Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Stord · Saker

Ekstra midlar for trafikksikring av veg og fortau Utslettevegen

Sak 8/2024 · Kommunestyret 22. februar 2024 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret vedtek å løyva kr 4,8 mill. til prosjekt «trafikksikringstiltak av veg/ gang og sykkelveg Utslettevegen» jf. vedtak i trafikksikringsplanen frå februar 2023. Midlane blir finansiert med låneopptak for veg. Dei resterande 3,0 mill. føreset ein at skal gå frå den bevilga budsjettramma i budsjett for 2024. Kommunestyret ber om at det blir vurdert å utsette tiltak i prosjektet som ikkje er tvingande nødvendig å gjennomføre i år.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Reinert Svanberg Framlegg:

Kommunestyret vedtek å løyva kr 4,8 mill. til prosjekt «trafikksikringstiltak av veg/ gang og sykkelveg Utslettevegen» jf. vedtak i trafikksikringsplanen frå februar 2023. Midlane blir finansiert med låneopptak for veg. Dei resterande 3,0 mill. føreset ein at skal gå frå den bevilga budsjettramma i budsjett for 2024. Kommunestyret ber om at det blir vurdert å utsette tiltak i prosjektet som ikkje er tvingande nødvendig å gjennomføre i år.

Gildskap:

Morten R. Nordeide (INP) stiller spørsmål om sin eigen gildskap i saka i møtet, han er part i saken. Han tredde frå under handsaminga av spørsmålet. Ingen vara. Kommunestyret handsama spørsmålet og fatta følgjande vedtak:

Noreide vart samrøystes kjent ugild i saka, jf. Fvl § 6 1. ledd.

Røysting:

Framlegget frå Svanberg (Frp) vart vedteke med 18 mot 16 røyster (Ap, SV, INP, Sp og R), som røysta for innstillinga for utval for byutvikling.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.