Lovlegkontroll av gildskapsvedtak knytt til sakshandsaming av PS 91/23, om kjøp av tomt i Studalen
Vedtak
1.Kommunestyret sitt gildskapsvedtak av 19.12.23., (PS 91/23) vert oppretthalde. 2.Krav om lovlegkontroll vert sendt over til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Protokolltilførsel frå Frp:
Stord FrP fekk i 2023 kr. 150 000 i valkampstøtte frå LT Finans AS. Støtta var utan bindingar, og basert på brev sendt ut til næringslivet i 2022, vedlegges til Statsforvaltaren. Støtta er rapportert i tråd med lov og regelverk. FrP si kommunestyregruppe ser at ein legg vekt på at summen er etter måten høg, og at støtta er gjort tidsmessig kort før vedtaket 19.12.23, mindre enn eit år mellom støtta og i kommunestyrevedtaket der heile partigruppa vart kjend ugild. Ut frå FVL 6.2 2 ledd, der det står følgande (vår utheving):
“Likeså er han ugild når andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet; blant annet skal legges vekt på om avgjørelsen i saken kan innebære særlig fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til. Det skal også legges vekt på om ugildhetsinnsigelse er reist av en part.” FrP-gruppa vil påpeike at avgjerda i saka ikkje fører til noko særleg fordel, tap eller ulempe for nokon i gruppa, uavhengig av utfall. Det er heller ikkje slik at noko einskildmenneske i gruppa har noko nær personleg tilknytning til LT Finans AS. Det er også grunn til å påpeike at LT Finans AS, og eigaren, ikkje har noko særleg fordel, tap eller ulempe etter utfallet i saka. Selskapet er svært kapitalsterkt og ikkje avhengig av noko avtale med Stord Kommune. Det er også slik at ein frå folkevalgte si hald ikkje har hatt befatning med saka i forkant av at den kom opp til politisk handsaming. Det er Kommunedirektøren og stab som har identifisert den aktuelle tomta, og gjennomført forhandlingar med grunneigar, som vert lagt fram til godkjenning frå dei folkevalde. FrP-gruppa meiner framleis at ein ikkje blir ugild av partistøtte, i tråd med uttalar frå mellom anna Jan Fridtjof Bernt, som nevnt i lovlegkontrollen. Som eit døme på kvifor dette er problematisk, ut frå partiportalen si støtteoversikt fekk Arbeidarpartiet i Bergen 600 000 frå Trond Mohn i 2023. Det er vanskeleg å sjå for seg at Ap si bystyregruppe i Bergen skal gjerast ugild i alle saker der Trond Mohn direkte eller indirekte har interesser, sjølv om støtta er etter måten stor. Dersom ein framleis skulle stå på at FrP-gruppa var ugild, er det avgjerande viktig at Statsforvaltaren også kommenterer kvar grensa går for både sum støtte, og nærleik i tid, slik at lokallaget kan betale tilbake støtta til LT Finans AS. Det er svært viktig, då FrP-gruppa ikkje kan vera i ein situasjon der ein blir kjend ugild i alle saker som vedkjem dette selskapet, som er ein viktig aktør i lokalsamfunnet.
Gildskap:
Representantane frå Frp stiller spørsmål ved eigen gildskap i saka. Dei er part i saka. Representantane frå Frp tredde frå under handsaminga av spørsmålet, ingen vara. Kommunestyret handsama spørsmålet og fatta følgjande vedtak:
Representantane frå Frp vart samrøystes kjent ugild i saka jf. utfordringer-og-rad-ompartistotte.pdf (ks.no). Protokolltilførsel frå H:
Stord Høgre vil understreka viktigheten av at det skal vere mogleg for privatpersonar, bedrifter og organisasjonar å gje økonomisk støtte til politiske parti. I denne saka har Framstegspartiet på Stord følgt alle lovens krav til offentleggjering av støtta i partiportalen og såleis spelt med opne kort. Saka reiser likevel prinsipielle spørsmål som det vil vere viktig å få ei juridisk avklaring på frå Statsforvaltaren. Røysting:
Framlegget frå kommunedirektøren vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.