Kommuneplanens samfunnsdel og arealstrategi 2026-2038. Endeleg vedtak.
Vedtak
I medhald av plan- og bygningslova § 11-15 blir kommuneplanens samfunnsdel og arealstrategi 2026-2038 for Valle kommune vedteken.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 74/2026 den 24.09.2026:
Handsaming:
Tilleggsframlegg frå Gunvor Åkre:
• Tradisjonell lokal bruk av heia skal ikkje gjerast vanskelegare enn nødvendig. Tiltak for å ta vare på villrein og natur må i størst mogleg grad rettast mot den ferdsla og aktiviteten som skaper belastninga, framfor å innføre generelle restriksjonar for lokalbefolkninga.
• Det skal skiljast mellom lokal tradisjonell bruk og auka turistferdsel på heiene. Tiltak for å styre ferdsel skal først og fremst rette seg mot den samla belastninga frå turisme, arrangement og kommersiell aktivitet. Ein skal leggje tilrette for lokalbefolkninga sin bruk av heia.
• Valle skal ha ein tydeleg besøksstrategi. Besøksforvaltninga skal bidra til at turistar og anna ferdsel vert kanalisert til område som toler aktiviteten. Målet skal vere å styre ferdsla, ikkje å byggje ut stadig nye område for å take imot meir ferdsel. Kanalisering av ferdsel skal vere eit viktig verkemiddel for å skjerme sårbar natur. Informasjon, skilting, parkering, stiar og andre tiltak skal brukast aktivt for å leie ferdsla bort frå sårbare område og viktige villreinområde.
• Landbruket skal ha gode og føreseielege arealvilkår. Dyrka og dyrkbar jord, beiteområde, støylar, utmarksbeite og nødvendige landbruksareal skal sikrast for framtidig drift.
• Arealplanlegginga skal styrkje lokal matproduksjon og beredskap. Jord, beite, utmark og andre ressursar som er viktige for lokal matproduksjon og sjølvforsyning, skal takast vare på. Arealplanlegginga skal byggje på kunnskap og føre-var-prinsippet.
• Kommunen skal ha ein tydeleg politikk for å ta vare på naturen som ressurs for framtidige generasjonar. Arealforvaltninga skal ha ei generasjonsperspektiv. Den skal vere eit grunnlag for landbruk, beredskap, biologisk mangfald og livskvalitet.
Utsetjingsframlegg frå Malmfrid N. Homme:
Kommunestyret utset saka og bed kommunedirektøren vurdere og innarbeide forslag frå representant Åkre i planen.
Røysting over utsetjingsframlegget:
5 røysta for (Malmfrid N. Homme, Gunvor Åkre, Kim Pedersen, varaordførar og Knut Erik Paulsen) 9 røysta i mot (Knut Olav Tveiten, Frøydis Junge, Georg Sørmo, Jørgen Solbakk, Knut Hagen, Kristin Nomeland, Kjell Ove Tveiten, Hildeborg Homme og ordførar)
Røysting over tilleggsframlegg frå Gunvor Åkre:
4 røysta for (Malmfrid N. Homme, Gunvor Åkre, Kim Pedersen og varaordførar). 10 røysta i mot (Knut Olav Tveiten, Knut Erik Paulsen, Frøydis Junge, Georg Sørmo, Jørgen Solbakk, Knut Hagen, Kristin Nomeland, Kjell Ove Tveiten, Hildeborg Homme og ordførar)
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.