Søknad om støtte til næringsbygg i Bortelid – TT Næringsbygg AS
Vedtak
- Kommunestyret gjer unntak frå § 1 Heimel, kapital og avkastning. Grunngjevinga for unntaket er tilskotet kan finansierast via andre kommunale fond.
- Kommunestyret gjer unntak frå regelverket § 3.2 vilkår om at området skal vera regulert til næring. Grunngjevinga er at søkjar er ein vesentleg næringsaktør i kommunen og lagerbygget vil bidra til at verksemda kan drive meir effektivt. I tillegg vil lagerbygget bidra til at uteområdet blir meir ryddig enn det er i dag.
- Kommunestyret gjer unnatak frå regelverket § 3.2 vilkår, krav om at søkaren skal ha forretningsadresse i Åseral. Grunngjevinga for unntaket er at selskapet har omfattande verksemd i kommunen, investeringa skjer her, og det store talet lokalt tilsette.
- Åseral kommune løyver TT Næringsbygg AS tilskott med inntil kr 515 000 til investeringar i nytt driftsbygg i Bortelid jamfør søknad datert 5.8.2025. Dette utgjer 15% av eit godkjent tilskottsgrunnlag på kr 3 426 885. Grunngjevinga for dette er at kommunen ikkje løyver næringsstøtte til kvilerom. Beløpet blir løyvd frå kraftfondet. Det er ein føresetnad at bygningen blir seksjonert som opplyst i søknaden. Andre føresetnader går fram av løyvingsbrev.
Kommunedirektøren si innstilling:
Åseral kommune avslår søknaden frå TT Næringsbygg AS om tilskot til driftsbygning i Bortelid.
Grunngjeving: Søknad oppfyller ikkje vilkåra i reglar for kommunale tilskott til næringslivet:
• Søkjar har ikkje forretningsadresse i Åseral.
• Området er ikkje regulert til næringsformål
• Fondsmidlane for 2025 er allereie disponerte
Formannskapet vurderer at det ikkje ligg føre særskilte grunnar for å gjera unntak frå regelverket, jf. § 8.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Fellesframlegg:
Formannskapet si innstilling til kommunestyret:
- Kommunestyret gjer unntak frå § 1 Heimel, kapital og avkastning. Grunngjevinga for unntaket er tilskotet kan finansierast via andre kommunale fond.
- Kommunestyret gjer unntak frå regelverket § 3.2 vilkår om at området skal vera regulert til næring. Grunngjevinga er at søkjar er ein vesentleg næringsaktør i kommunen og lagerbygget vil bidra til at verksemda kan drive meir effektivt. I tillegg vil lagerbygget bidra til at uteområdet blir meir ryddig enn det er i dag.
- Kommunestyret gjer unnatak frå regelverket § 3.2 vilkår, krav om at søkaren skal ha forretningsadresse i Åseral. Grunngjevinga for unntaket er at selskapet har omfattande verksemd i kommunen, investeringa skjer her, og det store talet lokalt tilsette.
- Åseral kommune løyver TT Næringsbygg AS tilskott med inntil kr 515 000 til investeringar i nytt driftsbygg i Bortelid jamfør søknad datert 5.8.2025. Dette utgjer 15% av eit godkjent tilskottsgrunnlag på kr 3 426 885. Grunngjevinga for dette er at kommunen ikkje løyver næringsstøtte til kvilerom. Beløpet blir løyvd frå kraftfondet. Det er ein føresetnad at bygningen blir seksjonert som opplyst i søknaden. Andre føresetnader går fram av løyvingsbrev.
Fellesframlegg vart samrøystes vedteke.
Voteringer
- Fellesframlegg vartVedtatt
Enstemmig vedtatt
Dokumenter
Flere saker fra samme møte
Kommunestyret 11. desember 2025.
- 53/25Vurdering av skjønnsmessig tilbakebetaling av innkrevde oppmålingsgebyr for 2020 og 2021
- 52/25Temaplan idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet
- 51/25Vurdering av fysisk aktivitet i arbeidstida – folkehelseperspektiv og økonomiske prioriteringar
- 50/25Samarbeidsavtale - Setesdal interkommunalt politisk råd
- 49/25Åseral kommune sin uttale – forslag til redusert nedre grense i grunnrenteskatten og naturressursskatten for vasskraft
- 48/25Handlings - og økonomiplan 2026 - 2029
- 47/25Budsjettendringar 2025 - Investering
- 46/25Budsjettendringar 2025 - Drift
Siste saker i kommunestyret
- 4. nov. 2026Samarbeid om tilsyn med spreidde avløpsanlegg
- 4. nov. 2026Delegering av mynde - konsesjonslova §9A
- 15. okt. 2026Budsjettkontroll 2. tertial 2026
- 15. okt. 2026Søndagsopne butikkar - vurdering av Åseral som typisk turiststad
- 15. okt. 2026Eigarskapsmelding 2026
- 15. okt. 2026Delegering av mynde - konsesjonslova §9A
Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.