Årsbudsjett 2025 og Økonomiplan 2025-2028
Vedtak
Kommunestyret vedtek budsjett og økonomiplan for åra 2025-2028 med desse endringane:
1. Skatteøre vert sett lik maksimal sats i samsvar med Stortinget sitt vedtak om kommunalt skatteøre.
2. I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 bokstav a) skal følgjande utskrivingsalternativ for eigedomsskatt nyttast for skatteåret 2025: Eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen.
a) Generell skattesats vert sett til 7 promille for næringseigedom og ubygd grunneigedom (tomter). Skattesatsen vert sett til 1,8 promille av omsetnadsverdien for bustader og fritidseigedomar.
b) I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav a og b opnar kommunestyret for fritak av eigedomar som er eigde av stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. Eigedomar som kvalifiserer for fritak etter føresegna og som er eigde av idrettslag, ungdomslag, bedehuslag og liknande skal ha fritak for eigedomsskatt i Stord kommune. Sakkunnig nemnd legg fram oversyn over kva eigedomar dette kan gjelda. I tillegg kan eigedom tilhøyrande andre stiftingar/organisasjonar bli vurdert fritekne av kommunestyre på grunnlag av søknad. Dei eigedomar som tidlegare år er gitt fritak for eigedomsskatt av kommunestyret i medhald av eigedomsskattelova § 7, jf. vedlegg til budsjettdokumentet, skal ha fritak for eigedomsskatt også i 2025.
c) Ved utskriving av skatt på bustadeigedomar nyttar kommunen skatteetaten sitt formuesgrunnlag for dei bustader kor dette er berekna (eigedomsskattelova § 8 C-1)
d) Det vert innført nye takstar som følgje av almen taksering gjennomført i 2024 med verknad frå 2025 på alle eigedomar som ikkje er omfatta av skatteetaten sitt formuesgrunnlag
e) Eigedomsskatten skal betalast i fire terminar.
f) Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidlegare vedtekne skattevedtekter.
g) Botnfrådrag vert for 2025 sett til kr 600 000
3. Kommunestyret vedtek å ta opp inntil kr 409 386 000 i lån i 2025. Låneopptaket er fordelt slik:
Startlån til vidare utlån kr 75 000 000
Lån til investering i vatn og avlaup kr 226 700 000
Stord hamn, utlån kr 29 703 000
Andre lån kr 77 983 000
Lånegjelda skal nedbetalast med minimumsavdrag. Kommunestyret vedtek at låneporteføljen til Stord kommune, og alle lån i porteføljen (sjå vedlegg) kan refinansierast i inneverande år og i budsjettåret. Kommunedirektøren står fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei lån han finn føremålstenleg, uavhengig av opphavleg vedtak.
4. Kommunestyret vedtek satsar for gebyr og avgifter med verknad frå 1. januar 2025 slik det går fram av eige vedlegg for:
- Kommunale eigedomsgebyr
- Gebyrregulativ for regulering, byggesak og oppmåling
- Betalingssatsar for brann og redning
- Gebyr for sakshandsaming, administrasjon, forfall og kontroll og gravearbeid. Formannskapet fastset betalingssatsar for landbruks- og havbrukssaker. Utval for oppvekst og kultur fastset fylgjande betalingssatsar:
- Betalingssatsar for Stord kulturskule
- Betalingssatsar for plass i skulefritidsordninga
- Betalingssatsar for plass i kommunale barnehagar
- Leigesatsar for utleige av skulebygg i helger/ overnatting
- Utleigesatsar for Stord kulturhus
Utval for rehabilitering, helse og omsorg fastset betalingssatsar for omsorgstenester.
Utval for byutvikling fastset betalingssatsar for kommunale parkeringsplassar og for leige av torgplass.
5. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføra løyvingane på investeringsbudsjettet der ikkje anna er sagt i budsjettkommentarane. Fullmakta omfattar løyvinga til samarbeidsprosjekt for Eining for tekniske tenester, vatn og avløp.
6. Stord kommune gjev Stord kyrkjelege fellesråd eit driftstilskot for 2025 på kr 11 401 569. Kr 90 000 av tilskotet er øyremerka tilskotsordninga til kremering. Kommunestyret legg til grunn at fellesrådet fastset ein tilskotssum for etterletne som vel kremasjon og forvaltar ordninga med kremasjonsstønad innanfor den fastsette ramma.
7. Det vert for 2025 fordelt driftstilskot/-støtte til kultur- og idrettsorganisasjonar m.m. slik:
Sunnhordland museum kr 232 032
Friluftsrådet vest kr 544 115
17. mai Leirvik, Sagvåg og Huglo kr 76 000
Falturiltu barnebokfestival kr 100 000
Stord Comalapa kr 25 000
Huglo bygdalag kr 50 000
Underskotsgaranti Festival 100 dager kr 25 000
Stord maritime museum kr 100 000
8. Utval for oppvekst og kultur får i tillegg fullmakt til å fordela kr 350 000 i driftstilskot til lag og organisasjonar, etter søknad og i samsvar med kommunestyret sine retningsliner.
9. Stord kommune løyver følgjande tilskot over 2025-budsjettet i til samarbeidstiltak og næringsføremål:
NCE Maritime Clean Tech kr 50 000
Hordfast kr 32 000
Sunnhordlandsrådet kr 893 505
Sunnhordlandsrådet, si reiselivssatsing kr 267 347
Stord næringsråd, kontingent kr 40 350
Atheno AS, maritim industriinkubator kr 150 000
Atheno AS, førstelineteneste næring kr 265 000
Huglobutikken AS kr 50 000
Formannskap
10. Eigedomsdrift Kommunestyret ber kommunedirektøren om å greie ut ei sak saman med SKU og SKE der ein skal vurdere å endre på organiseringa av eigedomsporteføljen. Eit mogleg resultat av saka er at SKE overtek heile eller delar av eigedommane til Stord kommune. Saka skal greie ut kva fordelar og ulemper dette vil medføre, samt gi ei tilrådd innstilling til kommunestyret.
11. Tekniske tenester Kommunestyret ber kommunedirektøren om å greie ut kva tenester innan tekniske tenester som kan og bør setjast ut på anbod.
12. Leiinga Kommunestyret ber kommunedirektøren om å vurdere å styrkje leiinga. Kommunestyret stiller seg positive til å styrkje den sentrale leiinga med ein ekstra ressurs. Det er viktig for kommunestyret å sørgje for god framdrift i kommunale prosjekt samt ei fornuftig arbeidsbelastning på leiinga. Vurderinga skal vere med i 1. budsjettrevisjon.
