Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Stord · Saker

Garantiar for lån i Stord vatn og avløp AS

Sak 19/2025 · Kommunestyret 29. april 2025 · Behandlet

Vedtak

1.Stord kommune garanterer med sjølvskuldnarkausjon for lån som Stord vatn og avløp AS tek opp til investeringar i utbygging av leidningsnett for vassforsyning og avlaup i 2025. 2.Stord kommune garanterer med sjølvskuldnarkausjon for lån som Stord vatn og avløp AS tek over frå Stord kommune til finansiering av anleggsmidlane som blir overført til Stord vatn og avløp AS i samband med verksemdsoverdraging. 3.Garantien for investeringar i 2025 gjeld for hovudstolen til lånet maksimum kr 226 700 000 med tillegg av 10% av den til ei kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av tillagde renter og omkostningar. Kommunen sitt maksimale garantiansvar kan ikkje overstige 226 700 000 kroner + 10%. 4.Garantien for overtaking av lån frå Stord kommune utgjer maksimalt kr 1 312 000 000 med tillegg av 10% av den til ei kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av tillagde renter og omkostningar. Kommunen sitt maksimale garantiansvar kan ikkje overstige kr 1 312 000 000 kroner + 10%. 5.Garantiansvaret vert redusert i takt med nedbetalinga av lånet og stansar etter 38 år med tillegg av inntil 2 år. 6.Garantien skal godkjennast av Statsforvaltaren før den er gjeldande, jfr. Kommunelova §14- 19

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Røysting:

Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.