Hopp til innhold
Søndag 22. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Åseral · Saker

Søknad om tilskott til etablering av hydraulikkrom og investering i verkstedkran - Fasseland mekaniske verksted

Sak 18/26 · Kommunestyret 7. mai 2026 · Behandlet

Vedtak

Åseral kommune løyver Fasseland mekaniske verksted tilskot til etablering av hydraulikkrom og traverskran på inntil kr 377 000. Dette utgjer 20 % av eit godkjent tilskotsgrunnlag på kr 1 886 000.

Kommunestyret gjer unntak frå regelverket §8 då søkjar er ein vesentleg næringsaktør som skaper store lokale ringverknader, med fleire tilsette i kommunen, investeringa bidreg til at verksemda kan drive meir effektivt og kommuneplanen legg vekt på:

• å støtte opp under eksisterande næringsliv

• å bidra til lokal verdiskaping og arbeidsplassar

• å leggje til rette for utvikling og vidareutvikling av bedrifter

Det er også eit mål å styrke kompetanse og robuste fagmiljø, samt leggje til rette for berekraftig næringsutvikling i kommunen.

Tilskotet vert finansiert frå kraftfondet. Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis på grunnlag av dokumenterte kostnader og avgrensa til godkjende bygningsmessige tiltak. Utbetaling kan skje forholdsmessig i takt med framdrifta i prosjektet.

Fristen for å gjennomføra det aktuelle tiltaket er løyvingsåret pluss ytterlegare 3 år. Tilskotet er ikkje gyldig før løyvingsbrev med vilkår er signert og returnert.

Kommunedirektøren si innstilling:

Åseral kommune løyver Fasseland mekaniske verksted tilskot til etablering av hydraulikkrom på inntil kr 77 200, avgrensa til dokumenterte bygningsmessige kostnader. Dette utgjer 20 % av eit godkjent tilskotsgrunnlag på kr 386 000.

Tilskotet vert finansiert frå kraftfondet.

Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis på grunnlag av dokumenterte kostnader og avgrensa til godkjende bygningsmessige tiltak. Utbetaling kan skje forholdsmessig i takt med framdrifta i prosjektet.

Fristen for å gjennomføra det aktuelle tiltaket er løyvingsåret pluss ytterlegare 3 år. Tilskotet er ikkje gyldig før løyvingsbrev med vilkår er signert og returnert.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Fellesframlegg:

Åseral kommune løyver Fasseland mekaniske verksted tilskot til etablering av hydraulikkrom og traverskran på inntil kr 377 000. Dette utgjer 20 % av eit godkjent tilskotsgrunnlag på kr 1 886 000.

Kommunestyret gjer unntak frå regelverket §8 då søkjar er ein vesentleg næringsaktør som skaper store lokale ringverknader, med fleire tilsette i kommunen, investeringa bidreg til at verksemda kan drive meir effektivt og kommuneplanen legg vekt på:

• å støtte opp under eksisterande næringsliv

• å bidra til lokal verdiskaping og arbeidsplassar

• å leggje til rette for utvikling og vidareutvikling av bedrifter

Det er også eit mål å styrke kompetanse og robuste fagmiljø, samt leggje til rette for berekraftig næringsutvikling i kommunen.

Tilskotet vert finansiert frå kraftfondet. Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis på grunnlag av dokumenterte kostnader og avgrensa til godkjende bygningsmessige tiltak. Utbetaling kan skje forholdsmessig i takt med framdrifta i prosjektet.

Fristen for å gjennomføra det aktuelle tiltaket er løyvingsåret pluss ytterlegare 3 år. Tilskotet er ikkje gyldig før løyvingsbrev med vilkår er signert og returnert.

Fellesframlegg vart samrøystes vedteke.

Voteringer

  1. Fellesframlegg vartVedtatt

    Enstemmig vedtatt

Dokumenter

Flere saker fra samme møte

Kommunestyret 7. mai 2026.

Siste saker i kommunestyret

Alle saker i kommunestyret → · Folkevalgte i Åseral →

Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.