Overordna avløpsstruktur for å nå sekundærreinsekravet
Vedtak
Kommunestyret er samd i å etablera eitt sekundærreinseanlegg på Skjersholmane med tilhøyrande infrastruktur og ber Kommunedirektøren søkja Statsforvaltaren i Vestland om formelt løyve til å byggja slikt anlegg med tilstøytane infrastruktur. Kommunestyret ber om å få ei eiga sak med konsekvensutgreiing, økonomisk konsekvens og framdriftsplan for bygging av Skjersholmane sekundærreinseanlegg og tilhøyrande infrastruktur. Kommunestyret vedtek at arbeidet med mellombelse slamavskiljarar/reinseinnretning på aktuelle ureinsa avløpsutslepp vert starta omgåande. Tiltaket finansierast med kr. 8,8 mill. ved å auka låneopptaket for avløpstenesta.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Mohamed Kallel Oversendingsframlegg frå SV og R til utval for
byutvikling:
Kommunestyret ber om at det ved utbygging av sekundærreinseanlegg ved Skjærsholmane vert vurdert korleis slamavfallet kan nyttast best muleg. Alternativa kan vere kompost, fjernvarme og/eller gass. Det må og vurderast kva alternative energiløysingar som bidreg best for å oppnå minimum energinøytral produksjon ved anlegget. Energiløysingar kan vere sjøvarme, solceller. Kommunestyret/Utval for byutvikling må informerast om nye tærtier-og kvartærrensekrav så snart desse kjem frå EU. Dei politiske partia må jobbe inn mot Stortinget for at rensekrava skal vere tilpassa lokaleresipientar, vere økonomisk
gjennomførbare, eventuelt med statleg støtte.
Røysting:
Innstillinga frå utval for byutvikling vart samrøystes vedteke. Oversendingsframlegget frå R og SV fall med 6 (SV, R og INP) mot 29 røyster.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.