Framlegg til kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024-2034 med forslag til vedtak om nedlegging av Litlabø og Leirvik skular
Vedtak
1. Kommunestyret vedtek å leggja ned Litlabø skule frå skuleåret 2024-25 etter Alternativ 1 i Kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024- 2034.
a) Kommunestyret gir kommunedirektøren i oppdrag å oppgradera/ auka kapasiteten på lærararbeidsplassar og garderobar ved Tjødnalio skule i samband med nedlegging av Litlabø skule og auke i tal lærarar på Tjødnalio skule.
b) Kommunestyret gir kommunedirektøren i oppdrag å syta for at trafikksikrings-tiltak knytt til Tjødnalio skule og skuleveg vert gjennomførte etter kommunen sin trafikksikringsplan. Avbøtande tiltak skal iverksetjast innan dette er på plass.
c) Kommunestyret set av 9 mill. kr til oppgradering av Tjødnalio skule og gjennomføring av trafikksikringstiltak i samband med nedlegging av Litlabø skule.
2. Kommunestyret ønsker ein forstudie som skal utgreia etablering av ein samanslått Leirvik-Langeland Skule opp mot opprusting av eksisterande skuleanlegg ved Leirvik og Langeland.
a. Alternativ 1 skal greia ut ei skulesamanslåing mellom Langeland og Leirvik skule til ein ny skule. Alternativet skal synleggjera kostnadsbiletet med ein ny skule med uteområde tilpassa elevtalet. Skulen skal ha fasilitetar som er rekna ut frå elevtalet i skulekrinsen i alternativ 3b. Alternativet skal lokaliserast på eksisterande og utvida tomt ved Langeland skule. Alternativet skal innehalde ny fleirbrukshall der ein nytter midlane som er avsett til ny rackethall. Forstudien må vise korleis ein ser for seg framtidig handtering og organisering av SFO Handtering og organisering av framtidig innføringstilbod til elevar i barneskulealder
b. Alternativ 2 skal greia ut ein skulestruktur der ein held fram med Leirvik og Langeland skule. Alternativ 2 skal legge allereie planlagt utbetring av Langeland skule til grunn, og utgreie behov for nybygg og standardheving ved Leirvik skule. Alternativ 2 skal synleggjera kostnadsbiletet med oppgradering av Leirvik og Langeland skule. Forstudien må basere seg på oppdaterte elevtal i kommuneplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024-2034, og vise mulige endringer i dimensjonering av størrelsen på skulen. Forstudien skal då også synleggjere kostnadbiletet med å gjennomføra nødvendige utbetringar av dei trafikale tilhøva ved Leirvik og Langeland skule.
c. Forstudien skal omtale dei skulefaglege og pedagogiske betrakningane ved alternativa.
d. Forstudien må ha ei detaljert og grundig analyse av dei framtidige finansielle kostnadene ved dei ulike alternativa samt driftskostnadane både for bygg, ledige elevplassar. og ressursutnytting.
e. Forstudien skal ha ei grundig utgreiing om korleis ein kan betra trafikktilhøva og dei ulike skulevegane frå dei ulike områda i alternativa.
f. Kommunestyret ber administrasjonen gå i dialog med Statens Vegvesen og Vestland Fylkeskommune angåande igangsetting av trafikksikrings-prosjekt på deira vegstrekningar som er særskild relevante for trygg skuleveg.
g. Forstudien skal belysa korleis rekkefølgjekrav kan implementerast for å sikra trygge skulevegar.
h. Alternativa må vise til romsleg og tilstrekkeleg uteområde som inviterar til fysisk aktivitet og leik.
i. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å ha gode medverknadsprosessar med Samarbeidsutvala/FAU og tillitsvalte i utarbeidelsen av forstudien.
j. Kommunestyret ber om at forstudien vert gjennomført av ekstern aktør, med mål om handsaming desember 2024.
3. Kommunestyret ber kommunedirektøren koma attende med eiga sak om framtidig bruk av Litlabø skule, samt tilhøyrande nærmiljøanlegg.
4. Kommunestyret vedtek Kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024-2034 med endringar etter punkt 1, 2 og 3 over.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Gaute Straume Framlegg frå INP, R, SV, Sp og Ap:
Epland 1. Det vert ikkje lagt ned skular i inneverande
kommunestyreperiode.
