Forprosjekt - Nye institusjonsplassar
Vedtak
Lysa ut etter sjukeheim med 60 plassar der det skal væra mogleg med 60 nye plassar.
1. Kommunedirektøren får i oppdrag å sikre seg opsjonsavtale med grunneigar av Gnr/bnr 57/19, 57/60, 57/35, 56/284 (Sagvåg) samt delar av Gnr/bnr 22/188 (Tysemarkjo). Opsjonsavtalen skal kun effektueres dersom tomta vert valt som lokasjon for ny sjukeheim.
2. Kommunedirektøren får i oppdrag å gjennomføra ein ekstern analyse som skal konkludera med kva lokasjon som er best egna for sjukeheim. Resultatet av analysen vil avgjere lokasjon for ny sjukeheim. Analysen skal greie ut kva lokasjon som vil væra best egna med tanke på tomtepris, kostnad på opparbeiding av lokasjon, nærleik til kollektivtilbod, parkeringshøve, infrastruktur, reguleringsmessige rekkefølgjekrav og fysiske forhold. Dei fire aktuelle lokasjonane som det skal gjennomførast ekstern analyse av er:
a) Sagvåg, Gnr/bnr 56/76, Gnr/bnr 56/284
b) Buneset Sagvåg, Gnr/bnr 57/19, 57/60, 57/35, 57/10
c) Tysemarkjo, Gnr/bnr 22/188
d) Sævarhagen, Gnr/bnr 25/1
3. Når opsjonsavtale er sikra og analyse er gjennomført får Kommunedirektøren oppdrag å lysa ut anbodskonkurranse på nøkkelferdig bygg til 60 institusjonsplassar. Tomta og bygget skal leggje til rette for vidare utvikling med 60 nye plassar, totalt 120. Husbanken sine premiss for investeringstilskot skal leggast til grunn i prosjektet.
4. Tilbod i konkurransen som overskrid budsjett, skal leggast fram og godkjennast av kommunestyret.
5. Konkurransen vert gjennomført som ein anbodskonkurranse om kjøp av nøkkelferdig bygg til kommunen, basert på innkomne tilbod etter konkurransegrunnlag som mellom anna består av skildring av behov, konkurransereglar og liknande. Dette inneberer at det er leverandøren som er ansvarleg for å levere nøkkelferdig bygg og at leveransen skal omfatte konsept, prosjektering og oppføring. Byggetid frå ferdig regulering av tomt skal også være spesifisert og bindande.
6. I tildelingskriteria skal pris vektast høgast og i kvalitetskriteriet skal lovpålagte miljøkrav leggast inn.
7. Konkurransegrunnlaget skal leggast fram i lukka sak for kommunestyret før utlysing.
8. Kommunestyret bed kommunedirektøren om å avslutte forprosjekt og arbeidet med reguleringsplan for Knutsaåsen.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Øyvind Kyvik Framlegg frå H, Frp, Krf og V:

Gaute Straume Framlegg:
Epland Kommunestyret vedtek alternativ A med følgjande endringar:
Nytt pkt. 2:
Kommunestyret løyver inntil kr. 678 945 138 inkl. mva til prosjektet.
Nytt pkt. 3:
Utbygginga vert gjennomført som totalenterprise, med bruk av samspel, basert på skisseteikningar, jf. planarbeidet og utarbeida konklurransegrunnlag som består av funksjonskrav, konkurransereglar o.l. Samspelfasen skal ha særleg merksam på å finna mest mogleg areal- og kostnadseffektive løysingar.
Nytt pkt 5:
Nye institusjonsplasser på Knutsaåsen kan vera eigna som privat prosjekt, noko som vil kunna redusera låneopptaket og gjelda til kommunen. Parallelt med innhenting av pristilbod, skal det innhentast tilbod frå privat utbyggjar, med same kravspesifikasjon. Det skal haldast takst på tomteverdien, slik at den vert lagt inn i prosjektet.
Pkt. 5 blir nytt pkt. 6.
Mohamed Kallel Framlegg:
Kommunedirektøren sitt alternativ A:
A. Alternativt framlegg til innstilling:
Nye institusjonsplassar Knutsaåsen:
1. Kommunestyret godkjenner planane i forprosjekt for 64 nye institusjonsplassar i Knutsaåsen, med vidareføring av planarbeidet, og å lysa prosjektet ut i konkurranse. Husbanken sine premiss skal følgjast for investeringstilskot. 2.Kommunedirektøren rår kommunestyret til å løyva kr 479 470 137 inkl. mva. i entreprisekostnad, med tillegg prosjektadministrasjon, uavhengig kontroll, gebyr, inventar, møblar til bygget, utstyr til ny leikeplass, velferdsteknologi med IT og data utstyr, byggelånskostnadar, kunst og utsmykking, tomteerverv i forhold til rekkefølgekrav veg og forventa tillegg, med ein estimert kostnad på kr 678 945 138 inkl. mva. Kommunedirektøren rår kommunestyret til å løyva kr 678 945 138 inkl. mva til prosjektet, ut frå kostnadskalkyle og vedteken budsjett og økonomiplan. 3.Utbygginga i vert gjennomført som totalentreprise, med vurdering bruk av samspel, basert på skisseteikningar jf. planarbeidet, og utarbeida konkurransegrunnlag som består av funksjonskrav, romprogram, konkurransereglar og liknande. 4.Tilbod i konkurransen som overskrid budsjett, skal leggast fram og godkjennast av kommunestyret. 5.Konkurransegrunnlaget skal leggast fram i lukka møte for kommunestyret før utlysing.
Røysting:
Framlegget frå Kallel (R) fall med 6 (R, Sp, 1Ap og SV) mot 29 røyster.
Framlegget frå Epland (Ap) fall 15 (Ap, SV, Sp og INP) mot 20 røyster. Framlegget frå H, Frp, Krf og V vart vedteke med 19 mot 16 (Ap, SV, Sp, R og INP) røyster.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.