Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Stord · Saker

Overføring av investeringsmidlar Stord kommune frå 2025 til 2026

Sak 20/2026 · Kommunestyret 26. mars 2026 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret vedtek følgjande:

1.Overføring mellom prosjekt blir vedteken etter oppstilling som følgjer i vedlegg til saka. 2.Prosjekt som ikkje er foreslått vidareført utgjer kr 80 291 596, der kr 14 295 894 er mva, kr 300 000 skal tilbakeførast utviklingsfondet. 3.Unytta investeringsramme på kr 104 0850 458 vert overført etter oppstilling vedlagt i saka, der kr 18 229 510 er mva og kr 86 620 948 er lån.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Nils Magne Blålid Framlegg frå SV:

1 1)Prosjektnummer 1141 Forstudie Ytre molo i Leirvik, dersom det står att midlar vert desse overført til nedbetaling av gjeld. 2)Prosjektnummer 1147 Utvikling av Leirvik Hamn, kr 600.000, overførast til nedbetaling av gjeld. Grunngjeving:

Stord si gjeld er for høg. Realismen i Djupavikprosjektet vurderer kommunestyret som urealistisk. Det er eit betre tiltak å redusere kommuna si gjeld.

3)Prosjektnummer 4516: Solceller kommunale bygg. Investeringsramme på kr 13.846.735 skal overførast til 2026, og gjennomførast snarast. Grunngjeving: Straumprisane vil vere høge framover. På sikt vil investeringa medføre reduserte utgifter til strøm, og det kan vere positivt også i forhold til beredskap med kortreist energikjelde.

Røysting:

SV punkt 1. fall med 24 røyster, mot 10 (7 AP, SV og R)

SV punkt 2. fall med 24 røyster, mot 10 (7 AP, SV og R)

SV punkt 3. fall med 29 røyster, mot 4 (SV og R)

Formannskapet sitt framlegg vart samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.