Ny kai 4 med utfylling
Vedtak
Kommunestyret vedtek utbygging av ny Kai 4 med tilhøyrande bakareal, i samsvar med alternativ 1 i saksutgreiinga. Det skal nyttast 10% eigenkapital i finansieringa av prosjektet. Kai 4 er kalkulert til 56,2 millionar kroner, og løyvinga i årsbudsjett og økonomiplan må aukast med 16,2 millionar kroner ved første budsjettrevisjon. Investeringsvedtaket vert gjort på vilkår om at NorSea aukar garantisummen til 2,5 millionar/år. For å oppnå dette gir ein mynde til Kommunedirektøren om å inngå avtale om inntektsdeling av kaivederlag for Eldøyane, med maksimalt 15% av vederlaget og begrensa oppad til 500 000/år, for dei åra avtala gjeld.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Reinert Svanberg Framlegg:
Investeringsvedtaket vert gjort på vilkår om at NorSea aukar garantisummen til 2,5 millionar/år. For å oppnå dette gir ein mynde til Kommunedirektøren om å inngå avtale om inntektsdeling av kaivederlag for Eldøyane, med maksimalt 15% av vederlaget og begrensa oppad til 500 000/år, for dei åra avtala gjeld.
Røysting:
Innstillinga frå utval for byutvikling med tilleggsframlegget frå Svanberg (Frp) vart vedteke med 34 mot 1 (Sp) røyst.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.