Mogleg sal gamle Litlabø skule - gnr.33/6 og del av gnr.33, bnr.25
Vedtak
1. Kommunestyret gjev kommunedirektøren fullmakt til å leggja gnr.33/6 og gnr.33/25 ut på den opne marknaden for sal til minimum takst. Endeleg sal skal opp til politisk handsaming.
2. Innkomne bod under takst frå ideelle organisasjonar kan også vurderast. Sal under takst skal ha gjenkjøpsklausul. Endeleg sal skal opp til politisk handsaming.
3. Kommunestyret ønsker å oppmoda frivillige og ideelle som er interessert om å gå saman i fellesskap for å sjå på sameige og sambruk til gagn for Litlabø- og lokalsamfunnet.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Gaute Straume Framlegg:
Epland Kommunestyret viser til at Huglo skule i si tid vart seld til Huglo
bygdalag for ein symbolsk sum for at skulebygget og -området skulle halda fram som ein samlingsplass for bygda også etter skulen var nedlagt. Kommunestyret ynskjer på same vis at den no nedlagde Litlabø skule skal fortsett vera ein samlingsplass for Litlabø-bygda. Kommunestyret bed difor kommunedirektøren gå i dialog med organisasjonane som har vist interesse for bygget/tomta med sikte på å komma fram til ein kjøps- eller leigeavtale som fritar kommunen for utgifter, ikkje svekkjer kommunen sitt økonomiske resultat, og samstundes sikrar at skulebygga og - tomta vert ein samlingsplass for bygda med aktivitetar til gagn for allmenta. Avtalen skal leggjast fram for utval og kommunestyre i ny sak.
Mohamed Kallel Framlegg:
1. Kommunestyret ønskjer at Litlabø skule halda fram som ein samlingsplass for Litlabø bygda også etter skulen var nedlagd. Kommunestyret ønskjer at Litlabø Nærmiljøanlegg få kjøpa den«gamle skuletomta» på Litlabø, gnr.33, bnr.6 for ein symbolsk sum.
2. Kommunestyret ber kommunedirektøren gå i dialog med
organisasjonane som har vist interesse for gnr.33/25 –
tidlegare Litlabø skule, med sikte på å komma fram til ein kjøp-avtale som sikrar at skulebygga og -tomta blir ein samlingsplass for bygda med aktivitetar til gagn for allmenta. Avtalen skal leggjast fram for utval og kommunestyre i ny sak.
3. Dersom drifta ikkje let seg gjennomføra, eller dersom føremålet fell bort, må eigedommane førast tilbake til kommunen slik at ein kan vurdera framtidig bruk og sal på den opne marknaden.
Gildskap:
Tore Blokhus (SV) og Tarjei Haga (Ap) har stilt spørsmål om eige gildskap i saka i møtet. Dei er medlem i Stord Petanqueklubb. Dei tredde frå under handsaminga av spørsmålet, ingen vara.
Kommunestyret handsama spørsmålet og fatta følgjande vedtak:
Blokhus og Haga vart samrøystes kjent gild i saka, jf. Fvl § 6. Røysting:
Framlegget frå Kallel (R) fall med 4 (R og SV) mot 31 røyster Framlegget frå Epland (Ap) fall med 15 (Ap, SV, R og Sp) mot 20 røyster Innstilling frå utval for byutvikling vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.