Tømmerkai ved næringsareal på Sørstokken
Vedtak
1.Kommunestyret tek notatet frå SKU AS til vitande, og stryke midlane i budsjettet som er sett av til ny tømmerkai i 2024. 2.Midlane frå Landbruksdirektoratet på kr 11,5 mill. i tilskot vert levert attende.
3. Kommunestyret ber styret i SKU AS om å snarleg komma tilbake med ein plan for vidare framdrift og utvikling av næringsarealet på Sørstokken. Denne planen skal sjåast i samanheng med andre aktuelle næringsområde i kommunen, med mål om å forme ei heilskapleg næringsområdeutvikling som ikkje ekskluderer nokon form for næringsaktivitet, herunder også tømmereksport. I utviklingsarbeidet skal SKU AS aktivt søke partnerskap, og i søket etter eksterne partnarar bør moglegheitene for å inkludere eksterne næringsareal vektleggjast.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Nancy Johanne Framlegg frå Sp, SV og INP:
Aasheim Kommunestyret ber styret i SKU AS om å lysa ut ein
konkurranse der veg til industriområdet og tømmerkai skal byggjast etter opphavleg plan. Samstundes må det utarbeidast ein plan for vidare utvikling av industriområdet.
Røysting:
Innstillinga frå formannskapet vart vedteke med 30 mot 5 røyster (Sp, 2SV, INP og R), som røysta for framlegget til Sp, SV og INP.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.