Eigarskapskontroll av overordna eigarskapsforvaltning - rapport
Vedtak
1.Utarbeide ei samla, skriftleg oversikt med fordeling av roller og ansvar i arbeidet med eigarskapsforvaltninga. 2.Legge til rette for supplerande opplæring knytt til eigarskapsforvaltning til folkevalde seinare i valperioden, samt opplæring for styremedlemmar som er innstilt frå kommunen. 3.Forankre eigarskapsmelding og eigarstrategiar i selskapa kommunen har eigarskap i.
4. Vurdere å tydeleggjere, til dømes i eigarskapsmeldinga, kva kriterium som ligg til grunn for kva selskap det skal bli utarbeidd eigarstrategi for og eventuelt kva selskap kommunen ønskjer å følgje særskilt opp basert på ei risiko- og vesentlegvurdering. 5.Vurdere om det er behov for noko meir utfyllande eigarstrategiar for dei viktigaste selskapa. 6.Etablere rutinar for å føre referat frå eigarmøte, for å sikre sams oppfatning om det som er diskutert og informert om i møta. 7.Etablere retningslinjer for at valkomiteen si innstilling av styrekandidatar skal grunngjevast skriftleg i saksframlegget til kommunestyret. 8.Følgje opp kommunen sine eigne føresegn og retningslinjer for arbeidet med eigarskapsforvaltning, under dette:
a) Sørgje for at rekneskap, årsmelding, strategidokument og liknande blir lagt fram for relevant politisk organ i forkant av møte i eigarorgan so langt det er mogleg og føremålstenleg.
b) Sørgje for at det ikkje er same styremedlemmar i morselskap og dotterselskap, ev. forklare kvifor dette prinsippet ikkje blir etterlevd.
c) Opprette valkomité i selskap kommunen eig saman med andre eigarar.
d) Følgje opp at styremedlemmar blir registrert i KS sitt styrevervregister. 9.Etablere rutinar for å følgje opp at kommunen sine krav og forventningar blir etterlevd av selskapa som kommunen har eigarskap i (til dømes gjennom eigarmøte, krav til rapportering, gjennomgang av sentral dokumentasjon). 10.Lage ein prioritert handlingsplan til kontrollutvalet innan 02.09.24 som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å følgje opp tilrådingane i rapporten, når tiltaka skal setjast i verk og kven som skal ha ansvaret for iverksettinga.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Røysting:
Innstillinga frå kontrollutvalet vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.