Interkommunal UNESCO-satsing i oppvekst – samarbeidsavtale, organisering og finansiering
Vedtak
1. Kommunestyret godkjenner samarbeidsavtalen om interkommunal UNESCO-satsing i oppvekst, med verknad frå 1. januar 2027.
2. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjere mindre administrative presiseringar som ikkje endrar føremålet, den økonomiske ramma eller kommunane sine vesentlege plikter.
3. Valle kommune sitt årlege bidrag skal innarbeidast i budsjett og økonomiplan. Endringar utover årleg deflatorjustering skal leggjast fram for kommunestyret.
4. Samarbeidet skal evaluerast etter to heile driftsår. Evalueringa skal mellom anna omfatte aktivitet, måloppnåing, økonomi og organisering.
5. Kommunestyret meiner at den interkommunale UNESCO-satsinga i oppvekst er eit sentralt tiltak for å ivareta og vidareføre den immaterielle kulturarven i Setesdal, som er innskriven på UNESCO si representative liste. Kommunestyret oppmodar Agder fylkeskommune om å medverke til langsiktig finansiering av satsinga som ein del av det regionale ansvaret for oppfølging av denne kulturarven.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 94/2026 den 22.10.2026:
Handsaming:
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.