Søknad om alminneleg skjenkebevilling 2026 - 2028, Bjørgum gard
Vedtak
Bjørgum Gard, org.nr. 915256325, får innvilga søknad om alminneleg skjenkebevilling etter alkohollova §§ 1-6, 1-7 og 4-2. Søknaden gjeld alkoholhaldig drikk gruppe I og II. Skjenkebevillinga gjeld fram til 30.09.2028. Med heimel i alkohollova § 1-7c vert det gjeve dispensasjon frå kravet om stedfortredar. For bevillinga gjeld følgjande:
• Løyvehavar: Bjørgum Gard, org.nr. 915256325.
• Type verksemd: Gardsrestaurant/serveringsverksemd «Bondens Bord».
• Skjenkestad: Bjørgum Gard, Bjørgevegen 25, 4748 Rysstad.
• Styrar for bevillinga: Mona Våge Bjørgum.
• Det vert gjeve dispensasjon frå kravet om stedfortredar etter alkohollova § 1-7c.
• Skjenkeareal inne: Gamlestova, om lag 30 m².
• Skjenkeareal ute: Avgrensa område ved terrasse og gapahuk slik det går fram av innsend skisse.
• Skjenkearealet omfattar ikkje tun, parkeringsareal eller andre område utanfor dei omsøkte og avgrensa areala. Vilkår
• Bevillingshavar skal ha skriftleg internkontrollsystem i samsvar med alkoholforskrifta kapittel 8 og Alkoholpolitisk handlingsplan for Valle kommune.
• For tilsette skal alkohollova, alkoholforskrifta, kommunen sitt bevillingsvedtak og verksemda sitt internkontrollsystem vere tilgjengeleg.
• Internkontrollsystem og dokumentasjon på årleg gjennomgang av internkontrollen skal leggjast fram ved førespurnad frå kommunen.
• Bevillingshavar skal melde frå til Valle kommune om planlagde arrangement seinast 10 dagar før arrangementet blir gjennomført. Meldinga skal minst innehalde dato, tidspunkt og type arrangement. Dersom arrangementet blir planlagt mindre enn 10 dagar før gjennomføring, skal melding sendast så snart arrangementet er fastsett. Meldingsplikta gjeld arrangement som omtala i Alkoholpolitisk handlingsplan for Valle kommune.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 79/2026 den 24.09.2026:
Handsaming:
Ordførar og varaordførar bad kommunestyret ta stilling til gildskapen. Ordførar og varaordførar fråtrådde møtet. Kommunestyret valde Kim Pedersen som setjemøteleiar for behandling av saka. Kim Pedersen leia møtet under behandling og vedtak i saka. Kommunestyret fann at tilknytinga til søkjaren var slik at båe var ugilde etter forvaltningslova § 6, andre ledd. Ordførar og varaordførar vart samrøystes kjend ugilde.
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.