13. Pensjon Kommunestyret ber kommunedirektøren om å synleggjere dei samla økonomiske effektane av å skifte pensjonsleverandør frå 01.01.25 i 1. budsjettrevisjon 2025. Dei økonomiske storleikane vert ikkje kjende før skiftet er gjennomført. Kommunestyret ønskjer ei oppstilling som viser moglegheitene og betydninga desse vil ha gjennom økonomiperioden 2025–2028, blant anna finansinntekter, årlege premiar og bruk av auka premiefond.
14. Pilotprosjekt – reklame på kollektivtilbod på Stord Kommunestyret ber kommunedirektøren sende ein førespurnad til fylkeskommunen om eit pilotprosjekt. Pilotprosjektet skal teste ut reklame på busstopp, bybussar, ferjer og hurtigbåtar som er tilknytte Stord kommune. Potensielle inntekter i perioden prosjektet blir gjennomført, skal fordelast likt mellom kommunen og fylkeskommunen (50/50).
15. Nettkapasitet i Stord og Sunnhordland Kommunestyret ber ordførar og kommunedirektør om å halde fram med og å styrke det gode samarbeidet med Fagne og Statnett med mål om å få auka kapasitet i straumnettet på Stord. Kommunestyret ber også om at ein jobbar for å starte eit pilotprosjekt ilag med kraftgruppa i Invest in Sunnhordland. Pilotprosjektet skal sjå på korleis ein kan utnytte nettkapasiteten i regionen vår. Nye næringsetableringar er viktige for kommunestyret, men i dag er nettkapasitet og straum ei begrensing for nye næringsetableringar.
16. Næringsliv – Invest in Sunnhordland Kommunestyret ser verdien av å forsette arbeidet som går føre seg i Invest in Sunnhordland og løyver 250 000 kroner til arbeidet. Kostnaden skal finansierast i frå utviklingsfondet.
17. Kommune-TV Kommunestyret ber kommunedirektøren om å gjere ei vurdering fram mot 1. budsjettrevisjon på kva kostnaden er for å oppgradere kommune-TV. Det er viktig med ei løysing som sikrar at kommune-TV er meir driftssikkert enn dagens løysing. Det skal vurderast å leggje til rette for at utvalsmøta òg kan sendast på kommune-TV. Oppvekst og kultur
18. MOT – Robust ungdom Kommunestyret ber kommunedirektøren om å oppretthalde lisensen og gi naudsynt opplæring slik at MOT blir eit velfungerande verktøy for livsmeistring i Stordskulen. Kommunestyret viser til sak 24/21 – læreplan Kunnskapsløftet 2020 og MOT-programmet i ungdomsskulane. Her står det følgjande: «MOT-øktene er ikkje eit fag i skulen, men rådmannen vurderer det slik at MOT kan vere med på å oppfylle fleire av læreplanen sine mål og verdigrunnlag, spesielt gjennom god forankring av MOT-verdiane og MOT-språket i lærarane sitt arbeid med års- og temaplanar og i gjennomføringa av desse i klasserommet». Kommunestyret ynskjer at ein av dei allerede eksisterande MOT coachane skal også ta ansvaret som MOT koordinator. Kommunestyret forventar at MOT skal dekka delar av det som ligger i læreplanen og at ein på den måten ikkje får ein kostand utover det som lærplanen ellers ville gitt.
19. Miljøterapeutar i skulen Kommunestyret ber kommunedirektøren starte opp med miljøterapeutar i Stordskulen frå januar 2026. Kommunestyret veit at psykisk helse og skuletrivsel har stor innverknad på elevane. Det er difor heilt essensielt at skulesystema legg til rette for at kvardagen på ungdomsskulane er prega av tryggleik og trivsel, slik at elevane får dei beste moglegheitene til læring og utvikling. Miljøterapeutane skal og avlaste lærarane med den psykososiale oppfølginga av elevane.
20. Forsøksordning med auka grunnbemanning Kommunestyret ber kommunedirektøren om å utarbeide ei sak som skal greie ut føresetnader og kriterium for ei forsøksordning med auka grunnbemanning i ein kommunal og ein privat barnehage. Kommunestyret ber også om at barnehagekandidatar som ønskjer å vere med på forsøksordninga, blir avklarte. Dette verbalpunktet erstattar verbalpunkt 20 frå 2024-budsjettet.
21. Newtonrom Kommunestyret ber kommunedirektøren om å ferdigstille Newtonrommet og setje av 1,2 millionar kroner til føremålet. Kommunestyret ønskjer ei heilskapleg satsing på realfag. Gjennom Newtonrommet sikrar me elevane tilgang til praktisk undervisning i tråd med gjeldande læreplan. Newtonrommet skal vere eit samarbeid mellom kommunen og næringslivet. Næringslivet har til no støtta Newtonrommet med 0,58 millionar kroner. Kommunedirektøren får i oppdrag å sørgje for at Newtonrommet er ferdig til hausten 2025. Det skal arbeidast vidare med søknader til næringslivet, og ekstra midlar frå næringslivet skal brukast til å finansiere fleire investeringar i Newtonrommet.
22. SFO Kommunestyret ønsker at alle som har krav på gratis kjernetid i SFO skal få tilbod om dette, og ber om at kommunedirektøren tek omsyn til det i budsjettrevidering om fleire søker enn det som er tenkt i budsjettet.
23. Kunst Kommunestyret ber kommunedirektøren om å lage ein oversikt over magasinert kunst i Stord kommune. Saka skal opp til utval for oppvekst og kultur, samt kunstordninga.
24. Delvis fritt skuleval Kommunestyret ønsker å tilretteleggja for delvis fritt skuleval, og ber kommunedirektøren kome attende til utval for oppvekst og kultur i anledning temaplan for Grunnskule og SFO om korleis dette kan gjennomførast.
25. Intensiv opplæring til elevar med utfordringar Kommunestyret ber om ei sak der det blir gjort greie for i kva grad ein følgjer opplæringslova om retten til intensiv opplæring for elevar i lesing, skriving eller rekning. Saka skal opp til utval for oppvekst og kultur.
26. Vaksenopplæring og samhandling med fylkeskommunen Kommunedirektøren får i oppdrag å vurdere om eit tettare samarbeid med Vestland fylkeskommune kan gi eit betre tilbod og lågare kostnad innan vaksenopplæringa. Saka skal leggast fram for OKU våren 2025.