2. Vedtekne investeringar på Langeland og Leirvik skule vert utsett til etter 2027 (68,7 mnok tidlegare løyvd + 52,5 mnok i 2025/26). Dette gjev i alt 27,9 mnok i sparte kapitalkostnader denne kommunestyreperioden.
3. Det skal gjennomførast ein prosess etter modell frå førre rullering av skulebruksplanen fram mot 2027 der ein skal vurdera eventuell endring av skulestrukturen i Stord kommune i neste kommunestyreperiode.
4. Dei ulike partia vil på dette grunnlaget kunna ta stilling til skulestruktur i sine program for valperioden 2027-31, slik at veljarane gjennom røystesetelen kan vera med og avgjera utfallet av saka.
Geir Angeltveit Framlegg frå V, Frp, H og Krf:
1. Kommunestyret vedtek å leggja ned Litlabø skule frå skuleåret 2024-25 etter Alternativ 1 i Kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024- 2034.
a) Kommunestyret gir kommunedirektøren i oppdrag å oppgradera/ auka kapasiteten på lærararbeidsplassar og garderobar ved Tjødnalio skule i samband med nedlegging av Litlabø skule og auke i tal lærarar på Tjødnalio skule.
b) Kommunestyret gir kommunedirektøren i oppdrag å syta for at trafikksikrings-tiltak knytt til Tjødnalio skule og skuleveg vert gjennomførte etter kommunen sin trafikksikringsplan. Avbøtande tiltak skal iverksetjast innan dette er på plass.
c) Kommunestyret set av 9 mill. kr til oppgradering av Tjødnalio skule og gjennomføring av trafikksikringstiltak i samband med nedlegging av Litlabø skule.
2. Kommunestyret ønsker ein forstudie som skal utgreia etablering av ein samanslått Leirvik-Langeland Skule opp mot opprusting av eksisterande skuleanlegg ved Leirvik og Langeland.
a. Alternativ 1 skal greia ut ei skulesamanslåing mellom Langeland og Leirvik skule til ein ny skule. Alternativet skal synleggjera kostnadsbiletet med ein ny skule med uteområde tilpassa elevtalet. Skulen skal ha fasilitetar som er rekna ut frå elevtalet i skulekrinsen i alternativ 3b. Alternativet skal lokaliserast på eksisterande og utvida tomt ved Langeland skule. Alternativet skal innehalde ny fleirbrukshall der ein nytter midlane som er avsett til ny rackethall. Forstudien må vise korleis ein ser for seg framtidig handtering og organisering av SFO Handtering og organisering av framtidig innføringstilbod til elevar i barneskulealder
b. Alternativ 2 skal greia ut ein skulestruktur der ein held fram med Leirvik og Langeland skule. Alternativ 2 skal legge allereie planlagt utbetring av Langeland skule til grunn, og utgreie behov for nybygg og standardheving ved Leirvik skule. Alternativ 2 skal synleggjera kostnadsbiletet med oppgradering av Leirvik og Langeland skule. Forstudien må basere seg på oppdaterte elevtal i kommuneplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024-2034, og vise mulige endringer i dimensjonering av størrelsen på skulen. Forstudien skal då også synleggjere kostnadbiletet med å gjennomføra nødvendige utbetringar av dei trafikale tilhøva ved Leirvik og Langeland skule.
c. Forstudien skal omtale dei skulefaglege og pedagogiske betrakningane ved alternativa.
d. Forstudien må ha ei detaljert og grundig analyse av dei framtidige finansielle kostnadene ved dei ulike alternativa samt driftskostnadane både for bygg, ledige elevplassar. og ressursutnytting.
e. Forstudien skal ha ei grundig utgreiing om korleis ein kan betra trafikktilhøva og dei ulike skulevegane frå dei ulike områda i alternativa.
f. Kommunestyret ber administrasjonen gå i dialog med Statens Vegvesen og Vestland Fylkeskommune angåande igangsetting av trafikksikrings-prosjekt på deira vegstrekningar som er særskild relevante for trygg skuleveg.
g. Forstudien skal belysa korleis rekkefølgjekrav kan implementerast for å sikra trygge skulevegar.
h. Alternativa må vise til romsleg og tilstrekkeleg uteområde som inviterar til fysisk aktivitet og leik.
i. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å ha gode medverknadsprosessar med Samarbeidsutvala/FAU og tillitsvalte i utarbeidelsen av forstudien.
j. Kommunestyret ber om at forstudien vert gjennomført av ekstern aktør, med mål om handsaming desember 2024.
