Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Valle · Saker

Etablering av næringsbygg i kommunal regi - vurderingar kring eit heileigd kommunalt aksjeselskap

Sak 70/2026 · Kommunestyret 18. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Valle kommune legg til grunn at tilgang til eigna næringsbygg og næringsareal er ein sentral føresetnad for næringsutvikling, etablering av arbeidsplassar og vidare verdiskaping i kommunen.

2. Kommunestyret meiner det ligg føre ein marknadssvikt knytt til etablering og finansiering av næringsbygg i Valle kommune, særleg som følgje av at byggekostnader ofte overstig marknadsverdi og finansieringsgrunnlag i den lokale eigedomsmarknaden.

3. Kommunestyret legg til grunn at kommunen i særlege tilfelle kan vurdere kommunal medverknad i etablering av næringsbygg der marknaden ikkje leverer tilfredsstillande løysingar åleine.

4. Kommunestyret meiner at eit heileigd kommunalt aksjeselskap framstår som ein aktuell og eigna modell for eventuell etablering og drift av næringsbygg, jf. juridisk vurdering frå Advokatfirmaet PwC AS datert 22.05.2026.

5. Kommunestyret understrekar at denne saka er prinsipiell og ikkje inneber vedtak om etablering av selskap, investering, tomteoverføring eller bygging av konkrete næringsbygg.

6. Kommunestyret legg til grunn at eventuell vidareføring av arbeid med næringsbygg må byggje på:

-dokumentert marknadssvikt -dokumentert etterspurnad -marknadsmessige vilkår -realistisk finansiering -akseptabel økonomisk risiko -tilstrekkeleg langsiktige leigeavtalar -tilfredsstillande utleigegrad

7. Kommunestyret legg vidare til grunn at kommunen ikkje skal etablere ordningar som verkar konkurransevridande eller unødig fortrengjer private initiativ i marknaden.

8. Før eventuell ny sak om etablering av aksjeselskap eller investering skal det liggje føre:

-dialog med aktuelle finansinstitusjonar -vurdering av marknadsleige frå uavhengig aktør -kartlegging av aktuelle leigetakarar og deira betalingsevne -vurdering av forpliktande intensjons- eller leigeavtalar -forretningsplan og marknadsaktørvurdering -vurdering av økonomisk risiko, inkludert tomgangsrisiko, renterisiko og berekraft ved ulike scenario Kommunedirektøren får fullmakt til å arbeide vidare med marknadsdialog og nødvendige avklaringar, og eventuelt leggja fram ny sak for kommunestyret dersom det ligg føre tilstrekkeleg konkret og økonomisk berekraftig grunnlag for vidare realisering.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Handsaming i Kommunestyret av sak 70/2026 den 18.06.2026:

Handsaming:

Innstilinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.