Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Stord · Saker

Prioritering av investeringar til idretts- og friluftsanlegg

Sak 8/2025 · Kommunestyret 20. februar 2025 · Behandlet

Vedtak

1. Kommunestyret vedtek å innvilga søknaden frå IL Solid med eit tilskot på 1,188 mill.kr. til oppgradering av garderobeanlegg. Kommunestyret opnar for at Solid kan få mellomfinansiering for spelemidlar og mva kompensasjon i frå fond for lag og organisasjonar.

2. Kommunestyret vedtek å dekka deler av kostnadane til rehabilitering av kunstgrasbane i Prestegardskogen med 2,5 mill. kr. Kommunestyret opnar for at Trott IL kan få mellomfinansiering i frå fond for lag og organisasjonar. Ein føresetnad for løyvinga er at Trott IL står for 0,9 mil av finansieringa gjennom dugnad og eigenkapital. Kommunestyret set som føresetnad for tildelinga at ein vel anna enn gummi-basert granulat samt at det blir gjennomført forskriftsmessig opprydding etter granulat-forureining rundt anlegga.

3. Kommunestyret vedtek å dekka Stord Fotball sine kostnader til garderobeanlegg med inntil 1,7 mill. kr. Dette skal innfri lånet dei har i Sparebanken Vest. Overskytande skal betalast til Stord Fotball sin konto. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å fortsette med dagens leigeavtale med Stord Fotball, der Stord fotball er ansvarleg for kostnader for drift og vedlikehald.

4. Kommunestyrer ber kommunedirektøren om å prioritere rehabilitering av kunstgrasbana på Vikahaugane i budsjettet for 2026. Stord kommune skal stå for omtrent 1/3 av investeringskostnadene. Ein føresetnad for løyvinga er at Stord fotball også er med på finansieringa gjennom dugnad og eigenkapital. Kommunestyret opnar for at Stord fotball kan få mellomfinansiering for spelemidlar og mva kompensasjon i frå fond for lag og organisasjonar. Kommunestyret set som føresetnad for tildelinga at ein vel anna enn gummi-basert granulat samt at det blir gjennomført forskriftsmessig opprydding etter granulat-forureining rundt anlegga.

5. Kommunestyret ber kommunedirektøren starte opp eit forprosjekt saman med Stord IL og Stord fotball angåande naturgrasbana og det regionale friidrettsanlegget på Vikahaugane. Forprosjektet får ein kostnadsramme på Kr 300.000,- Finansieringa skal lånefinansierast frå prosjekt "Felleskonto idrettsanlegg".

6. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å straks søke midlar i Handelens miljøfond for å finansiera barrierar rundt dei viktigaste kunstgrasbanane på Stord. Investeringa vert lånefinansiert.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Inga Lothe Framlegg frå H, Frp, Krf og V:

Investeringa vert lånefinansiert.

Røysting:

Innstillinga frå utval for oppvekst og kultur vart vedteke med 33 mot 2 (SV) røyster. Tilleggsframlegget frå H, Frp, Krf og V vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.