Høyring, NOU 2026:1 En bærekraftig kommunesektor
Vedtak
1. Kommunestyret deler kommisjonen sine vurderingar av at kommunesektoren står ovanfor store og samansette utfordringar, og ser det som tenleg at kommunane får styrkja handlekraft lokalt og redusert statleg detaljstyring. Stord kommune er under press og skal kommunen klara å løysa dei samansette utfordringane framover, må ein arbeida meir tverrsektorielt og finna nye måtar å strukturera arbeidet på.
2. Kommunestyret er opptekne av at det frå statleg hald sikrast ei vidareføring av minstenorm for lærartettleik på skulenivå. Kommunen stør ikkje framlegget om å legga lærarnorma til kommunenivå, men ønsker å ivareta norma på skulenivå. Med ei statleg norm sikrar ein at stat og kommune arbeider mot same mål om å skape og ivareta ein god grunnskulekvardag for born, ungdom og tilsette i heile landet. Lærarnorma sikrar ei stabil og føreseieleg minstebemanning, noko som er avgjerande for å kunna planleggja og gjennomføra undervisninga på ein tilpassa og forsvarleg måte. Samstundes styrkjer norma arbeidskvardagen og gjer læraryrket meir attraktivt. For Stord kommune ville ikkje ei endring av norma hatt økonomisk konsekvens for kommunen, men kommunestyre meinar at behovet for fleksibilitet må løysast gjennom styrka kommuneøkonomi, ikkje ved å gjera det mogeleg å kunna prioritera lågare lærartettleik.
3. Kommunestyret støttar ikkje forslaget om å avvikla kompetansekrava i helse- og omsorgstenesta. Å svekkja desse krava, vil opna for at kommunar kan erstatta faglært personell med ufaglærte i tenester der kvalitet og pasienttryggleik er avgjerande. Samtidig vil kommunestyret understreka at framtidas helsetenester treng mange fleire hender, både faglærte og ufaglærte. Ufaglærte spelar ei viktig rolle i oppgåver som ikkje krev formell helsefagleg kompetanse. Ei berekraftig teneste krev god og tydeleg oppgåvefordeling, der kvar yrkesgruppe får bruka kompetansen sin på rett område. Slik sikrar vi sterke fagmiljø, god ressursbruk og at innbyggjarane får trygge og fagleg solide tenester.
4. Kommunestyret vil løfta fram bekymring kring avløysing av øyremerka midlar til rusarbeid. Utfordringar med rusavhengighet, rusomsorg og støttetiltak er ikkje jamt fordelte i landet. Som regionsenter opplever Stord høgare behov enn andre kommunar for desse tenestene. Dersom søknadsmidlar skal jamnast ut, er det viktig at ein erstattar desse med til dømes innsatsmidlar der behovet er størst.
5. Stord Kommune er sterkt kritisk til den underreguleringa som følgjer av statlege ‘satsingar’. Det har gjennom eit godt tiår etablert seg ein praksis med reformer (td samhandlingsreforma) og satsingar (td barnehage-prisar) frå statleg hald som alle har gode intensjonar, men som vert levert underfinansierte. Dette utholer både tru, evne og måloppnåing på satsingar gjennom at ein opplever at staten og storting innfører
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Trude Aamot Framlegg:
Kommunestyret deler kommisjonen sine vurderingar av at kommunesektoren står ovanfor store og samansette utfordringar, og ser det som tenleg at kommunane får styrkja handlekraft lokalt og redusert statleg detaljstyring. Stord kommune er under press og skal kommunen klara å løysa dei samansette utfordringane framover må ein arbeida meir tverrsektorielt og finna nye måtar å strukturera arbeidet på. Kommunestyret støttar derfor dei foreslåtte endringane, jf. kap. 7, med unntak av fjerning av lærarnorm på skulenivå. Her støttar kommunestyret medlemmet Røsvold sine vurderingar, og går inn for å behalda ei felles nasjonal lærarnorm på skulenivå.
Ingeborg Hageberg Framlegg frå H, FrP, KrF og V:
1. Kommunestyret deler kommisjonen sine vurderingar av at kommunesektoren står ovanfor store og samansette utfordringar, og ser det som tenleg at kommunane får styrkja handlekraft lokalt og redusert statleg detaljstyring. Stord kommune er under press og skal kommunen klara å løysa dei samansette utfordringane framover, må ein arbeida meir tverrsektorielt og finna nye måtar å strukturera arbeidet på.
2. Kommunestyret er opptekne av at det frå statleg hald sikrast ei vidareføring av minstenorm for lærartettleik på skulenivå. Kommunen stør ikkje framlegget om å legga lærarnorma til kommunenivå, men ønsker å ivareta norma på skulenivå. Med ei statleg norm sikrar ein at stat og kommune arbeider mot same mål om å skape og ivareta ein god grunnskulekvardag for born, ungdom og tilsette i heile landet. Lærarnorma sikrar ei stabil og føreseieleg minstebemanning, noko som er avgjerande for å kunna planleggja og gjennomføra undervisninga på ein tilpassa og forsvarleg måte. Samstundes styrkjer norma arbeidskvardagen og gjer læraryrket meir attraktivt. For Stord kommune ville ikkje ei endring av norma hatt økonomisk konsekvens for kommunen, men kommunestyre meinar at behovet for fleksibilitet må løysast gjennom styrka kommuneøkonomi, ikkje ved å gjera det mogeleg å kunna prioritera lågare lærartettleik.
3. Kommunestyret støttar ikkje forslaget om å avvikla kompetansekrava i helse- og omsorgstenesta. Å svekkja desse krava, vil opna for at kommunar kan erstatta faglært personell med ufaglærte i tenester der kvalitet og pasienttryggleik er avgjerande. Samtidig vil kommunestyret understreka at framtidas helsetenester treng mange fleire hender, både faglærte og ufaglærte. Ufaglærte spelar ei viktig rolle i oppgåver som ikkje krev formell helsefagleg kompetanse. Ei berekraftig teneste krev god og tydeleg oppgåvefordeling, der kvar yrkesgruppe får bruka kompetansen sin på rett område. Slik sikrar vi sterke fagmiljø, god ressursbruk og at innbyggjarane får trygge og fagleg solide tenester.
4. Kommunestyret vil løfta fram bekymring kring avløysing av øyremerka midlar til rusarbeid. Utfordringar med rusavhengighet, rusomsorg og støttetiltak er ikkje jamt fordelte i landet. Som regionsenter opplever Stord høgare behov enn andre kommunar for desse tenestene. Dersom søknadsmidlar skal jamnast ut, er det viktig at ein erstattar desse med til dømes innsatsmidlar der behovet er størst.
5. Stord Kommune er sterkt kritisk til den underreguleringa som følgjer av statlege ‘satsingar’. Det har gjennom eit godt tiår etablert seg ein praksis med reformer (td samhandlingsreforma) og satsingar (td barnehage-prisar) frå statleg hald som alle har gode intensjonar, men som vert levert underfinansierte. Dette utholer både tru, evne og måloppnåing på satsingar gjennom at ein opplever at staten og storting innfører
Mohamed Kallel Tilleggsforslag:
6. Kommunestyret vil at neste delutredning tar kommuneøkonomien inn som sitt sentrale tema.
Røysting:
Framlegget frå H, FrP, KrF og V vart vedteke med 25, mot 9 røyster (Ap) som røysta for
eige forslag.
Tilleggsforslag frå Kallel fall med 4 (SV og R) mot 30 røyster.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.