Søknad om tilskudd til driftsbygning i Bortelid, Knut Repstad
Vedtak
- Kommunestyret gjer unntak frå § 1 Heimel, kapital og avkastning. Grunngjevinga for unntaket er tilskotet kan finansierast via andre kommunale fond.
- Kommunestyret gjer unntak frå regelverket § 3.2 vilkår. Dette gjeld vilkår om at området skal vera regulert til næring. Grunngjevinga er at søkjar er ein vesentleg næringsaktør i kommunen og lagerbygget vil bidra til at verksemda kan drive meir effektivt. I tillegg vil lagerbygget bidra til at uteområdet blir meir ryddig enn det er i dag.
- Åseral kommune løyver Knut Repstad tilskott til oppføring av næringsbygg med kr 597 000 jamfør søknad av 5.8.2025. Dette utgjer 20% av eit godkjent tilskottsgrunnlag på kr 2 987 156. Beløpet blir løyvd frå kraftfondet. Det er ein føresetnad at bygningen blir seksjonert slik som opplyst i søknaden. Andre føresetnader for vedtaket går fram av løyvingsbrev.
Kommunedirektøren si innstilling:
Åseral kommune avslår søknaden frå Knut Repstad om støtte til oppføring av driftsbygning i Bortelid.
Grunngjeving: Søknaden oppfyller ikkje vilkåra i Reglar for kommunale tilskot til næringslivet:
• Det aktuelle området er ikkje regulert til næringsføremål
• Fondsmidlane, inkludert budsjetterte avsetningar for inneverande år, er alt bundne opp gjennom vedtak.
Formannskapet vurderer at det ikkje ligg føre særskilte grunnar for å gjera unntak frå regelverket, jf. § 8.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Fellesframlegg:
Formannskapet si innstilling til kommunestyret:
- Kommunestyret gjer unntak frå § 1 Heimel, kapital og avkastning. Grunngjevinga for unntaket er tilskotet kan finansierast via andre kommunale fond.
- Kommunestyret gjer unntak frå regelverket § 3.2 vilkår. Dette gjeld vilkår om at området skal vera regulert til næring. Grunngjevinga er at søkjar er ein vesentleg næringsaktør i kommunen og lagerbygget vil bidra til at verksemda kan drive meir effektivt. I tillegg vil lagerbygget bidra til at uteområdet blir meir ryddig enn det er i dag.
- Åseral kommune løyver Knut Repstad tilskott til oppføring av næringsbygg med kr 597 000 jamfør søknad av 5.8.2025. Dette utgjer 20% av eit godkjent tilskottsgrunnlag på kr 2 987 156. Beløpet blir løyvd frå kraftfondet. Det er ein føresetnad at bygningen blir seksjonert slik som opplyst i søknaden. Andre føresetnader for vedtaket går fram av løyvingsbrev.
Fellesframlegg vart samrøystes vedteke.
Voteringer
- Fellesframlegg vartVedtatt
Enstemmig vedtatt
Dokumenter
Flere saker fra samme møte
Kommunestyret 11. desember 2025.
- 53/25Vurdering av skjønnsmessig tilbakebetaling av innkrevde oppmålingsgebyr for 2020 og 2021
- 52/25Temaplan idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet
- 51/25Vurdering av fysisk aktivitet i arbeidstida – folkehelseperspektiv og økonomiske prioriteringar
- 50/25Samarbeidsavtale - Setesdal interkommunalt politisk råd
- 49/25Åseral kommune sin uttale – forslag til redusert nedre grense i grunnrenteskatten og naturressursskatten for vasskraft
- 48/25Handlings - og økonomiplan 2026 - 2029
- 47/25Budsjettendringar 2025 - Investering
- 46/25Budsjettendringar 2025 - Drift
Siste saker i kommunestyret
- 4. nov. 2026Samarbeid om tilsyn med spreidde avløpsanlegg
- 4. nov. 2026Delegering av mynde - konsesjonslova §9A
- 15. okt. 2026Budsjettkontroll 2. tertial 2026
- 15. okt. 2026Søndagsopne butikkar - vurdering av Åseral som typisk turiststad
- 15. okt. 2026Eigarskapsmelding 2026
- 15. okt. 2026Delegering av mynde - konsesjonslova §9A
Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.