27. Markering av frigjeringa I 2025 er det 80 år sidan frigjeringa. Kommunestyret ønskjer å setje av midlar til å markere denne viktige hendinga. På frigjeringsdagen, 8. mai, ønskjer me å delta i markeringa og set difor av midlar til dette i budsjettet.
28. Prisar Kommunestyret ber om at pris god godt tilgjenge vert overført frå OKU til Rådet for mennesker med nedsett funksjonsevne, og at Seniorprisen vert overført til eldrerådet.
29. Idrettslaga Kommunestyret ber kommunedirektøren legge fram ei sak som greier ut og gir anbefalingar om korleis dei avsette midlane i prosjekt 1500 Felleskonto idrettsanlegg (6,9 mill. kr) og 4697 Solidhuset - garderobeanlegg (1 mill. kr) skal prioriterast. Kommunestyret ynskjer å finne ei god løysing for både Trott IL, Stord Fotball og IL Solid. Kommunestyret ber om at kommunedirektøren og ordføraren inviterer idrettslaga til møte snarast mogleg for å diskutere gode løysingar og prioriteringar.
Byutvikling
30. Utviding av Leirvik hamn Kommunestyret ber kommunedirektøren starte arbeidet med framlegg til planprogram for reguleringsplan for utviding av Leirvik hamn så snart som råd. Framlegg til planprogram skal leggjast fram i same møte som handsaming av forprosjektet, seinast juni 2025. Det er ønskje om rask oppstart av planarbeidet dersom forprosjektet blir politisk godkjent. Difor skal alle førebuingar for å kunne melde oppstart av planarbeidet straks etter handsaming av forprosjektet, gjerast i løpet av våren 2025.
31. Utvikling av Leirvik sentrum Kommunestyret ber kommunedirektøren starte arbeidet med ei detaljprosjektering av nytt bygolv og utforming av torget og Borggarden som ein del av byromstrategien. Prosjektet får tildelt 300 000 kroner i 2025 og blir finansiert frå utviklingsfondet. Offentleg toalett skal vere ein prioritert del av detaljprosjekteringa.
32. Kommunale strender Kommunestyret ber kommunedirektøren sjå på eit samarbeid med Friluftsrådet Vest for oppgradering av kommunale offentlege strender som til dømes Sponavikjo og Breivikjo.
33. Hystadøyane Kommunestyret ber kommunedirektøren gå i dialog med grunneigarar og venelag i Hystadøyane med sikte på restaurering av øyane som rekreasjon- og hekkestad, gjennom til dømes tilrettelegging for hogst.
Rehabilitering, helse og omsorg
34. Styrking av fysioterapi og kvinnehelse Kommunestyret ber kommunedirektøren om å lyse ut eit 50 % driftstilskot der fagretninga kvinnehelse skal vere ein del av tildelingskriteria. Kommunestyret ønskjer å betre dekninga av fysioterapi med driftstilskot i Stord kommune. Målet med satsinga er å redusere sjukefråværet og betre tilgangen til fysioterapeutar for å avlaste fastlegetenesta og heimetenesta.
35. Gode arbeidsvilkår for tilsette Kommunestyret er positive til ei løysing knytt til klede for dei tilsette i dei heimebaserte tenestene. Kommunestyret ønskjer at kommunedirektøren og fagforeiningane, gjennom partssamarbeidet, kjem fram til ei løysing. Eventuelle ekstra kostnader skal leggjast inn i budsjettrevisjonen for 1. tertial. Det skal og vurderast om andre einingar skal være med i ordninga der hygienefaktoren tilseier det.
36. Fontenehus Stord kommune støttar etablering av Fontenehus. Kommunestyret ber kommunedirektøren kome tilbake med forslag til detaljert finansieringsplan i tråd med Helsedirektoratet sine vilkår for tilskot, og forslag til samarbeidsavtale med stiftinga som skal stå ansvarleg for etablering og drift av Fontenehuset. Kommunestyret føreset at det ikkje blir gitt økonomisk støtte frå kommunen i 2025 og 2026. Samtidig ber ein kommunedirektøren saman med stiftinga, invitere dei andre kommunane i Sunnhordland til samarbeid. Samarbeidsavtalen skal handsamast i RHO. Kommunestyret ber kommunedirektøren undersøke korleis og om Fontenehus kan utfylle og avlaste det allereie etablerte offentlege tilbodet innanfor psykisk helse. Saka skal leggast fram og handsamast i RHO. Det skal leggjast opp til eit eige informasjonsmøte for innbyggjarane i løpet av våren 2025.
37. Rekruttering av helsefagarbeidarar Kommunestyret ber kommunedirektøren om å lage ein eigen kompetanseplan for RHO. Denne kompetanseplanen skal ha som mål at fleire faste tilsette tar vidareutdanning eller fagbrev. Kommunedirektøren skal innhente erfaringar frå mellom anna Kvinnherad kommune, der ein gir økonomisk støtte til vidareutdanning og krev bindingstid i kommunen.
38. Integrering Kommunestyret ønskjer at alle som kjem til Stord kommune, blir godt tekne imot og får gode moglegheiter til å bli ein integrert del av Stordsamfunnet. Kommunestyret opprettheld forslaget frå kommunedirektøren om talet på flyktningar i 2025, men forventar at Stord kommune tar imot flyktningar i 2026.
