Kartlegg - Miljøterapeut i skulen
Vedtak
1. Kommunestyret følgjer opp vedtak frå kommunebudsjett 2026 om tilsetjing av miljøterapeutar ved ungdomsskulane i Stord kommune. Miljøterapeutane skal inngå som ein del av laget rundt eleven i tett samarbeid med skule, heim og hjelpetenester.
2. Kommunestyret ønskjer å styrkje det førebyggjande arbeidet og møte utfordringar knytt til m.a.:
• vald og trugsmål mot tilsette og elevar
• elevmiljø og mobbing
• skulefråvær og skulevegring
• uro og reguleringsvanskar hos elevar
3. Kommunestyret viser til nye nasjonale faglege føringar og høyringsforslag knytt til førebygging og oppfølging av skulefråvær, der det vert lagt vekt på tidleg innsats, trygg relasjon, tett oppfølging og tverrfagleg samarbeid.
4. Stillinga har miljøterapeutisk og/eller sosialfagleg kompetanse.
5. Kommunestyret ber om at stillingane vert lyst ut med sikte på oppstart hausten 2026. Ein kan nytte andre stillingstitlar, som td Miljørettleiar om ein ser det føremålstenleg.
6. Kommunestyret ber også kommunedirektøren om å vurdera etablering av miljøteam, i samband med den omstillingsprosessen grunnskulen alt er i gong med.
7. Stillingane vert finansiert i samband med 1. budsjettsrevisjon 2026.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Jane Særsten Jünger Tilleggsforslag frå SV:
Kommunestyret tek kartlegginga til vitande og ber kommunedirektøren vurdera mogleiken for etablering av miljøteam i samband med den omstillingsprosessen grunnskulane alt er i gong med. I saka bør ein vurdere korleis midlane tenkt til miljøterapeutar i skulen kan adressere utfordringar i borne- og ungdomsmiljøet utan å avgrense det til skule. Dette inneber både skuletid og fritid.
Geir Angeltveit Forslag frå V, Krf, H og Frp:
1. Kommunestyret følgjer opp vedtak frå kommunebudsjett 2026 om tilsetjing av miljøterapeutar ved ungdomsskulane i Stord kommune. Miljøterapeutane skal inngå som ein del av laget rundt eleven i tett samarbeid med skule, heim og hjelpetenester.
2. Kommunestyret ønskjer å styrkje det førebyggjande arbeidet og møte utfordringar knytt til m.a.:
• vald og trugsmål mot tilsette og elevar
• elevmiljø og mobbing
• skulefråvær og skulevegring
• uro og reguleringsvanskar hos elevar
3. Kommunestyret viser til nye nasjonale faglege føringar og høyringsforslag knytt til førebygging og oppfølging av skulefråvær, der det vert lagt vekt på tidleg innsats, trygg relasjon, tett oppfølging og tverrfagleg samarbeid.
4. Stillinga har miljøterapeutisk og/eller sosialfagleg kompetanse.
5. Kommunestyret ber om at stillingane vert lyst ut med sikte på oppstart hausten 2026. Ein kan nytte andre stillingstitlar, som td Miljørettleiar om ein ser det føremålstenleg.
6. Kommunestyret ber også kommunedirektøren om å vurdera etablering av miljøteam, i samband med den omstillingsprosessen grunnskulen alt er i gong med.
7. Stillingane vert finansiert i samband med 1. budsjettsrevisjon 2026.
Røysting:
Innstilling frå kommunedirektøren fall med 18 røyster, mot 15 røyster (AP, SV, SP og R) Forslag frå V, Krf, H og Frp vart vedteke med 18 røyster, mot 15 røyster (AP, Sv, SP og
R) som røysta for SV sitt tilleggsforslag.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.