Kvalitetsmelding oppvekst og kultur 2025/26
Vedtak
1. Kommunestyret tek kvalitetsmeldinga for oppvekst og kultur 2025/26 til vitande.
2. Motivasjon, skjermbruk og Fritidserklæringa: Kommunestyret ser med uro på at kvalitetsmeldinga syner eit dropp i læringsmotivasjon på ungdomstrinnet, noko som fell saman med eit tilsvarande fråfall i den organiserte idretten og fritidsaktivitetar. Passiv skjermbruk og utanforskap kan ikkje løysast av skulen åleine. Kommunestyret ber difor kommunedirektøren sjå arbeidet med læringsmiljø og motivasjon i direkte samanheng med Fritidserklæringa for Stord kommune. For å bygga trygge sosiale nettverk utanfor skjermen, må eining for kultur, skulen og "laget rundt eleven" samarbeida tett med avtalepartane i erklæringa, særleg Stord idrettsråd, Stord musikkråd og Stord frivilligsentral, slik at ein aktivt sikrar at alle barn og unge kjem seg inn i trygge fritidsfellesskap.
3. Praktiske arenaer og kulturskule i SFO: Kommunestyret er svært positive til at kulturskulen no samarbeider med fleire av SFO-ane i kommunen. For å komplementera målet om balansert skjermbruk i skulen, er det avgjerande at skulefritidsordninga i størst mogleg grad tilbyr skjermfrie, praktiske, estetiske og fysiske aktivitetar. Kommunestyret ønskjer at dette tverrfaglege samarbeidet mellom kultur og oppvekst vert vidareutvikla.
4. Bestilling til neste års kvalitetsmelding: For å sikra eit godt kunnskapsgrunnlag for framtidige prioriteringar, ber kommunestyret om at neste års kvalitetsmelding i endå større grad belyser samanhengane mellom elevane sine leseferdigheiter, læringsmotivasjon, deltaking i organiserte fritidsaktivitetar og tidsbruk på digitale flater.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Geir Angeltveit Tilleggsforslag frå V, KrF, FrP og H:

Røysting:
Heilskapleg framlegg frå V, KrF, FrP og H vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.