Endringar i drift 2025 2026 2027 2028
Tilleggsbevilgning frå
-14900 -14900 -14900 -14900
regjeringa Inge auke utover 2024 nivå -
2200 4816 7432 10046
eigedomskatt
Auke i renteinntekter -3000
Renter og avdrag Newton rom
180 180 180 180
(10 år) Omsorgslønn utelatt i KD sitt
4304 4304 4304 4304
budsjettframlegg
17. mai - auka bevilgning
24 24 24 24
(auke til 100` totalt) Eldrerådet - ikkje regulert
siste år + jubileumsmiddag 30 5 5 5
Eldrerådet Digdem IT portal (erstatte
120 120 120 120
fluix)
Hamna kontaktsenter 2500 2500 2500 2500
Kirkens bymisjon 600 1000 1000 1000
Auke fysioterapi -50%
273 273 273 273
driftstilskot MOT videreføres og utvides til
600 600 600 600
alle ungdomsskular 80 års jubilieum frigjering 2. 50 verdenskrig Forebygging i grunnskulen -
auke tilstedeværesle av 1600 4000 4000
miljøterapeuter/helsepersonell
Grunnbemanning barnehage 1600 1600 1600
Oppretthalde
Måndag/Onsdagsklubb på 240 240 240 240
2024 nivå
Sum endringar -6779 2362 7377 9962
Koalisjonen sitt framlegg
-2103 -19128 -21519 -20540
til budsjett
Investeringar 2025 2026 2027 2028
Newtonrom 1200
Sum endringar 1200
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Framlegg frå H, Frp, Krf og V:
Endringar i drift 2025 2026 2027 2028
Tilleggsbevilgning frå
-14900 -14900 -14900 -14900
regjeringa Inge auke utover 2024 nivå -
2200 4816 7432 10046
eigedomskatt
Auke i renteinntekter -3000
Renter og avdrag Newton rom
180 180 180 180
(10 år) Omsorgslønn utelatt i KD sitt
4304 4304 4304 4304
budsjettframlegg
17. mai - auka bevilgning
24 24 24 24
(auke til 100` totalt) Eldrerådet - ikkje regulert
siste år + jubileumsmiddag 30 5 5 5
Eldrerådet Digdem IT portal (erstatte
120 120 120 120
fluix)
Hamna kontaktsenter 2500 2500 2500 2500
Kirkens bymisjon 600 1000 1000 1000
Auke fysioterapi -50%
273 273 273 273
driftstilskot MOT videreføres og utvides til
600 600 600 600
alle ungdomsskular 80 års jubilieum frigjering 2. 50 verdenskrig Forebygging i grunnskulen -
auke tilstedeværesle av 1600 4000 4000
miljøterapeuter/helsepersonell
Grunnbemanning barnehage 1600 1600 1600
Oppretthalde
Måndag/Onsdagsklubb på 240 240 240 240
2024 nivå
Sum endringar -6779 2362 7377 9962
Koalisjonen sitt framlegg
-2103 -19128 -21519 -20540
til budsjett
Investeringar 2025 2026 2027 2028
Newtonrom 1200
Sum endringar 1200
Forslag til endringar:
2 a) Generell skattesats vert sett til 7 promille for næringseigedom og utbygd grunneiegedom (tomter). Skattesatsen vert sett til 1,8 promille av omsetnadsverdien for bustader og fritidseigedomar. 2 g) Botnfrådrag vert for 2025 sett til kr 600 000 Verbalpunkt:
Formannskap
10. Eigedomsdrift Kommunestyret ber kommunedirektøren om å greie ut ei sak saman med SKU og SKE der ein skal vurdere å endre på organiseringa av eigedomsporteføljen. Eit mogleg resultat av saka er at SKE overtek heile eller delar av eigedommane til Stord kommune. Saka skal greie ut kva fordelar og ulemper dette vil medføre, samt gi ei tilrådd innstilling til kommunestyret.
11. Tekniske tenester Kommunestyret ber kommunedirektøren om å greie ut kva tenester innan tekniske tenester som kan og bør setjast ut på anbod.
12. Leiinga Kommunestyret ber kommunedirektøren om å vurdere å styrkje leiinga. Kommunestyret stiller seg positive til å styrkje den sentrale leiinga med ein ekstra ressurs. Det er viktig for kommunestyret å sørgje for god framdrift i kommunale prosjekt samt ei fornuftig arbeidsbelastning på leiinga. Vurderinga skal vere med i 1. budsjettrevisjon.
13. Pensjon Kommunestyret ber kommunedirektøren om å synleggjere dei samla økonomiske effektane av å skifte pensjonsleverandør frå 01.01.25 i 1. budsjettrevisjon 2025. Dei økonomiske storleikane vert ikkje kjende før skiftet er gjennomført. Kommunestyret ønskjer ei oppstilling som viser moglegheitene og betydninga desse vil ha gjennom økonomiperioden 2025–2028, blant anna finansinntekter, årlege premiar og bruk av auka premiefond.
14. Pilotprosjekt – reklame på kollektivtilbod på Stord Kommunestyret ber kommunedirektøren sende ein førespurnad til fylkeskommunen om eit pilotprosjekt. Pilotprosjektet skal teste ut reklame på busstopp, bybussar, ferjer og hurtigbåtar som er tilknytte Stord kommune. Potensielle inntekter i perioden prosjektet blir gjennomført, skal fordelast likt mellom kommunen og fylkeskommunen (50/50).
15. Nettkapasitet i Stord og Sunnhordland Kommunestyret ber ordførar og kommunedirektør om å halde fram med og å styrke det gode samarbeidet med Fagne og Statnett med mål om å få auka kapasitet i straumnettet på Stord. Kommunestyret ber også om at ein jobbar for å starte eit pilotprosjekt ilag med kraftgruppa i Invest in Sunnhordland. Pilotprosjektet skal sjå på korleis ein kan utnytte nettkapasiteten i regionen vår. Nye næringsetableringar er viktige for kommunestyret, men i dag er nettkapasitet og straum ei begrensing for nye næringsetableringar.
16. Næringsliv – Invest in Sunnhordland Kommunestyret ser verdien av å forsette arbeidet som går føre seg i Invest in Sunnhordland og løyver 250 000 kroner til arbeidet. Kostnaden skal finansierast i frå utviklingsfondet.
17. Kommune-TV Kommunestyret ber kommunedirektøren om å gjere ei vurdering fram mot 1. budsjettrevisjon på kva kostnaden er for å oppgradere kommune-TV. Det er viktig med ei løysing som sikrar at kommune-TV er meir driftssikkert enn dagens løysing. Det skal vurderast å leggje til rette for at utvalsmøta òg kan sendast på kommune-TV.
Oppvekst og kultur
18. MOT – Robust ungdom Kommunestyret ber kommunedirektøren om å oppretthalde lisensen og gi naudsynt opplæring slik at MOT blir eit velfungerande verktøy for livsmeistring i Stordskulen. Kommunestyret viser til sak 24/21 – læreplan Kunnskapsløftet 2020 og MOT-programmet i ungdomsskulane. Her står det følgjande: «MOT-øktene er ikkje eit fag i skulen, men rådmannen vurderer det slik at MOT kan vere med på å oppfylle fleire av læreplanen sine mål og verdigrunnlag, spesielt gjennom god forankring av MOT-verdiane og MOT-språket i lærarane sitt arbeid med års- og temaplanar og i gjennomføringa av desse i klasserommet». Kommunestyret ynskjer at ein av dei allerede eksisterande MOT coachane skal også ta ansvaret som MOT koordinator. Kommunestyret forventar at MOT skal dekka delar av det som ligger i læreplanen og at ein på den måten ikkje får ein kostand utover det som lærplanen ellers ville gitt.
