Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Stord · Saker

Revidering av politisk reglement og retningsliner for valbolken 2023-2027

Sak 68/2023 · Kommunestyret 30. november 2023 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret vedtek politisk reglement og retningsliner for valbolken 2023-2027 slik den ligg føre med følgjande endringar:

Driftsutvalet vert endra til Administrasjonsutvalet. Møte- og taletid for Stord ungdomsråd. Ungdomsrådet i Stord har møte- og talerett i Stord kommunestyre sine møter i dei sakene som kjem inn under ungdomsrådet. Dersom ungdomsrådet ønskjer å nytta seg av møte- og taleretten skal dette avtalast med ordførar i forkant av møtet. Stord ungdomsråd kan stilla med opp til 2 representantar. Dei representantane som representerer ungdomsrådet får sleppa til i møtet med eit førebudd innlegg med taletid på maksiumum 5 minutt i starten av sakshandsaminga til den politiske saka, men før debatten startar. Representantane i Stord ungdomsråd får ikkje delta i sjølve debatten av saka.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Fredrik Mettälä Forslagstillarar: Fredrik Mettälä (Frp) og Inger Christin H.

Barane (Ap)

Møte- og taletid Stord kommunestyre for ungdomsråd.

Ungdomsrådet i Stord har møte- og talerett i Stord kommunestyre sine møter i dei sakene som kjem inn under ungdomsrådet. Dersom ungdomsrådet ønskjer å nytta seg av møte- og taleretten skal dette avtalast med ordførar i forkant av møtet. Stord ungdomsråd kan stilla med opp til 2 representantar. Dei representantane som representerer ungdomsrådet får sleppa til i møtet med eit førebudd innlegg med taletid på maksiumum 5 minutt i starten av sakshandsaminga til den politiske saka, men før debatten startar. Representantane i Stord ungdomsråd får ikkje delta i sjølve debatten av saka.

Røysting:

Tilleggsframlegget frå Mettälä (Frp) og Barane (Ap) vart samrøystes vedteke. Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.