Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Stord · Saker

Budsjettrevisjon 1 og tertialrapportering 1. tertial 2026

Sak 34/2026 · Kommunestyret 18. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Kommunestyret tek budsjettrevisjonen for 1. tertial til vitande.

2. Kommunestyret godkjenner forslag til budsjettendringar i driftsbudsjettet, og disponerer endra resultat på 0,438 mill. kroner frå disposisjonsfond.

3. Kommunestyret godkjenner auke i investeringsramma for nytt ERP system med 3 325 000 kroner, finansiert med bruk av lån.

4. Kommunestyret godkjenner prøveordning med opptak av 10. mill. kroner i Startlån i Husbanken for vidare utlån til førstegongsetablerarar. I tillegg godkjenner kommunestyret avdrag på lån til vidareutlån med 21,15 mill. kroner, mottak av avdrag på vidare utlån med 9 mill. kroner og bruk av bundne investeringsfond for Startlån med 12,15 mill. kroner.

5. Kommunestyret følgjer opp vedtak frå kommunebudsjett 2026 om tilsetjing av 3 miljøterapeutar ved ungdomsskulane i Stord kommune. Miljøterapeutane skal inngå som ein del av laget rundt eleven i tett samarbeid med skule, heim og hjelpetenester. Finansiering innanfor løyvde midler på totalramma til Oppvekst og Kultur.

6. Kommunestyret bed om at det vert sett opp ei orientering om Hamna i neste møte i Utval for rehabilitering, helse og omsorg.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Mohamed Kallel Forslag 1:

Alternativt forslag til innstillinga i punkt 2:

Kommunestyret godkjenner forslag til budsjettendringar i driftsbudsjettet, og disponerer endra resultat på 0,76 mill. kroner til Hamna kontaktsenter.

Forslag 2:

Tilleggsforslag til innstillinga i sak: 34/26

Nytt punkt 5: Alternativet er at forslaget blir som punkt 3 og forskyve de to siste punktene i innstillingen lengere ned som punkt 4 og 5.

Kommunestyret bevilger 0,75 mill til styrking av kommunen sitt eksisterande arbeid med nærvær, arbeidsmiljø og reduksjon av sjukefråvær. Midlane skal nyttast til målretta tiltak i einingar med særleg høgt sjukefråvær og belastning, mellom anna arbeidsmiljøtiltak, kompetanseheving, og andre tiltak som kan bidra til auka nærværTiltaka vert finansierte gjennom omprioriteringar innanfor den samla budsjettrevisjonen for 1. tertial 2026.

Grunngjeving

Tertialrapporten viser aukande behov innan helse og omsorgstenestene, samstundes som sjukefråvær framleis er ei utfordring i delar av organisasjonen. For å lykkast med både førebygging og økonomisk berekraft bør kommunen prioritere styrking av lågterskeltilbod innan rus og psykisk helse. Hamna Kontaktsenter spelar ei viktig rolle i dette arbeidet gjennom å tilby tidleg støtte, sosial deltaking og oppfølging til menneske i sårbare livssituasjonar. Ei styrking av tilbodet kan bidra til betre livskvalitet for innbyggjarane, redusert behov for kostbare tenester og mindre press på helse og omsorgssektoren på sikt.

Raudt meiner at budsjettrevisjonen i mindre grad styrkjer dei førebyggande tiltaka som kan redusere behovet for meir omfattande og kostnadskrevjande tiltak på sikt. Kommunestyret bør difor nytte ein avgrense del av den økonomiske handlefridomen til å styrkja arbeidet med nærvær og arbeidsmiljø. Eit målretta nærværsarbeid kan bidra til lågare sjukefråvær, betre kontinuitet i tenestene, auka trivsel blant dei tilsette og reduserte kostnader for kommunen.

Forslagene omfattar samla 1,5 mill. kroner og vert finansiert innanfor rammene av den samla budsjettrevisjonen. Det krev ikkje nye lån eller auka underskot. I eit driftsbudsjett på over 1,6 milliardar kroner utgjer dette om lag 0,09 % av kommunen sine samla driftsutgifter.

Raudt meiner dette er ei realistisk, ansvarleg og framtidsretta prioritering som styrkjer både førebygging, arbeidsmiljø og kvaliteten i dei kommunale tenestene.

Gaute Straume Epland Endringsforslag frå Stord AP:

5. Kommunestyret bed om at det vert sett opp ei orientering om Hamna i neste møte i Utval for rehabilitering, helse og omsorg.

Øyvind Kyvik Endringsforslag frå H, Krf, Frp og V:

1. Kommunestyret tek budsjettrevisjonen for 1. tertial til vitande.

2. Kommunestyret godkjenner forslag til budsjettendringar i driftsbudsjettet, og disponerer endra resultat på 0,438 mill. kroner frå disposisjonsfond.

3. Kommunestyret godkjenner auke i investeringsramma for nytt ERP system med 3 325 000 kroner, finansiert med bruk av lån.

4. Kommunestyret godkjenner prøveordning med opptak av 10. mill. kroner i Startlån i Husbanken for vidare utlån til førstegongsetablerarar. I tillegg godkjenner kommunestyret avdrag på lån til vidareutlån med 21,15 mill. kroner, mottak av avdrag på vidare utlån med 9 mill. kroner og bruk av bundne investeringsfond for Startlån med 12,15 mill. kroner.

5. Kommunestyret følgjer opp vedtak frå kommunebudsjett 2026 om tilsetjing av 3 miljøterapeutar ved ungdomsskulane i Stord kommune. Miljøterapeutane skal inngå som ein del av laget rundt eleven i tett samarbeid med skule, heim og hjelpetenester. Finansiering innanfor løyvde midler på totalramma til Oppvekst og Kultur.

Røysting:

Forslag frå Kallel (R) 1: fall med 28 røyster mot 5 røyster (Sv, R og UA) Forslag frå Kallel (R) 2, fall med 28 røyster mot 5 røyster (SV, R og UA) Endringsforslag frå H, Krf, Frp og H vart vedteke med 18 røyster mot 15 røyster (AP, SV, SP, R , UA). Endringsforslag frå AP vart samrøystes vedteke som nytt punkt 6.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.