19. Miljøterapeutar i skulen Kommunestyret ber kommunedirektøren starte opp med miljøterapeutar i Stordskulen frå januar 2026. Kommunestyret veit at psykisk helse og skuletrivsel har stor innverknad på elevane. Det er difor heilt essensielt at skulesystema legg til rette for at kvardagen på ungdomsskulane er prega av tryggleik og trivsel, slik at elevane får dei beste moglegheitene til læring og utvikling. Miljøterapeutane skal og avlaste lærarane med den psykososiale oppfølginga av elevane.
20. Forsøksordning med auka grunnbemanning Kommunestyret ber kommunedirektøren om å utarbeide ei sak som skal greie ut føresetnader og kriterium for ei forsøksordning med auka grunnbemanning i ein kommunal og ein privat barnehage. Kommunestyret ber også om at barnehagekandidatar som ønskjer å vere med på forsøksordninga, blir avklarte. Dette verbalpunktet erstattar verbalpunkt 20 frå 2024-budsjettet.
21. Newtonrom Kommunestyret ber kommunedirektøren om å ferdigstille Newtonrommet og setje av 1,2 millionar kroner til føremålet. Kommunestyret ønskjer ei heilskapleg satsing på realfag. Gjennom Newtonrommet sikrar me elevane tilgang til praktisk undervisning i tråd med gjeldande læreplan. Newtonrommet skal vere eit samarbeid mellom kommunen og næringslivet. Næringslivet har til no støtta Newtonrommet med 0,58 millionar kroner. Kommunedirektøren får i oppdrag å sørgje for at Newtonrommet er ferdig til hausten 2025. Det skal arbeidast vidare med søknader til næringslivet, og ekstra midlar frå næringslivet skal brukast til å finansiere fleire investeringar i Newtonrommet.
22. SFO Kommunestyret ønsker at alle som har krav på gratis kjernetid i SFO skal få tilbod om dette, og ber om at kommunedirektøren tek omsyn til det i budsjettrevidering om fleire søker enn det som er tenkt i budsjettet.
23. Kunst Kommunestyret ber kommunedirektøren om å lage ein oversikt over magasinert kunst i Stord kommune. Saka skal opp til utval for oppvekst og kultur, samt kunstordninga.
24. Delvis fritt skuleval Kommunestyret ønsker å tilretteleggja for delvis fritt skuleval, og ber kommunedirektøren kome attende til utval for oppvekst og kultur i anledning temaplan for Grunnskule og SFO om korleis dette kan gjennomførast.
25. Intensiv opplæring til elevar med utfordringar Kommunestyret ber om ei sak der det blir gjort greie for i kva grad ein følgjer opplæringslova om retten til intensiv opplæring for elevar i lesing, skriving eller rekning. Saka skal opp til utval for oppvekst og kultur.
26. Vaksenopplæring og samhandling med fylkeskommunen Kommunedirektøren får i oppdrag å vurdere om eit tettare samarbeid med Vestland fylkeskommune kan gi eit betre tilbod og lågare kostnad innan vaksenopplæringa. Saka skal leggast fram for OKU våren 2025.
27. Markering av frigjeringa I 2025 er det 80 år sidan frigjeringa. Kommunestyret ønskjer å setje av midlar til å markere denne viktige hendinga. På frigjeringsdagen, 8. mai, ønskjer me å delta i markeringa og set difor av midlar til dette i budsjettet.
28. Prisar Kommunestyret ber om at pris god godt tilgjenge vert overført frå OKU til Rådet for mennesker med nedsett funksjonsevne, og at Seniorprisen vert overført til eldrerådet.
29. Idrettslaga Kommunestyret ber kommunedirektøren legge fram ei sak som greier ut og gir anbefalingar om korleis dei avsette midlane i prosjekt 1500 Felleskonto idrettsanlegg (6,9 mill. kr) og 4697 Solidhuset - garderobeanlegg (1 mill. kr) skal prioriterast. Kommunestyret ynskjer å finne ei god løysing for både Trott IL, Stord Fotball og IL Solid. Kommunestyret ber om at kommunedirektøren og ordføraren inviterer idrettslaga til møte snarast mogleg for å diskutere gode løysingar og prioriteringar.
Byutvikling
30. Utviding av Leirvik hamn Kommunestyret ber kommunedirektøren starte arbeidet med framlegg til planprogram for reguleringsplan for utviding av Leirvik hamn så snart som råd. Framlegg til planprogram skal leggjast fram i same møte som handsaming av forprosjektet, seinast juni 2025. Det er ønskje om rask oppstart av planarbeidet dersom forprosjektet blir politisk godkjent. Difor skal alle førebuingar for å kunne melde oppstart av planarbeidet straks etter handsaming av forprosjektet, gjerast i løpet av våren 2025.
31. Utvikling av Leirvik sentrum Kommunestyret ber kommunedirektøren starte arbeidet med ei detaljprosjektering av nytt bygolv og utforming av torget og Borggarden som ein del av byromstrategien. Prosjektet får tildelt 300 000 kroner i 2025 og blir finansiert frå utviklingsfondet. Offentleg toalett skal vere ein prioritert del av detaljprosjekteringa.
32. Kommunale strender Kommunestyret ber kommunedirektøren sjå på eit samarbeid med Friluftsrådet Vest for oppgradering av kommunale offentlege strender som til dømes Sponavikjo og Breivikjo.
33. Hystadøyane Kommunestyret ber kommunedirektøren gå i dialog med grunneigarar og venelag i Hystadøyane med sikte på restaurering av øyane som rekreasjon- og hekkestad, gjennom til dømes tilrettelegging for hogst.
Rehabilitering, helse og omsorg
34. Styrking av fysioterapi og kvinnehelse Kommunestyret ber kommunedirektøren om å lyse ut eit 50 % driftstilskot der fagretninga kvinnehelse skal vere ein del av tildelingskriteria. Kommunestyret ønskjer å betre dekninga av fysioterapi med driftstilskot i Stord kommune. Målet med satsinga er å redusere sjukefråværet og betre tilgangen til fysioterapeutar for å avlaste fastlegetenesta og heimetenesta.
