Innspel frå Stord kommune til KS debatthefte
Vedtak
Saka er drøfta og følgjande innspel vert gitt frå Stord kommune:
1. Korleis kan de som folkevalde redusere og handtere forventningsgapet gjennom aktiviteten i dei politiske organa (kommunestyre/fylkesting og underliggande organ) og samspelet med administrasjonen?
1. Tydeleg kommunikasjon og samarbeid: Arbeide tverrpolitisk for å skape felles forståing.
2. Dialog i politiske møter: Leggja til rette for dialog mellom administrasjon og politikarar med orienteringar og drøftingar om status og planar.
3. Tidleg involvering: Involvere politikarar tidleg i budsjett- og planprosessar.
4. Felles kunnskapsforståing: Sikre at alle har same situasjonsbilete gjennom oppdateringar og deling av status på økonomi og drift.
2. Korleis kan KS bistå i dette arbeidet i den enkelte kommune og fylkeskommune?
1. Opplæring og ressursar: Tilby opplæring og ressursar for å betre kommunikasjon og samarbeid, både internt og eksternt.
2. Læringsnettverk: Bruke læringsnettverk som KS/Statsforvaltar i Vestland har invitert til.
3. Auke kunnskap: Bidra til å auke kunnskapen om situasjonen og prioritere dette i samfunnsdebatten. Innbyggarar
3. Korleis kan de som folkevalde bidra til å skape forståing i befolkninga og lokalsamfunnet for at ressursane er avgrensa og at dette tvingar frem tøffare prioriteringar og alternative løysingar?
1. Opne om ressursavgrensingar: Vere opne om ressursavgrensingar og nødvendigheita av tøffe prioriteringar.
2. Betre kommunikasjon: Bruke folkemøte, lokalpresse og lokale media for å kommunisere utfordringar og endringar.
3. Utvikle kommunikasjonsstrategiar: Utvikle strategiar for korleis ein når ut med bodskapen. Spørsmål 4 Kva vil vere dei viktigste bodskapa KS kan bringe inn i dialogen med nasjonale myndigheiter for å redusere statleg detaljstyring, gje meir fleksibilitet og auke handlingsrommet lokalt innanfor velferdsområdet? Her ønsker KS også innspel og døme på kva som utfordrar handlingsrommet lokalt, herunder lovkrav/forskrifter, rundskriv/rettleiarar, normer/kompetansekrav, tilsyn/kontroll, ny ansvarsfordeling mellom kommune/fylkeskommune/stat, kompetanse-og kapasitetsstøtte og liknande. Stord kommune bed KS om vera offensive overfor sentrale mynde med mål om å dempa forventningar og auka kommunane sitt handlingsrom. Dette gjeld også fokuset på individfesta rettar som nok må utfordrast dersom kommunane skal klara å løysa dei prioriterte oppgåvene med langt færre yrkesaktive tilgjengeleg. Det er også stadig fleire saker der innbyggjar forventar å få tenester same kvar ein vel å busetja seg. I eit framtidsperspektiv med fleire som treng hjelp og færre til å yta denne hjelpa, så er det ikkje berekraftig bruk av ressursar og kompetanse om helsepersonellet nyttar uforholdsmessig mykje tid på å forflytta seg. Stord kommune meiner det er avgjerande at Staten fullfinansierer allereie innførte og nye velferdsrefomer, og andre oppgåver overførte frå stat til kommune. Spørsmål 5 Kva innspel har din kommune til KS i forkant av mellomoppgjeret 2025, knytt til for eksempel økonomisk ramme, prioriteringar, sentrale eller lokale lønstillegg og liknande? Rekrutteringsutfordringar i kommunal sektor finn me innafor fleire kommunalområde. Kommunen erfarer at tilsette innan dei ulike kommunalområda vel andre arbeidsgjevarar i byte mot høgare løn. Konkurransen om arbeidskraft tilspissar seg ytterlegare ved at nabokommunar og helseføretaka deltek i denne lønsspiralen. Frå før er denne konkurransen med eksterne aktørar knytt til å rekruttere og behalde personalressursar innafor tekniske fag. Sett i samanheng med distriktspolitiske tiltak som til dømes