Framlegg til endring i Reglement for kommunestyret pkt. 24 - Orden i salen og bygningen
Vedtak
Nytt punkt 11 - Om innlegg i ordskiftet:
Talarane skal retta orda sine til møtestyraren, ikkje til møtelyden. Dei skal halda seg nøye til saka eller til den delen av saka som ordskiftet gjeld. Møtestyraren skal akta på at dette vert gjort. Talarane må ikkje ordleggja seg slik at dei valde medlemene, møtelyden eller andre har grunn til å kjenna seg krenkte. Ingen må gi uttrykk for si meining med å laga ståk eller uro i salen.
Møteleiaren kan gje åtvaring ved brot på desse reglane. Dersom åtferda held fram og
faktisk hindrar gjennomføring av møtet, kan møtestyraren etter å ha gjeve representanten høve til å uttala seg la møtelyden røysta over spørsmålet om han skal stengjast ute frå resten av møtet. Nytt punkt 24 - orden i salen og bygningen:
Møtestyraren skal syta for at det er ro og orden i møtesalen, publikumsrommet og i rådhuset elles. Han skal syta for at talarane ikkje vert stogga eller uroa frå nokon kant. Vert saksførehavinga, og møtet elles, hefta på grunn av uro og oppstyr i salen og rådhuset elles, kan uromakarane visast ut. Det same gjeld dersom dei elles syner framferd som er i strid med god orden. Klesdrakt og framferd skal ikkje innehalda eller visa symbol, tekst eller bilete som har karakter av aksjonseffekt eller politisk markering, med mindre møteleiaren særskilt har gjeve løyve til dette. Utan at møtestyraren eller kommunestyret har gitt løyve til det, kan heller ingen gjennom plakatar eller på annan visuell måte gi slike uttrykk for sitt syn
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Anja Montsko Austlid Framlegg frå H, KrF, V og FrP:
Nytt punkt 11 - Om innlegg i ordskiftet:
Talarane skal retta orda sine til møtestyraren, ikkje til møtelyden. Dei skal halda seg nøye til saka eller til den delen av saka som ordskiftet gjeld. Møtestyraren skal akta på at dette vert gjort. Talarane må ikkje ordleggja seg slik at dei valde medlemene, møtelyden eller andre har grunn til å kjenna seg krenkte. Ingen må gi uttrykk for si meining med å laga ståk eller uro i salen. Møteleiaren kan gje åtvaring ved brot på desse
reglane. Dersom åtferda held fram og faktisk hindrar
gjennomføring av møtet, kan møtestyraren etter å ha gjeve representanten høve til å uttala seg la møtelyden røysta over spørsmålet om han skal stengjast ute frå resten av møtet. Nytt punkt 24 - orden i salen og bygningen:
Møtestyraren skal syta for at det er ro og orden i møtesalen, publikumsrommet og i rådhuset elles. Han skal syta for at talarane ikkje vert stogga eller uroa frå nokon kant. Vert saksførehavinga, og møtet elles, hefta på grunn av uro og oppstyr i salen og rådhuset elles, kan uromakarane visast ut. Det same gjeld dersom dei elles syner framferd som er i strid med god orden. Klesdrakt og framferd skal ikkje innehalda eller visa symbol, tekst eller bilete som har karakter av aksjonseffekt eller politisk markering, med mindre møteleiaren særskilt har gjeve løyve til dette. Utan at møtestyraren eller kommunestyret har gitt løyve til det, kan heller ingen gjennom plakatar eller på annan visuell måte gi slike uttrykk for sitt syn
Røysting:
Innstillinga frå formannskapet fall samrøystes. Framlegget frå H, Krf, V og FrP vart vedteke med 20 mot 15 røyster (Ap, UA, SV, R og Sp).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.