35. Gode arbeidsvilkår for tilsette Kommunestyret er positive til ei løysing knytt til klede for dei tilsette i dei heimebaserte tenestene. Kommunestyret ønskjer at kommunedirektøren og fagforeiningane, gjennom partssamarbeidet, kjem fram til ei løysing. Eventuelle ekstra kostnader skal leggjast inn i budsjettrevisjonen for 1. tertial. Det skal og vurderast om andre einingar skal være med i ordninga der hygienefaktoren tilseier det.
36. Fontenehus Stord kommune støttar etablering av Fontenehus. Kommunestyret ber kommunedirektøren kome tilbake med forslag til detaljert finansieringsplan i tråd med Helsedirektoratet sine vilkår for tilskot, og forslag til samarbeidsavtale med stiftinga som skal stå ansvarleg for etablering og drift av Fontenehuset. Kommunestyret føreset at det ikkje blir gitt økonomisk støtte frå kommunen i 2025 og 2026. Samtidig ber ein kommunedirektøren saman med stiftinga, invitere dei andre kommunane i Sunnhordland til samarbeid. Samarbeidsavtalen skal handsamast i RHO. Kommunestyret ber kommunedirektøren undersøke korleis og om Fontenehus kan utfylle og avlaste det allereie etablerte offentlege tilbodet innanfor psykisk helse. Saka skal leggast fram og handsamast i RHO. Det skal leggjast opp til eit eige informasjonsmøte for innbyggjarane i løpet av våren 2025.
37. Rekruttering av helsefagarbeidarar Kommunestyret ber kommunedirektøren om å lage ein eigen kompetanseplan for RHO. Denne kompetanseplanen skal ha som mål at fleire faste tilsette tar vidareutdanning eller fagbrev. Kommunedirektøren skal innhente erfaringar frå mellom anna Kvinnherad kommune, der ein gir økonomisk støtte til vidareutdanning og krev bindingstid i kommunen.
38. Integrering Kommunestyret ønskjer at alle som kjem til Stord kommune, blir godt tekne imot og får gode moglegheiter til å bli ein integrert del av Stordsamfunnet. Kommunestyret opprettheld forslaget frå kommunedirektøren om talet på flyktningar i 2025, men forventar at Stord kommune tar imot flyktningar i 2026.
Framlegg frå Ap og INP:
Endringar drift 2025 2026 2027 2028
Feil i opphavleg
4304401 4304401 4304401 4304401
budsjett Hamna
2500000 2500000 2500000 2500000
kontaksenter Lågterskel
1200000 1200000 1200000 1200000
helsestasjon Kirkens bymisjon -
600000 600000 600000 600000
i jobb Måndags- og
300000 300000 300000 300000
onsdagsklubben Arbeidsklede
650000 650000 650000 650000
hemetenestene Førebyggjande
290000 290000 290000 290000
heimebesøk Aldersvenleg
30000 30000 30000 30000
lokalsamfunn Reduksjon
2200000 2200000 2200000 2200000
eigedomsskatt Forsøk auka
grunnbemanning 2000000
bhg
Styrking RHO 10000000
Ekstra løyving
-14900000 -14900000 -14900000 -14900000
regjering Busetting 50 flyktningar Auka innbyggjartilskot Reduksjon elev-PC-
-800000 -800000 -800000 -800000
ar
Fastlegeordning -1000000 -1000000 -1000000 -1000000
Konsulentbruk -3000000 -3000000 -3000000 -3000000
Havbruksfond -2000000 -2000000 -2000000 -2000000
Hordfast AS -32000 -32000 -32000 -32000
Innsparing
-1000000 -1000000 -1000000 -1000000
bilordning
Auka skatteanslag -10000000 -10000000 -10000000 -10000000
Endra
-1000000 -1000000 -1000000 -1000000
kapitalkostnader
Mindreforbruk i
-9657599 -19142599 -16617599 -13912599
høve KD forsl.
Verbalpunkt:
1. Kommunestyret vedtek å avslutta utgreiingane av skulestruktur i sentrum, ferje og cruisekai i Djupavikjo og tilleggsutgreiing av sjukeheim. Kommunestyret vil i tida framover avgrensa omfattande utgreiingsoppdrag til eit minimum, slik at administrasjonen får tid og rom til å fokusera på kommunen sine kjerneoppgåver, kontroll på pengebruken og den krevjande omstillinga kommunen skal igjennom. Kommunestyret legg til grunn at ein dermed vil kunna redusera konsulentbruken betydeleg.
2. Kommunestyret held fast ved dagens skulestruktur. Kommunestyret prioriterer utbygging på Langeland inkl. ny gymsal i 2025. For Leirvik skule skal ombygging av dagens skule vurderast opp imot evt. overtaking og ombygging av Stord VGS avd. Saghaugen.
3. Stord kommune har ei lang og stolt historie og gode erfaringar med å ta imot folk utanfrå. Kommuenstyret vil følgja opp oppmodinga frå ImDi og busetja 50 nye flyktningar i 2025. Kommunestyret legg til grunn at auka integreringstilskot vil dekkja utgiftene som følgjer av dette.
4. Kommunestyret vedtek å gå tilbake til ordninga med éin PC pr. tredje elev på 1. til 4. trinn. Kommunestyret vil understreka viktigheita av fysiske lærebøker, spesielt for elevar på dei lågaste klassetrinna.
5. Kommunestyret bed kommunedirktøren prioritera å få ned pengebruken i legetenestene, og legg til grunn at det saman med vedtekne tiltak nasjonalt og lokalt vil kunna gje ein reduskjon på om lag 1 mnok samanalikna med kommunedirektøren sitt budsjettforslag.
6. Kommunestyret vedtek å auka botnfrådraget for eigedomsskatt frå kr 540 000 til kr 600 000.
7. Kommunestyret vedtek å setja i gong eit forsøksprosjekt på auka grunnbemanning i barnehage ved å auka med éin tilsett i ein kommunal og ein privat barnehage.
Framlegg frå SV og R:
Auka inntekter/mindre utgifter sett i forhold
2025 2026 2027 2028
til kommunedirektøren sitt framlegg Auka overføring frå
-5 -20 -20 -20
staten Auka overføringar frå -14,4 staten 2024 Eigedomskatt 3promille,
-10,23 -10,23 -10,23 -10,23
0,7 mill b.f.d.