reduksjon av studielån for innbyggjarane, rammar det uforholdsmessig enkelte kommunar sterkt, deriblant Stord kommune. KS bør prioritere tiltak som gjer det mogleg for alle kommunar å konkurrere om arbeidskraft på så like vilkår som mogleg. Spørsmål 6 Dagens garantilønssystem gir stillingsgrupper med same kompetansekrav lik sentral garantiløn, uavhengig av tenesteområde. Ivaretek garantilønssystemet kommunen sitt behov, og er det ønskje om at det vert ført vidare? Det er ein etablert praksis i kommunen som legg til grunn eit garantilønssystem som er avhengig av ein lokal lønspolitikk i tillegg. Det er eit resultat av fleire tariffoppgjer med lokal lønsforhandling, og ei forventning om at garantiløn er ei minsteløn for lønsoppbygging. Med andre ord er garantilønssystemet ikkje eit fullgodt system. Kommunen ønskjer at KS vidarefører garantilønssystemet, då ein ikkje kan sjå andre gode løysingar som kan erstatte dette. Spørsmål 7 Kva bør KS prioritera i utviklinga av avtaleverket for å møte framtidas arbeidskraftutfordringar og sikre forsvarlege tenester? Det kan til dømes handle om omstilling, ulike arbeidstidsordningar, oppgåvedeling og bruk av kompetanse, tiltak for å redusere fråvær og andre tiltak for å nytta arbeidskraftressursane best mogleg, eller liknande. KS bør framleis ha merksemd på utvikling av avtaleverket slik at det gjer det mogleg med føreseielege rammer for alternative arbeidstidsordningar. Gjennom ulike KS program har vår kommune fått til breiare medarbeidarmedverknad, lågare sjukefråvær og meir effektiv drift. Arbeidet er basert på kontinuerleg forbetring og treng støtte frå sentrale arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonar for å lukkast. Kommunen ser det som viktig å vurdere sentrale føringar for å sikre Kommunen ber KS fortsetje med dette framover.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Mohamed Kallel Framlegg:
Stram økonomi, aukande pleietrengjande eldre og minkande tilgang på arbeidskraft er store samfunnsutfordringer for kommune Norge. Skal me klare å rekruttera nye og behalda dei me har må løna sjåast på. Kommunane må unngå kamp seg imellom for å rekruttere tilsette. Dette ser me i kommunar omkring oss, og me kan nok oppleva at dette blir ein enda større utfordring i framtida.
Øyvind Kyvik Framlegg frå H, Frp, Krf, Sp, Inp, SV og Ap:
Saka er drøfta og følgjande innspel vert gitt frå Stord kommune:
1. Korleis kan de som folkevalde redusere og handtere forventningsgapet gjennom aktiviteten i dei politiske organa (kommunestyre/fylkesting og underliggande organ) og samspelet med administrasjonen?
1. Tydeleg kommunikasjon og samarbeid: Arbeide tverrpolitisk for å skape felles forståing.
2. Dialog i politiske møter: Leggja til rette for dialog mellom administrasjon og politikarar med orienteringar og drøftingar om status og planar.
3. Tidleg involvering: Involvere politikarar tidleg i budsjett- og planprosessar.
4. Felles kunnskapsforståing: Sikre at alle har same situasjonsbilete gjennom oppdateringar og deling av status på økonomi og drift.
2. Korleis kan KS bistå i dette arbeidet i den enkelte kommune og fylkeskommune?
1. Opplæring og ressursar: Tilby opplæring og ressursar for å betre kommunikasjon og samarbeid, både internt og eksternt.
2. Læringsnettverk: Bruke læringsnettverk som KS/Statsforvaltar i Vestland har invitert til.
3. Auke kunnskap: Bidra til å auke kunnskapen om situasjonen og prioritere dette i samfunnsdebatten. Innbyggarar
3. Korleis kan de som folkevalde bidra til å skape forståing i befolkninga og lokalsamfunnet for at ressursane er avgrensa og at dette tvingar frem tøffare prioriteringar og alternative løysingar?
