Krisesenter Vest - prosjekt nytt bygg
Vedtak
1.Bygging av nytt krisesenter vert gjennomført med ei pris ramme(ein målpris) på 120 mill. kr. Lokalisering er fastsett til Aksdal i Tysvær kommune. Prosjektet vil, slik det går fram av saka, medføra auka driftsutgifter for alle eigarkommunane og kostandane må innarbeidast i Stord kommune sitt budsjett og økonomiplan frå det året bygget vert tatt i bruk.
2. Kommunestyret gir Tysvær kommune fullmakt og ansvar som byggherre og oppdragsgjevar for byggeprosjektet «nytt krisesenter» i Aksdal. Tysvær kommune får mynde til å inngå naudsynte kontraktar, fylgja opp framdrift, kvalitet og økonomi, samt sikra at prosjektet vert gjennomført i tråd med vedtekne mål og rammer.
3. Kommunestyret tek atterhald ved vesentlege auke i kostandane og ber i så fall styret komma attende med ei sak der og alternative løysingar er utgreidd og vurdert.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Røysting:
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.