Budsjettrevisjon og tertialrapportering 1. tertial 2025
Vedtak
1. Kommunestyret vedtek budsjettrevisjon for 1. tertial 2025 med følgande endring:
Kommunestyret tek føresetnad om at tildeling av tenester, herunder sjukeheimsplass, vert gjort ut i frå tilgjengeleg kapasitet, ressursbruk, nytte og alvorsgrad. Innbyggarane skal få forsvarleg helsehjelp. Desse vurderingane og prioriteringane må gjerast fortløpande. I tråd med ovannemnde vil kapasiteten ved Stord sjukeheim ikkje reduserast.
2. Kommunestyret foreslår at netto budsjettendringar netto mindreforbruk på 7,9 mill. Mindreforbruket er foreslått overført til disposisjonsfondet.
3. Kommunestyret er positive til nytt bufellesskap innan habiliteringstenestene og ser at dette kan vere eit positivt tiltak i omstillinga av Stord kommune. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å greie ut ei eiga sak om tomteval før ein godkjenner tomtekjøp i Kårevik. Ein ber om at også andre lokasjonar vert vurderte, og at ein får vurdert heilskapen innan habilitering før ein landar på val av tomt. Kommunestyret ber kommunedirektøren kome tilbake til finansiering i saka om tomteval.
4. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å fortsette med forprosjekt for Langeland skule. Kommunestyret anser 2 mill til forprosjekt Langeland skule som investeringsmidlar i overordna hovudprosjekt, og etter vedtekne premiss og ber kommunedirektøren leggje dette inn i investeringsbudsjettet for 2026. Kommunestyret visar til vedtak i PS 11/25 Framtidig skulestruktur (..) om framdrift i skulestrukturutviklinga. Sak om justering av skulekrinsgrenser må samsvara med framdrift i opprusting av Langeland skule, og som konsekvens av forprosjekt og hovudprosjekt, ei sak om reviderte krinsgrenser før dette er ikkje relevant
5. Kommunedirektøren får fullmakt til å justere uttrekk vatn og avløp slik at beløpa blir korrekte i heile økonomiplanperioden.
6. Kommunestyret ber om ei justering av bestillinga av sak om styrka grunnbemanning i barnehage. Kommunestyret ønsker at sak bestillt i PS 88/24 Årsbudsjett 2025 og Økonomiplan 2025-2028 skal ta for seg praktisk innretting av auka grunnbemanning med utgangspunkt i endra rammeføresetnadar. Herunder kan vurderast styrka tidleg innsats, vikarpool, fagarbeidarstyrking o.l. Tilsette sine fagforeiningar og private og kommunale barnehagar skal få høve til å koma med innspel.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Gaute Straume Framlegg frå Ap:
Epland Kommunestyret vedtek å ikkje gå vidare med den føreslegne
reduksjonen av 9 sjukeheimsplassar. Kommunestyret legg til grunn at kommunedirektøren framover har som øvste prioritet å få kontroll på dei samla utgiftene innan RHO-området. Om naudsynt må utgreiingar og andre pågåande prosessar som tek administrativ kapasitet utang å gje utgiftsreduksjonar, setjast på vent. Tilleggspunkt:
Kommunestyret vedtek å gå tilbake til ein PC per tredje elev på dei fire første trinna i grunnskulen for å redusera kostnader og gje ein betre balanse mellom digitale og fysiske læremiddel.
Tore Roth Blokhus Framlegg frå SV:
Stord Kommune har motteke 1,9 millionar ekstra statlege midlar tiltenkt bemanning i barnehage i rammetilskotet for 2025. Desse vert nytta på følgande måte:
- Målretta tiltak til barnehagar med høg andel born med tilretteleggingsbehov
- Midlane til auka bemanning vert nytta til auka bemanning i
barnehagar med særlege utfordringar, både private og
kommunale.
- Midlane vert tildelt etter spesifikke kriterier utarbeidd i samarbeid med organisasjonane. Midlane vil gje samtidig finansiering til både private og kommunale barnehagar og vert gjeve etter ei søknadsordning der kommunen stiller vilkår til bruken av midlane. Auka bemanning er venta å ha positiv effekt på mellom anna:
- språkutviking
- sosial inkludering
- individuelle tiltak
- sjukefråvær
Reinert Svanberg Framlegg frå Frp, H, Krf og V:
1. Kommunestyret vedtek budsjettrevisjon for 1. tertial 2025 med følgande endring: Kommunestyret tek føresetnad om at tildeling av tenester, herunder sjukeheimsplass, vert gjort ut i frå tilgjengeleg kapasitet, ressursbruk, nytte og alvorsgrad. Innbyggarane skal få forsvarleg helsehjelp. Desse vurderingane og prioriteringane må gjerast fortløpande. I tråd med ovannemnde vil kapasiteten ved Stord sjukeheim ikkje reduserast.
2. Kommunestyret foreslår at netto budsjettendringar netto mindreforbruk på 7,9 mill. Mindreforbruket er foreslått overført til disposisjonsfondet.
3. Kommunestyret er positive til nytt bufellesskap innan habiliteringstenestene og ser at dette kan vere eit positivt tiltak i omstillinga av Stord kommune. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å greie ut ei eiga sak om tomteval før ein godkjenner tomtekjøp i Kårevik. Ein ber om at også andre lokasjonar vert vurderte, og at ein får vurdert heilskapen innan habilitering før ein landar på val av tomt. Kommunestyret ber kommunedirektøren kome tilbake til finansiering i saka om tomteval.
4. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å fortsette med forprosjekt for Langeland skule. Kommunestyret anser 2 mill til forprosjekt Langeland skule som investeringsmidlar i overordna hovudprosjekt, og etter vedtekne premiss og ber kommunedirektøren leggje dette inn i investeringsbudsjettet for 2026. Kommunestyret visar til vedtak i PS 11/25 Framtidig skulestruktur (..) om framdrift i skulestrukturutviklinga. Sak om justering av skulekrinsgrenser må samsvara med framdrift i opprusting av Langeland skule, og som konsekvens av forprosjekt og hovudprosjekt, ei sak om reviderte krinsgrenser før dette er ikkje relevant
5. Kommunedirektøren får fullmakt til å justere uttrekk vatn og avløp slik at beløpa blir korrekte i heile økonomiplanperioden.
6. Kommunestyret ber om ei justering av bestillinga av sak om styrka grunnbemanning i barnehage. Kommunestyret ønsker at sak bestillt i PS 88/24 Årsbudsjett 2025 og Økonomiplan 2025- 2028 skal ta for seg praktisk innretting av auka grunnbemanning med utgangspunkt i endra rammeføresetnadar. Herunder kan vurderast styrka tidleg innsats, vikarpool, fagarbeidarstyrking o.l. Tilsette sine fagforeiningar og private og kommunale barnehagar skal få høve til å koma med innspel.
Røysting:
Tilleggsframlegget frå SV fall med 14 (Ap, SV, R og Sp) mot 19røyster
Tilleggspunktet frå Ap fall med 15 (Ap, SV, R, Sp og INP) mot 18 røyster.
Framlegget frå Frp, H, Krf og V punkt 1 vart vedteke med 18 mot 15 røyster (Ap, SV, R,
Sp og INP), som røysta for endringsframlegget frå Epland (Ap). Framlegget frå Frp, H, Krf og V punkt 2 - 6 vart vedteke med 32 mot 1 (R) røyst.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.