1. Opne om ressursavgrensingar: Vere opne om ressursavgrensingar og nødvendigheita av tøffe prioriteringar.
2. Betre kommunikasjon: Bruke folkemøte, lokalpresse og lokale media for å kommunisere utfordringar og endringar.
3. Utvikle kommunikasjonsstrategiar: Utvikle strategiar for korleis ein når ut med bodskapen. Spørsmål 4 Kva vil vere dei viktigste bodskapa KS kan bringe inn i dialogen med nasjonale myndigheiter for å redusere statleg detaljstyring, gje meir fleksibilitet og auke handlingsrommet lokalt innanfor velferdsområdet? Her ønsker KS også innspel og døme på kva som utfordrar handlingsrommet lokalt, herunder lovkrav/forskrifter, rundskriv/rettleiarar, normer/kompetansekrav, tilsyn/kontroll, ny ansvarsfordeling mellom kommune/fylkeskommune/stat, kompetanse- og kapasitetsstøtte og liknande. Stord kommune bed KS om vera offensive overfor sentrale mynde med mål om å dempa forventningar og auka kommunane sitt handlingsrom. Dette gjeld også fokuset på individfesta rettar som nok må utfordrast dersom kommunane skal klara å løysa dei prioriterte oppgåvene med langt færre yrkesaktive tilgjengeleg. Det er også stadig fleire saker der innbyggjar forventar å få tenester same kvar ein vel å busetja seg. I eit framtidsperspektiv med fleire som treng hjelp og færre til å yta denne hjelpa, så er det ikkje berekraftig bruk av ressursar og kompetanse om helsepersonellet nyttar uforholdsmessig mykje tid på å forflytta seg. Stord kommune meiner det er avgjerande at Staten fullfinansierer allereie innførte og nye velferdsrefomer, og andre oppgåver overførte frå stat til kommune. Spørsmål 5 Kva innspel har din kommune til KS i forkant av mellomoppgjeret 2025, knytt til for eksempel økonomisk ramme, prioriteringar, sentrale eller lokale lønstillegg og liknande? Rekrutteringsutfordringar i kommunal sektor finn me innafor fleire kommunalområde. Kommunen erfarer at tilsette innan dei ulike kommunalområda vel andre arbeidsgjevarar i byte mot høgare løn. Konkurransen om arbeidskraft tilspissar seg ytterlegare ved at nabokommunar og helseføretaka deltek i denne lønsspiralen. Frå før er denne konkurransen med eksterne aktørar knytt til å rekruttere og behalde personalressursar innafor tekniske fag. Sett i samanheng med distriktspolitiske tiltak som til dømes reduksjon av studielån for innbyggjarane, rammar det uforholdsmessig enkelte kommunar sterkt, deriblant Stord kommune. KS bør prioritere tiltak som gjer det mogleg for alle kommunar å konkurrere om arbeidskraft på så like vilkår som mogleg. Spørsmål 6 Dagens garantilønssystem gir stillingsgrupper med same kompetansekrav lik sentral garantiløn, uavhengig av tenesteområde. Ivaretek garantilønssystemet kommunen sitt behov, og er det ønskje om at det vert ført vidare? Det er ein etablert praksis i kommunen som legg til grunn eit garantilønssystem som er avhengig av ein lokal lønspolitikk i tillegg. Det er eit resultat av fleire tariffoppgjer med lokal lønsforhandling, og ei forventning om at garantiløn er ei minsteløn for lønsoppbygging. Med andre ord er garantilønssystemet ikkje eit fullgodt system. Kommunen ønskjer at KS vidarefører garantilønssystemet, då ein ikkje kan sjå andre gode løysingar som kan erstatte dette. Spørsmål 7 Kva bør KS prioritera i utviklinga av avtaleverket for å møte framtidas arbeidskraftutfordringar og sikre forsvarlege tenester? Det kan til dømes handle om omstilling, ulike arbeidstidsordningar, oppgåvedeling og bruk av kompetanse, tiltak for å redusere fråvær og andre tiltak for å nytta arbeidskraftressursane best mogleg, eller liknande. KS bør framleis ha merksemd på utvikling av avtaleverket slik at det gjer det mogleg med føreseielege rammer for alternative arbeidstidsordningar. Gjennom ulike KS program har vår kommune fått til breiare medarbeidarmedverknad, lågare sjukefråvær og meir effektiv drift. Arbeidet er basert på kontinuerleg forbetring og treng støtte frå sentrale arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonar for å lukkast. Kommunen ser det som viktig å vurdere sentrale føringar for å sikre Kommunen ber KS fortsetje med dette framover.
Røysting:
Framlegget frå H, Frp, Krf og V punkt 1 vart samrøystes vedteke. Framlegget frå H, Frp, Krf og V punkt 2 vart samrøystes vedteke. Framlegget frå H, Frp, Krf og V punkt 3 vart vedteke med 34 mot 1 (R) røyst. Framlegget frå H, Frp, Krf og V punkt 4 vart samrøystes vedteke. Tilleggsframlegget frå Kallel (R) fall med 16 (R, Ap, Sp, SV og INP) mot 19 røyster Framlegget frå H, Frp, Krf og V punkt 5 vart samrøystes vedteke. Framlegget frå H, Frp, Krf og V punkt 6 vart samrøystes vedteke. Framlegget frå H, Frp, Krf og V punkt 7 vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.