Auka skatteanslag 1% -8,1 -8,4 -8,7 -9
Mindre utgifter Hordfast -0,032 -0,032 -0,032 -0,032
Auka utbutte
-1 -1 -1 -1
Sunnhordland kraftlag
Mindre straumugifter 0 -2 -3 -3,5
Redusert løn
-0,2 -0,2 -0,2 -0,2
ordførar/politikarar
-38,962 -41,862 -43,162 -43,962
Endringar investeringsbudsjett
Omprioritering ytre molo -1
Ompri.plan skulestruktur -2
Ompr. planlegging -7 sjukeheim
Sal Hordfast aksjer -0,1
Budne fond Langeland -10,1 skule
Auka utgifter/mindre inntekter sett i forhold
til 2025 2026 2027 2028
kommunedirektøren sitt framlegg Reversere kutt lågterskel
3,7 3,7 3,8 3,8
helsestasjon/Hamna Mandag- og
0,3 0,3 0,4 0,4
onsdagsklubben
Ta inn 50 flyktninger 0 0 0 0
Prosjekt auka
grunnbemanning 2 3 3,7 4
barnehager
Ytterklede PLO 0,65 0,5 0,5 0,5
Habilitering/menneske
7,5 8 8 9
med funksjonsvariasjon
Heimebuande PLO 10 10 10 10
Nattevakt PLO 3 3 3 3
Reinhald 0,38 0,4 0,4 0,4
Reservere kutt
0,9 1 1 1
vaksenopplæring Reservere kutt tekniske
1,5 2 2 2
tenester Korrigering etter tilsendt
4,304 4,3 4,3 4,3
budsjettnotat
Demenstilbod 2,1 2,1 2,5 2,5
Kirkens bymisjon 0,6 1 1 1
Gratis kjernetid SFO 1,5 1,5 1,7 2
Folk i sentrum 0,128 0,15 0,15 0,15
Førebyggande
0,29 0,3 0,5 0,5
heimebesøk
38,852 41,25 42,95 44,55
skulebibliotek 1
Øyremerka kremasjon 0,2
Verbalpunkt:
1. Krematorium: Kommunestyret bed om ei sak der ein utgreier etablering av krematorium på Stord. Behovet for krematorium er aukande og ønskjeleg. Kommunestyret bed om at ein i utgreiinga òg vurderer interkommunalt samarbeid.
2. Ferie for menneske med utviklingshemming: Kommunestyret bed administrasjonen leggja fram ei sak der ein presenterer ulike løysingar for å realisera feriereiser for menneske med utviklingshemming.
3. Oversikt over vårt miljøfotavtrykk: Kommunestyret bed om at det vert utarbeidd ein utsleppsrekneskap
4. Sykkelsatsing: Kommunestyret bed administrasjonen om ei sak der ein gjer greie for løysingar for å utbyggja og utbetre sykkelvegnettet i kommunen. Ein bed administrasjonen om å søkja samarbeid med Vestland fylkeskommune.
5. Arealrekneskap: Kommunestyret bed om at det vert utarbeidd ein oversikt der målet er å verna minimum 30% av land- og sjøområde i Stord for å sikra matjord, sårbar natur og artsmangfald.
6. Kommunal innkjøpsordning: Kommunestyret bed om ein gjennomgang av kommunen sine innkjøp der målet er å sikra at ein tek omsyn til klima, naturmangfald, menneskerettar og folkerettsstridig krigføring.
7. Kommunestyret ønskjer å sikra vidare drift for Hamna kontaktsenter og Måndag-/onsdagsklubben ut valperioden.
8. Etablering av interkommunal fastlegeordning Som vi alle er kjent med, har fastlegeordningen vært under press i flere år, både nasjonalt og lokalt. Det er et økende behov for å sikre tilstrekkelig tilgang på fastleger, samtidig som vi må ivareta kvaliteten på helsetjenestene. SV – Stord ønsker derfor å fremme et forslag til Stord kommune om å vurdere muligheten for å etablere en interkommunal fastlegeordning i samarbeid med nabokommunene. Bakgrunnen for dette forslaget er både utfordringer med å rekruttere og beholde fastleger i mindre kommuner og behovet for å finne løsninger som sikrer at innbyggerne får den nødvendige og tilgjengelige helsehjelpen. Ved å etablere en interkommunal fastlegeordning kan vi dele ressurser og kompetanse på tvers av kommunegrensene, noe som kan gi flere fordeler, for eksempel: Større fleksibilitet i arbeidsoppgaver for fastlegene, som kan øke både tilgangen på og kvaliteten på helsetjenestene. Bedre rekruttering og mulighet for å tilby faste og attraktive arbeidsvilkår for fastleger, ettersom en interkommunal ordning kan tilby flere ulike arbeidsmuligheter. Økt samarbeid mellom kommunene om helsetjenester, som kan føre til bedre koordinering og mer effektiv ressursbruk. Bredere kompetanse ved at fastlegene får mulighet til å samarbeide med et større fagmiljø, noe som kan bidra til faglig utvikling og bedre behandlingstilbud til innbyggerne.
SV-Stord foreslår at kan setter i gang en arbeidsgruppe som kan utrede dette forslaget
nærmere, vurdere hvilke nabokommuner som kan være aktuelle for samarbeid, og analysere hvilke organisatoriske og økonomiske konsekvenser en interkommunal fastlegeordning vil ha for Stord kommune. SV- Stord håper at dette forslaget kan danne grunnlag for videre diskusjon og at vi sammen kan finne løsninger som gir våre innbyggere en mer bærekraftig og tilgjengelig fastlegeordning i fremtiden.»
9. Fritak fra eiendomsskatten
Ordningen med “Fritak fra eiendomsskatt” er vedtatt i flere kommuner og er hjemlet i eiendomsskatteloven §28. Ordningen retter seg mot husstander med vedvarende lavinntekt. Deriblant enslige uføre på minstesats og enslige minstepensjonister. Tiltaket er et godt bidrag i arbeidet med å utgjevne sosiale ulikheter og det er positivt for folkehelsen at ein kan bo i egen bolig. Med dette tiltaket vil me sende en hjelpende hånd til de av våre innbyggere som har minst. Kommunestyret ber kommunedirektøren legge frem en sak om dette til politisk behandling innen juni 2025.
