigeinntekter skal inngå i inntektsgrunnlaget. Fritaket er personleg og gjeld berre bustader der eigar sjølv bur. Fritids- og sekundærbustader er unnatekne ordninga. Fritak kan innvilgast for eitt kalenderår av gongen og kan forlengjast etter ny søknad.

Røysting:

Framlegget frå R fall med 1 (R) mot 34 røyster.

Framlegget frå Sp utan verbalpunkt fall med 1 (Sp) mot 34 røyster.

Framlegget frå Sp verbalpunkt 1 og 2 fall med 2 (Sp og R) mot 33 røyster.

Framlegget frå Sp verbalpunkt 3 vart samrøystes vedteke.

Framlegget frå SV utan verbalpunkt fall med 3 (SV) mot 32 røyster

Framlegget frå SV verbalpunkt 1 - 14 fall med 4 (SV og R) mot 31 røyster.

Framlegget frå Ap fall med 13 (Ap og SV) mot 22 røyster.

Framlegget frå H, Frp, Krf, V og INP vart vedteke med 20 mot 15 (Sp, R, SV og R) røyster,

Innstilling frå formannskapet med vedtekne tillegg og endringar vart vedteke med 34 mot 1 (R) røyst.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.