Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne

Kommunene · Stord · Saker

Evaluering av den praktiske bruken av digitale verktøy i Stordskulen

Sak 51/2026 · Kommunestyret 17. september 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Fysiske læremiddel og pedagogisk valfridom: Kommunestyret meiner at Stordskulen skal sikra ein god balanse mellom digitale og analoge læremiddel, og at det bør prioriterast å sikra oppdaterte fysiske lærebøker i alle fag på alle trinn. For å sikra reell pedagogisk valfridom for lærarane, vert kommunedirektøren beden om å utarbeida ei oversikt over tilgangen på og behovet for fysiske lærebøker i stordskulen i samband med budsjetthandsaminga for 2027. Vurderinga skal inkludera konkrete forslag til korleis ein kan omprioritera ressursar, inkludert frå digitale verktøy og lisensar,td. innsparingspotensialet med å gå attende til 1:3 laptop-dekning, for å finansiera oppdaterte lærebøker på alle skular.

2. Skjermbruk på småtrinnet: I tråd med nasjonale føringar og oppdaterte læreplanar, skal bruken av digitale verktøy på 1.-4. trinn vera særskilt varsom og ikkje dominera undervisinga. Kommunestyret følgjer opp dekning i laptop-bruk i bestillt sak om dette.

3. Mobilfri skulekvardag: For å fremja eit trygt læringsmiljø, konsentrasjon og sosialt samspel, føreset kommunestyret at alle barne- og ungdomsskular i Stord kommune har streng regulering av private mobiltelefonar og smartklokker i både undervising og friminutt, i samsvar med Udir sine nasjonale tilrådingar og kommunens eige grunnskulereglement.

4. Lesesatsing og skulebibliotek: Arbeidet med å heva lesekompetansen skal prioriterast tungt i heile grunnskulen for å snu den fallande trenden i leseferdigheiter og styrkja motivasjonen på ungdomstrinnet. Den pågåande og vellukka oppbygginga av skulebiblioteka i kommunen skal forankrast som eit langsiktig satsingsområde.

5. Handtering av Kunstig Intelligens (KI): Kommunedirektøren vert beden om å følgja opp arbeidsgruppa sine tilrådingar (Ladehaug-rapporten) for å sikra lærarkompetanse og utarbeida tydelege, felles retningsliner for trygg og etisk bruk av KI i Stordskulen. I tråd med regjeringa si tilråding, skal desse retningslinene leggja til grunn at KI i all hovudsak ikkje skal nyttast av elevar på 1. til 7. trinn. På ungdomstrinnet skal retningslinene leggja til rette for at lærarar og elevar kan byrja med forsiktig, pedagogisk forankra utprøving.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Geir Angeltveit på vegne av Venstre, KrF, FrP, Høgre og Arbeidarpartiet

Nytt fellesframlegg:

Røysting:

Fellesframlegg frå V, KrF, FrP,H og AP vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.