Revidering av retningsliner for tildeling av sals- og skjenkeløyve i Stord kommune for perioden 2024-2028, etter forskriftsendring
Vedtak
Kommunestyret vedtek nytt punkt 7.1.6, i retningsliner for tildeling av sals- og skjenkeløyve i Stord kommune 2024-2028:
6. Arrangement utandørs Det kan som hovudregel bli tildelt løyve for arrangement utandørs fram til kl. 23:00, jf. Ny forskrift om opningstid for serveringsstader, samt skjenke- og salstider, Stord kommune, Vestland, § 4-1. For å ivareta ein god balanse mellom kultur- og næringspolitiske omsyn og omsynet til lokalmiljøet for øvrig, er skjenkeløyve med utvida skjenketida avgrensa til seinast kl. 24:00, natt til laurdag og natt til søndag, for éit særskilt årleg arrangement per løyvehavar. For å førebyggja dei skadeverknadane alkoholbruk kan innebera, samt sikra forsvarleg utøving av skjenkeløyvet, gjeld følgjande særskilte vilkår for utvida skjenketid:
a)Løyvet er avgrensa til alkoholgruppe 1 og 2. b)Løyvehavar skal sikra at eit utval av alkoholfrie og alkoholsvake alternativ er lett tilgjengeleg under arrangementet. c)Personell skal få opplæring i ansvarleg vertskap og ha rutinar for å avvise personar som er openbart påverka av rusmiddel. d)Internkontroll etter alkoholforskrifta kap. 8, skal særskilt dokumentera tiltak for å ivareta punkta 7.1.3 og 7.1.6, b og c, og vera sendt inn til kommunen seinast 14 dagar innan arrangementsdato. Mangelfull internkontroll innan frist kan føre til avslag på søknad om utvida skjenketid. e)Etter arrangementet skal det snarast, og innan 14 dagar, sendast inn rapport om faktisk omsett mengd alkohol. Dersom tilsynsmynde melder inn brot på alkoholregelverket, skal løyvehavar i tillegg senda inn ei beskriving av relevante forbetringstiltak. f)Manglande innrapportering i samsvar med punkt e kan få konsekvens for seinare tildeling av skjenkeløyve for utandørsarrangement, ut over hovudregelen. Unntak – politisk handsaming I særlege tilfelle kan saker som etter retningslinjene elles ville vore avgjort administrativt løftast til formannskapet for endeleg avgjerd. Vurderinga skal ta omsyn til saka sin karakter, omfang, prinsipiell betydning eller andre særlege omsyn.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Anja Montsko Austlid Framlegg frå Frp, H og V:
Unntak – politisk handsaming I særlege tilfelle kan saker som etter retningslinjene elles ville vore avgjort administrativt løftast til formannskapet for endeleg avgjerd. Vurderinga skal ta omsyn til saka sin karakter, omfang, prinsipiell betydning eller andre særlege omsyn.
Røysting:
Tilleggsframlegget frå Frp, H og V vart vedteke med 18 mot 17 (Ap, SV, Krf, Abdallah UA, R og Sp) Innstillinga frå utval for rehabilitering, helse og omsorg vart samrøystes vedteke
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.