10. Ytterklede til hjemmebasert tenester Kommunestyret ber kommunedirektøren om å utgreie en utvidet ordning med arbeidsklede i hjemmebasert tenester. Det må lagast ein rutine som skildrar alt frå innkjøp, behov, reinhald, vedlikehald, og kva det vil kosta med ei utvida ordning med arbeidsklede i heimebaserte tenester. Utgreiing skal legges frem for kommunestyret i første halvåret 2025.
Framlegg frå Sp:
Endring i driftsbudsjett
relativt 2025 2026 2027 2028 Merknad
kommunedirketøre n sitt
Hamna kontaktsenter 2500000 2500000 2500000 2500000
Lågterskel
1200000 1200000 1200000 1200000
helsestasjon ingen auke i egiedomsskatt bustad,
Endring i 1004500
2200000 4815000 7430000 600 000 i botnfrådrag
eigedomsskatt 0
2025. Ingen auke 2026 og utover Finansiserer ikkje fullt
Barnehage auka 2000000
2000000 2000000 2000000 ut grunna minka behov
grunnbemanning 0
for vikar og fagarbeidar Realistisk budsjettering,
1000000 treng tid til å realisera
RHO-området
0 innsparingar skissert av
kommunedirektøren
Måndag og Vurder innføring av
300000 300000 300000 300000
onsdagsklubben brukarbetaling
Kirkens Bymisjon/I
600000 1000000 1000000 1000000
jobb Reguleringsplan
250000 250000
fastsamband Huglo
Auka elevressurs 1000000
Feil i opprinneleg Avlasting/omsorgsstøna
4304401 4304401 4304401 4304401
budsjett d
Førebyggjande
320000 320000 320000 320000
heimebesøk Dimensjonering for 50 flyktningar, justera
Flyktningar bemanninga i tråd med
talet motteke flyktningar
Ekstra inntekt Stord - - - -
kommune 1490000 1490000 1490000 1490000
kommuneopplegget 0 0 0 0
Dekka konsulentbruk - - - -
9,2 mill i 2023
med eige ressursar 4000000 4000000 4000000 4000000
Saldert mot godtgjersle
Avkorting ordførarløn -500000 -500000 -500000 -500000
fylke/storting
Tømmerdrift -500000
Innsparing leigde - - -
-500000
areal 1000000 1000000 1000000
Realistisk budsjettering.
- - - - Per 30.09.2024 er
Endring skatteanslag 1000000 1000000 1000000 1000000 skatteinngong 34,4 mill
0 0 0 0 høgare enn budsjett
2024 SKL, kapitalavkasting,
- - - -
Avkasting finans auka inntekter
1000000 1000000 1000000 1000000
renteberande papir Reversera auken
FSK godtgjersle -150000 -150000 -150000 -150000
formannskapet vedtok Følgja beste praksis for
Fastlegeordning, - - - -
tilsetjing av fastlegar,
mindreforbruk vikar 2000000 2000000 2000000 2000000
td Kristiansund
- - - -
Innsparing bilordning
1000000 1000000 1000000 1000000
- - - -
Kurs og reiser
1000000 1000000 1000000 1000000
Endra
-96000 -150000 -150000 -150000
kapitalkostnader
- - - -
Havbruksfondet
2000000 2000000 2000000 2000000
Mindreforbruk i høve - - - -
kommunedirektøren 1297159 2101059 1864559 1603059
sitt oppr. budsjett 9 9 9 9
Endring
investeringsbudsje 2025 2026 2027 2028 Kommentar
tt - Molo 1000000 - IKT infrastruktur 1000000
Sum endringar i høve -
0 0 0
opprinneleg budsjett 2000000
Effekt driftsbudsjett -96000 -150000 -150000 -150000
Endring pkt 2 a): Skattesatsen vert sett til 1,9 1,8 promille av omsetnadsverdien for bustader og fritidseigedomar. Endring pkt 2 g): Botnfrådrag vert for 2025 sett til kr 540 000 600 000.
Verbalpunkt:
10. Kommunestyret ber om ei utgreiing av konsekvensar ved å innføra eit prinsipp om at netto gjeld utanom sjølvkostområda ikkje skal auka i perioden 2025-2028. Institusjonsplassar og opprusting Langeland skule skal prioriterast.
11. Kommunestyret held fast på at føretrukken framtidig løysing for fastsamband/innkorta ferjesamband mot Kvinnherad er Sunnhordlandsdiagonalen over Huglo, og avsluttar arbeidet med molo, cruisekai og nytt ferjestø ved Djupavikjo.
12. Kommunestyret avsluttar utgreiing av nedlegging av sentrumsskulen på Leirvik og samanslåing med Langeland skule med umiddelbar verknad.
13. Kommunestyret ber om ei oversikt over grupper av tilsette som har arbeidsoppgåver som medfører risiko for øydeleggjing av private klede, og ei vurdering av kostnader knytta til etablering av ordning med arbeidsklede. Kommunestyret ber om sak i samband med 1. budsjettrevisjon.
14. Kommunestyret ber om ei vurdering av etablering av nye bustader for personar med nedsett funksjonsevne, inkludert spesielt tilrettelagde bustader og eige bufellesskap for eldre tenestemottakarar med endra omsorgsbehov, i tilknytning til eksisterande institusjonar.
Røysting:
Verbalpunkt 10 frå Sp fall med 15 (Sp, 9 Ap, INP, R og SV) mot 20 røyster. Verbalpunkt 11 frå Sp fall med 16 (Sp, INP, R, SV og Ap) mot 19 røyster Verbalpunkt 12 frå Sp fall med 16 (Sp, INP, R, SV og Ap) mot 19 røyster Verbalpunkt 13 frå Sp fall med16 (Sp, INP, R, SV og Ap) mot 19 røyster Verbalpunkt 14 frå Sp fall med 16 (Sp, INP, R, SV og Ap) mot 19 røyster Framlegget frå Sp utan verbalpunkt fall med 1 (Sp) mot 34 røyster.
Verbalpunkt 7 og 8 frå SV og R fall med 16 (Sp, INP, R, SV og Ap) mot 19 røyster
Framlegget frå SV og R med verbalpunkt 1-6, 9 og 10 fall med 4 (SV og R) mot 31
røyster.
Verbalpunkt 33 frå H, Frp, Krf og V vart samrøystes vedteke.
Framlegget frå H, Frp, Krf og V utan verbalpunkt 33 vart vedteke med 19 mot 16 (Ap, SV, R, Sp og INP) røyster, som røysta for framlegget frå Ap.
Innstillinga frå formannskapet med vedtekne tillegg og endringar vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.