Frisklivsarbeid i Valle kommune - oppfølging av verbalvedtak om frisklivssentral
Vedtak
1. Valle kommune vidarefører og vidareutviklar frisklivsarbeidet innanfor eksisterande helse- og omsorgstenester, og opprettar ikkje eigen frisklivssentral eller nye stillingar knytt til dette på noverande tidspunkt.
2. Arbeidet skal særleg byggje vidare på styrking av fysioterapitenesta, lågterskeltilbod innan psykisk helse, kosthaldsprosjekt gjennom LMT Setesdal og samarbeid med frivillig sektor.
3. Kommunen skal synleggjere eksisterande frisklivs- og lågterskeltilbod betre gjennom informasjon på kommunen sine nettsider og i anna informasjonsarbeid.
4. Administrasjonen vurderer at eventuelle behov for vidare utvikling av frisklivsarbeidet også må sjåast i samanheng med arbeidet knytt til prosjektet «Framtidas eldreomsorg», og dersom moglegheitsstudiet syner behov for eit meir formalisert frisklivstilbod, vil dette verte nærare utgreidd i den samanhengen.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Handsaming i Kommunestyret av sak 62/2026 den 18.06.2026:
Handsaming:
Innstilinga frå levekårutvalet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.