Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Retningslinjer for tilkobling til kommunalt vass- og avlaupsnett

Sak 80/2026 · Kommunestyret 24. september 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Kommunestyret vedtek KS sine Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup, administrative føresegner, 2. utgåve 2017, som utfyllande vilkår for kommunale vass- og avlaupstenester i Valle kommune. Gjeldande lov og forskrift går føre ved eventuell motstrid. Vilkåra gjeld frå vedtaksdato.

2. Kommunestyrevedtak 66/22 står ved lag som lokal særføresegn for direkte tilkopling til kommunale trykkleidningar. Føresegna skal nyttast etter dei same tekniske kriteria i heile kommunen.

3. Kommunedirektøren får fullmakt til å innarbeide vilkåra i kommunen sine rutinar og gjere ikkje-prinsipielle oppdateringar som følgjer av endringar i lov, forskrift eller den nasjonale standarden.

4. Valle kommune skal ha det økonomiske og praktiske ansvaret for pumpekummar i dei tilfella der slike er nødvendige for tilknyting til kommunalt VA-anlegg. Ansvaret skal gjelde likt i heile kommunen, og på same vilkår som fastsett i sak 66/2022.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 80/2026 den 24.09.2026:

Handsaming:

Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.