Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Stord · Saker

Val av tomt for ny sjukeheim

Sak 23/2025 · Kommunestyret 22. mai 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Kommunestyret tek til vitande tomteanalysen frå Asplan Viak med tilhøyrande vedlegg slik det går fram i saka.

2. Ut frå ei heilskapleg vurdering vel kommunestyret å bygge ny sjukeheim på eigedom gnr./bnr. 56/294 Tjødnalio, då dette er den økonomisk mest fordelaktige tomta.

3. Kommunedirektøren får i oppdrag å sikra seg kapasitet på straum på tomta i Tjødnalio med nettleverandør Fagne, med anleggsbidrag vurdert til om lag 1,5 mill. kr.

4. Kommunedirektøren får i oppdrag å setja i gang arbeidet med reguleringsplan for tomta i Tjødnalio straks og ber kommunedirektøren annonsere oppstart av planarbeid før sommeren.

5. Kommunedirektøren får i oppdrag å setja i gang prosjekt hjartesone ved Tjødnalio skule. Dette for å sikre at ein får ei trafikksikker og langsiktig løysing som også gir ei god løysing under byggeperioden.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Gaute Straume Framlegg:

Epland 1. Kommunestyret bed kommunedirektør leggja fram ei sak om

kjøp og ombygging av 2. etg. i Backertunet til 13 nye sjukeheimsplassar.

2. Kommunestyret bed om at reguleringsplan for ny sjukeheim på Knutsaåsen vert ferdigstilt.

Øyvind Kyvik Framlegg frå H, Frp, Krf og V:

1. Kommunestyret tek til vitande tomteanalysen frå Asplan Viak med tilhøyrande vedlegg slik det går fram i saka.

2. Ut frå ei heilskapleg vurdering vel kommunestyret å bygge ny sjukeheim på eigedom gnr./bnr. 56/294 Tjødnalio, då dette er den økonomisk mest fordelaktige tomta.

3. Kommunedirektøren får i oppdrag å sikra seg kapasitet på straum på tomta i Tjødnalio med nettleverandør Fagne, med anleggsbidrag vurdert til om lag 1,5 mill. kr.

4. Kommunedirektøren får i oppdrag å setja i gang arbeidet med reguleringsplan for tomta i Tjødnalio straks og ber kommunedirektøren annonsere oppstart av planarbeid før sommeren.

5. Kommunedirektøren får i oppdrag å setja i gang prosjekt hjartesone ved Tjødnalio skule. Dette for å sikre at ein får ei trafikksikker og langsiktig løysing som også gir ei god løysing under byggeperioden.

Røysting:

Framlegget frå Epland (Ap) punkt 1 fall med 15 (Ap, SV, R og Sp) mot 20 røyster. Framlegget frå Epland (Ap) punkt 2 fall med 14 (Ap, SV og Sp) mot 21 røyster. Framlegget frå H, Frp, Krf og V vart vedteke med 20 mot 15 (Ap, SV, R og Sp) røyster.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.