Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Stord · Saker

Rackethallen - vidare drift

Sak 51/2025 · Kommunestyret 30. oktober 2025 · Behandlet

Vedtak

1.Kommunestyret vedtek å gå for alternativ 1a – utbetring av dei mest skadde takelementa ved innmontering av nye bjelkar, med atterhald om at rapporten frå kartlegginga av sopp- og muggdanningar i hallen konkluderer med at vidare bruk er tilrådelig. Alternativet vert løyst innanfor dagens driftsbudsjett.

2. Kommunestyret viser til at styret i Stord IL har vedteke at idrettslaget sjølv ynskjer å byggja ny dobbelthall i tråd med arealanalysen for Vikahaugane. Kommunestyret meiner dette vil vera den beste løysinga, og bed kommunedirektøren gå i dialog med idrettslaget for å avklara korleis kommunen kan vera med og leggja til rette for utbygging i regi av idretten. Eventuell kommunal medfinansiering må vurderast særskilt

3. Kommunestyret bed kommunedirektøren starta prosjektutviklingsarbeid på ny enkel hall på dagens lokasjon med høvesvis 25 og 50 års levetid (alt. a og b), samt gå i forhandlingar med idretten og Vestland fylkeskommune som leigetakarar.

4. Kommunestyret legg til grunn at endeleg val av alternativ vert handsama i eiga sak der ikkje berre utbyggingskostnader, men også livsløpskostnader vert vurderte, i tillegg til bruksverdi for idretten og den vidaregåande skulen.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Gaute Straume Framlegg frå Ap, Frp, H, V og Krf:

Epland 1.Kommunestyret vedtek å gå for alternativ 1a – utbetring av

dei mest skadde takelementa ved innmontering av nye bjelkar, med atterhald om at rapporten frå kartlegginga av sopp- og muggdanningar i hallen konkluderer med at vidare bruk er tilrådelig. Alternativet vert løyst innanfor dagens driftsbudsjett. Nytt pkt. 2 Kommunestyret viser til at styret i Stord IL har vedteke at idrettslaget sjølv ynskjer å byggja ny dobbelthall i tråd med arealanalysen for Vikahaugane. Kommunestyret meiner dette vil vera den beste løysinga, og bed kommunedirektøren gå i dialog med idrettslaget for å avklara korleis kommunen kan vera med og leggja til rette for utbygging i regi av idretten. Eventuell kommunal medfinansiering må vurderast særskilt. Nytt pkt. 3 Kommunestyret bed kommunedirektøren starta prosjektutviklingsarbeid på ny enkel hall på dagens lokasjon med høvesvis 25 og 50 års levetid (alt. a og b), samt gå i forhandlingar med idretten og Vestland fylkeskommune som leigetakarar. Nytt pkt. 4 Kommunestyret legg til grunn at endeleg val av alternativ vert handsama i eiga sak der ikkje berre utbyggingskostnader, men også livsløpskostnader vert vurderte, i tillegg til bruksverdi for idretten og den vidaregåande skulen.

Røysting:

Framlegget frå Ap, Frp, H, V og Krf vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.