3. Kommunestyret ber kommunedirektøren koma attende med eiga sak om framtidig bruk av Litlabø skule, samt tilhøyrande nærmiljøanlegg.
4. Kommunestyret vedtek Kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024-2034 med endringar etter punkt 1, 2 og 3 over.
Nancy Johanne Framlegg frå Sp og Ap:
Aasheim Kommunestyret vedtek å senda kommunedelplan for
skulestruktur på ny høyring med endringane Frp, H, Krf og V la inn og vedtok i utval for oppvekst og kultur 21/5 2024. Grunngjevnad:
Innstillinga frå utval for oppvekst og kultur punkt 1 og 2 inneber nedlegging av Litlabø, Leirvik og Langeland skular. I framlegg til skulebruksplan som var på høyring låg det forslag om nedlegging av Litlabø og Leirvik skular. Det betyr at forslaget om å legga ned Langeland skule ikkje har vore på høyring til korkje elevar, foreldre, tilsette, samarbeids-og foreldreutval eller andre som vert berørt av nedlegging. Ingen har fått høve til å uttala seg om eventuell nedlegging. Ein kommunedelplan har same rettslege status som ein kommuneplan, ref Reguleringsplan - regjeringen.no, sitat:
En kommunedelplan har rettslig sett samme status som en kommuneplan og er en del av kommunens overordnede plangrunnlag. Det som skiller kommunedelplanen fra kommuneplanen er at kommunedelplanen gjelder for en angitt del av kommunens areal, eller for et avgrenset tema eller virksomhetsområde. Det betyr at reglane om sakshandsaming ved endringar i kommuneplanen sin samfunnsdel også vil gjelda for framlegg til skulebruksplan i Stord kommune, og at alle relevante paragrafar i kapittel 11 i plan og bygningsloven gjeld. Regjeringa har blant anna i mars 2023 etter førespurnad frå statsforvaltar i Rogaland vurdert kva endringar i samfunnsdelen av kommuneplanen som utløyser kvar om ny høyringsrunde, ref § 11-15 - Saksbehandling ved endringer i kommuneplanens samfunnsdel etter høring - regjeringen.no. Regjeringa svarar på spørsmålet på eit generelt grunnlag. Det sentrale premisset vert formulert slik:
Det sentral vil være om det etter høring og offentlig ettersyn er gjort endringer i forslaget til samfunnsdel som gjør at forslaget bør behandles på nytt for å sikre at «alle deler av kommuneplanen har vært gjenstand for nødvendig formell planprosess og at virkningene av planen er tilfredsstillende vurdert», jf. Ot.prp. nr. 32 (2007-2008) pkt. 6.11. Det må vurderes konkret i hvert enkelt tilfelle om forslaget krever ny behandling. Det framstår tvillaust at naudsynt formell planprosess og verknadane av nedlegging av Langeland skule ikkje er tilfredstillande vurdert i denne saka. Berørte partar har heller ikkje fått høve til å uttala seg om eventuell nedlegging. Forslaget må difor sendast på ny høyringsrunde.
Nils Magne Blålid Framlegg frå Ap, SV, R, Sp og INP:
Med grunnlag i manglande dokumentasjon knytt til risikovurderingane rundt tema "Barns beste" må saka utsetjast.
Gildskap:
Nancy Aasheim (Sp) stiller spørsmål ved eigen gildskap i saka. Ho er tilsett i fagavdeling oppvekst og kultur. Ho tredde frå under handsaminga av spørsmålet og vara Tor Olav Blekenberg (Sp) tredde inn. Kommunestyret handsama spørsmålet og fatta følgjande vedtak:
Aasheim vart samrøystes kjendt gild i saka, jf. Fvl § 6, 1. og 2. ledd Røysting:
Utsettingsframlegget frå Sp og Ap fall med 17 (Sp, Ap, SV, R og INP) mot 18 røyster. Utsettingsframlegget frå Ap, SV, R, Sp og INP fall med 17 ( Ap, SV, R, Sp og INP) mot 18 røyster. Framlegget frå V, Frp, H og Krf vart vedteke med 18 mot 17 røyster (Sp, Ap, SV, R og INP), som røysta for eiga framlegg.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.